Bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium tilbyd ei rad emne som alle har hovudfokus på den spanskspråklege delen av Latin-Amerika. Tre hovuddisiplinar går inn i studiet: (1) språk, (2) litteratur og (3) historie og kulturkunnskap. Undervisninga i spesialiseringsfaget går føre seg på spansk.
Studiet har både eit praktisk og eit teoretisk siktemål: Det skal leggja til rette for å øva opp språklege evner og utvikla forståinga av lingvistiske, kulturelle og litterære fenomen. På den måten er det både reiskapsfag for utdanning til yrke som krev solide kunnskapar om Latin-Amerika, og eit grunnlag for vidare fordjuping innan dei ulike forskingsfelta i latinamerikastudiet.Studiet gjev også grunnleggjande kunnskapar om Spania.
Spansk språk og latinamerikastudium kan med utbyte kombinerast med andre språkfag, allmenn litteraturvitskap, lingvistikk, historie, sosialantropologi, samanliknande politikk, medievitskap eller geografi. Kombinasjonar som femner om utdanning frå andre fakultet, eller frå institusjonar utanfor universitetet, er òg moglege.
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
Ferdigheiter
Kandidaten
Generell kompetanse
Kandidaten
Det er sterkt tilrådd å ta desse emna første semester:
· EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)
· EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)
· SPLA100 (10 stp.)
For nokre studentar, til dømes studentar som alt har tatt eitt eller fleire av desse emna, kan det vere ønskjeleg å byte det et ut med eit anna emne. I slike høve er det viktig å ta kontakt med studierettleiar.
EX.PHIL., Examen philosophicum, haust, 10 stp.
EX.FAC., Examen facultatum, haust, 10 stp.
SPLA107, Spansk grammatikk I, vår, 10 stp.
SPLA108, Latinamerikansk litteratur I, vår, 10 stp.
SPLA109, Latinamerikansk historie, vår, 10 stp.
SPLA117, Spansk grammatikk II, haust, 10 stp.
SPLA118, Latinamerikansk litteratur, haust, 10 stp.
SPLA119, Kultur og samfunn i Latin-Amerika, haust, 10 stp.
To av emna:
SPLA207, Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar, vår, 10 stp.
SPLA208, Fordjuping i latinamerikansk litteratur, vår, 10 stp.
SPLA209 Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap, vår, 10 stp.
og eitt av emna:
SPLA257, Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar med bacheloroppgåve, vår, 10 stp.
SPLA258, Fordjuping i latinamerikansk litteratur med bacheloroppgåve, vår, 10 stp.
SPLA259, Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap med bacheloroppgåve, vår, 10 stp.
SPLA107, Spansk grammatikk I, vår, 10 stp.
SPLA108, Latinamerikansk litteratur I, vår, 10 stp.
SPLA109, Latinamerikansk historie, vår, 10 stp.
SPLA117, Spansk grammatikk II, haust, 10 stp.
SPLA118, Latinamerikansk litteratur, haust, 10 stp.
SPLA119, Kultur og samfunn i Latin-Amerika, haust, 10 stp.
To av emna:
SPLA207, Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar, vår, 10 stp.
SPLA208, Fordjuping i latinamerikansk litteratur, vår, 10 stp.
SPLA209 Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap, vår, 10 stp.
og eitt av emna:
SPLA257, Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar med bacheloroppgåve, vår, 10 stp.
SPLA258, Fordjuping i latinamerikansk litteratur med bacheloroppgåve, vår, 10 stp.
SPLA259, Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap med bacheloroppgåve, vår, 10 stp.
I tillegg til ex.phil., ex.fac. og spesialiseringa inneheld programmet 70 frie studiepoeng. Merk at introduksjonsemnet SPLA100 blir rekna med i dei frie studiepoenga.
I dei frie studiepoenga kan studenten velje emne som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Ta gjerne kontakt med studierettleiar om tilrådde valemne.
Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:
1. semester (haust)
2. semester (vår)
3. semester (haust)
4. semester (vår)
For å oppretthalde kontinuitet i spanskopplæringa tilrår vi å ta 200-nivå i det 4. semesteret. Studentar som tek frie studiepoeng i eit fag med oppstart på våren, tek 200-nivå i det 6. semesteret.
To av tre emne:
Eitt av tre emne:
Ein kan ikkje ta både SPLA207 og SPLA257 eller både SPLA208 og SPLA258 eller både SPLA209 og SPLA259.
5. semester (haust)
6. semester (vår)
Eit utvekslingsopphald ved eit spanskspråkleg universitet er ein forventa og fagleg tilrådd del av studiet. Utvekslinga går normalt føre seg i det femte eller sjette semesteret. Ein kan òg velje å vere på utveksling eit heilt år.
Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet. Det blir gitt informasjon om utvekslingsopphaldet gjennom informasjonsmøte og rettleiing i løpet av studietida.
Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på
Gjennom ulike undervisingsformer får studentane høve til å studere og tileigne seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.
Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.
For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.
Rettleiing per e-post/telefon blir ikkje gitt.
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Rettleiing per e-post/telefon blir ikkje gitt.
Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.
Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.
For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Med eit karaktersnitt på C i spesialiseringa kvalifiserer programmet for opptak til masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium ved UiB.
Studentar som planlegg å ta PPU, må sørge for å få dekka opptakskrava i løpet av studiet sitt. Informasjon finn ein på
Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.
Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Tlf 55 58 93 70
Litteraturliste finn ein på det einskilde emnet si nettside. Litteraturlista skal være klar innan 01.06 for haustsemesteret, og innan 01.12 for vårsemesteret.
NB: Merk at det ikkje finst litteraturlister til alle emne i nokre emne skal studentane til dømes sjølv velje litteratur i samråd med lærar eller rettleiar.