Studieprogram: BASV-GOV Bachelorprogram i politikk og forvaltning - Vår 2023




Namn på grad

Bachelor i politikk og forvaltning.

Omfang og studiepoeng

Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Politikk og forvaltning er eit spesialisert statsvitskapleg fag og eit samanliknande studie av politikk, forvaltning og organisasjon. Faget byggjer i stor grad på ei teoretisk orientert og empirisk basert forsking om formelle organisasjonar. Fokus er særleg retta mot utforminga og iverksetjinga av offentleg politikk, korleis innhaldet og organiseringa av denne politikken blir til, og kva for konsekvensar dette har. Demokratiteoriar og teoriar om organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk utgjer sentrale referanserammer for faget. Viktige tema er det normative grunnlaget for teoriane, korleis dei blir utvikla og endra, og kva for verknad dette har.

Gjennom bachelorstudiet lærer studentane å utføre sjølvstendige analysar av organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk. Det blir lagt vekt på samanhengen mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innføringsemne

Innføringsemne/førstesemesterstudiet i bachelorprogrammet er ex.phil. og GOV100 (kan erstattast av andre innføringsemne ved UiB/ andre lærestader).

Obligatoriske emne

GOV101, MET102, GOV104, GOV215 og GOV251

Spesialisering

90 studiepoeng

Rekkefølgje for emne i studiet

Instituttet tilrår:

Delstudium i utlandet

Du kan reise på utveksling som del av graden din i politikk og forvaltning. Det finst mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet har fleire samarbeidsavtaler i mange land og regionar. Blant moglegheitene er studiar i Norden og Europa gjennom Nordplus og Erasmus+ ordningane, eller du kan reise til eit anna kontinent gjennom ei av UiB sine mange bilaterale avtalar.

Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser og planar. Normalt reiser ein ut i eit eller to semester og nyttar frie studiepoeng, men det er også mogleg å ta utveksling som erstatning for fag i spesialiseringa. Sjå instituttets nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt vere sett saman av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper, i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av heimeeksamen og skriftleg skuleeksamen.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i politikk og forvaltning kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i politikk og forvaltning ved UiB, og til ein del andre statsvitskaplege masterprogram ved andre norske universitet.

Relevans for arbeidsliv

Gjennomføring av bachelorprogrammet kvalifiserer for arbeid i offentleg sektor, til dømes i statleg verksemd, kommunar og fylkeskommunar. Rekrutteringa til privat sektor er også aukande. Arbeidsoppgåvene er gjerne sakshandsaming, personalspørsmål, utgreiing, leiing og organisasjonsutvikling. Med rett samansetjing av fagemne blir studentane kvalifisert til å undervise i skuleverket.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for studieprogrammet