Bachelorprogrammet i spesialpedagogikk ved Universitetet i Bergen byggjer på fagområda spesialpedagogikk, pedagogikk og psykologi, for å gje eit breitt fagleg fundament for å kunne arbeide systemretta og individorientert med tenester for barn og unge med ulike føresetnader for læring. Som sjølvstendig utdanning skal eit bachelorprogram i spesialpedagogikk også kunne kvalifisere til å arbeide med spesialpedagogiske problemstillingar i opplæringssektoren. Studieprogrammet gir mellom anna innsikt i og forståing av ulike kartleggingstilnærmingar som inngår i spesialpedagogisk verksemd. Gjennom studiet får kandidatane kunnskap om lovverk og andre styringsdokument som regulerer det spesialpedagogiske arbeidet. Studiet har som mål å gje studentane innsikt i korleis faget utviklar seg og korleis dei på ein profesjonell måte kan bidra til vidareutvikling av spesialpedagogisk praksis. Studieprogrammet skal også kunne gje grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).
I starten av studiet blir det lagt vekt på å gje studentane grunnleggande kjennskap til ulike delar av det spesialpedagogiske kunnskapsfeltet; innføring i spesialpedagogikk og ulike perspektiv på læring; generell utviklingspsykologi og språkutvikling. Seinare i studiet får studentane kjennskap til og innsikt i læring og åtferdspsykologi; observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis, lese- og skrivevanskar og forskingsmetode. I siste del av studiet skal studentane få kunnskap om og mogelegheit til å reflektere over spesialpedagogisk yrkesutøving i eit profesjonsteoretisk perspektiv, samt at dei skal fordjupe seg i eit sjølvvalt tema gjennom arbeidet med bacheloroppgåva. Undervegs i studiet inngår 100 timar deltakende observasjonspraksis, og arbeids- og vurderingsformene på ulike emne vil reflektere både ei praktisk og teoretisk tilnærming.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten ..
Ferdigheiter
Kandidaten ..
Generell kompetanse
Kandidaten ..
Generell studiekompetanse
I tillegg må du levere gyldig
EXPHIL-PSSEM/EXPHIL-PSEKS (10 stp)
SPED100 Innføring i spesialpedagogikk (15 stp)
PSYK114 Utviklings, kognitiv og biologisk psykologi (15 stp)
PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 stp)
SPED101 Språkutvikling (15 stp)
SPED102 Observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis (15 stp)
PSYK207 Læring og atferdspsykologi (15 stp)
PED210 Vitskapelege metodar (15 stp)
SPED200 Profesjonstenking - lovverk og etikk i teori og praksis (15 stp)
SPED250 Bacheloroppgåve i spesialpedagogikk (15 stp)
SPED211 Lese- og skrivevanskar (5 stp)
Studiet gjer ei spesialisering i spesialpedagogikk, som består av desse emna:
SPED101 - Språkutvikling (15 stp)
SPED102 - Observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis (15 stp)
SPED200 - Profesjonstenkning - lovverk og etikk i teori og praksis (15 stp)
SPED250 - Bacheloroppgåve i spesialpedagogikk (15 stp)
PED210 - Vitskapelege metodar (15 stp)
SPED211 - Lese- og skrivevansker (5 stp)
PED112 - Pedagogiske perspektiv på læring (15 stp)
PSYK114 - Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi (15 stp)
PSYK207 - Læring og atferdspsykologi (15 stp)
1. semester:
SPED100 Innføring i spesialpedagogikk (15 stp)
PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 stp)
2. semester:
SPED101 Språkutvikling (15 stp)
PSYK114 Utviklings, kognitiv og biologisk psykologi (15 stp)
3. semester:
SPED102 Observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis (15 stp)
PSYK207 Læring og atferdspsykologi (15 stp)
4. semester:
EXPHIL-PSSEM/EXPHIL-PSEKS (10 stp)
PED210 Vitskapelege metodar (15 stp)
SPED211 Lese- og skrivevanskar (5 stp)
5. semester:
Valemne (30 stp)
6. semester:
SPED200 Profesjonstenking - lovverk og etikk i teori og praksis (15 stp)
SPED250 Bacheloroppgåve i spesialpedagogikk (15 stp)
På bachelorprogrammet i spesialpedagogikk er det fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt 5. semester og tar 30 valfrie studiepoeng i eit anna land. Det er viktig å reise på utveksling for å få nye perspektiv og erfaringar frå ein anna kultur og eit anna universitet. UiB og Det psykologiske fakultet har mange gode avtaler å velje mellom og du kan sjølv velge om du vil reise på utveksling til universitet i Norden, Europa eller til land utanfor Europa som er særleg relevant for deg som studerer spesialpedagogikk. Vi kan til dømes anbefale universitet i USA, Canada, Australia, Sør-Afrika, New Zealand, Danmark, Storbritannia, Nederland og Spania.
Fagmiljøet i spesialpedagogikk held til i Christies gate 12 som er hovudbygget til Det psykologiske fakultetet. Det er óg her du vil tilbringe mesteparten av tida di som bachelorstudent.
All undervisning i bachelorstudiet vil i utgangspunktet skje fysisk på campus. Einskilde emne vil ha noko digital undervisning. Studiet er ikkje eigna som fjernstudium då mykje av undervisninga legg opp til obligatorisk fysisk oppmøte.
Undervisninga vert normalt sett saman av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper, og det vert lagt vekt på studentaktive læringsformer, mellom anna bruk av digitale læringsressursar og tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet. Som del av undervisningsmetodar inngår det også ein praksiskomponent i bachelorprogrammet.
Studiet er bygd opp av desse elementa:
Forelesingar
Seminar
Deltakande observasjonspraksis i opplæringssektoren
Sjølvstudium
Bacheloroppgåve
Alle studentorganisasjonane ved Det psykologiske fakultetet er samla under Psykologisk studentforening (PSF). Vi har eit eige Fagutval for pedagogikk, spesialpedagogikk og logopedi som skal være eit bindeledd mellom studentane og leiinga ved fakultetet.
Emna som inngår i det tilrådde studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F)
Fullført bachelorgrad i spesialpedagogikk kvalifiserer for opptak til master i spesialpedagogikk og master i pedagogikk ved UiB. Studiet kan òg kvalifisere for opptak til andre masterstudium ved Det psykologiske fakultet.
Føresett at obligatoriske logopediemne vert tatt som valemne, kan studentar med bachelor i spesialpedagogikk vere kvalifisert til opptak for master i logopedi ved UiB.
Studiet kan kvalifisere for opptak til master i spesialpedagogikk ved andre lærestader.
Bachelor i spesialpedagogikk gir deg moglegheit for jobb på område der kompetanse innan læring og utvikling hos born, ungdom og vaksne med særskilte behov er relevant, til dømes innanfor tenester innan opplæringssektoren, samt innanfor kriminal- og rusomsorg, helse- og sosialsektoren, omsorgsboliger, arbeidsinkludering, kultursektoren eller andre delar av velferdsforvaltninga.
Med bachelor i spesialpedagogikk er du mellom anna kvalifisert til å søke stillingar som:
Bachelor i spesialpedagogikk gir aktuell kompetanse for rådgjeving- og utviklingsarbeid i skule og barnehage. Den kvalifiserer vanlegvis ikkje til undervisningsstilling som spesialpedagog med mindre du også har ei barnehagelærar- eller lærarprofesjonsutdanning i fagkretsen din.
Søkjarar til utdanningar der studentar kan komme i kontakt med mindreårige som ein del av klinisk undervisning eller praksis, skal leggje fram politiattest som nemnt i politiregisertelova § 39 første ledd i samband med opptak.
Studentar på bachelorprogrammet i spesialpedagogikk skal bli vurdert om dei er skikka under heile studiet, jf. forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.