Emner: TYS115 Grunnemne i tysk språk II - Vår 2022




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningsspråk

 Tysk

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Emnet består av to delar. Den eine delen er eit kurs i tysk grammatikk og tek føre seg bruken av tyske modalverb og verbalsyntaks (dei infinitte verbformene, konjunktiv og passiv) som ein treng for å uttrykke seg komplekst og skriftspråkleg på tysk. Den andre delen er eit basiskurs i lydlære (fonetikk/fonologi).

Læringsutbyte

 Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

 Det blir tilrådd at studentane har bestått TYS105 eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS115 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS113, TYS113-F eller med TYS635.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstilbodet omfattar forelesingar, øvingskollokvium og førebuingspakke. Alle deler føreset aktiv deltaking frå studentane

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Det er oppmøteplikt til 75% av forelesingane.

I løpet av semesteret skal det skrivast to korte øvingsoppgåver, ein i grammatikk og ein i lydlære.

Alle arbeidskrava må vere godkjende av faglærer i same semester før ein kan gå opp til skriftleg eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

 Eksamen er ein 4 timars skriftleg skuleeksamen.

Eksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Einspråkleg tysk-tysk ordbok.

Karakterskala

 Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum omfattar sentrale element i tysk grammatikk, lydlære og øvingsoppgåver.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

 Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no

Institutt