Studieprogram: MAHF-LAT Masterprogram i latin - Høst 2023




Namn på grad

Master i latin

Omfang og studiepoeng

Studieprogrammet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to år.

Fulltid/deltid

Eit studieprogram normert til 2 år kan etter søknad leggjast til rette for å gjennomførast som eit deltidsstudium i 50 % over 4 år.

Undervisningsspråk

Norsk eller anna skandinavisk språk.

Studiestart - semester

Mål og innhald

Masterstudium i latin representerer ei fagleg fordjuping bygd på latin frå bachelorstudiet.

Masterstudiet i latin skal gje høve til spesialisering tufta på eit breitt oversyn over dei viktigaste fagdisiplinane, og har som føresetnad at dugleiken i latinsk språk stendig vert utvida ut frå kjennskap til romersk kultur og seinare vesteuropeisk kultur. Jamsides filologisk, språkvitskapleg og litteraturvitskapleg spesialisering, vert spesialiseringar innanfor ulike historiske disiplinar (t.d. politisk historie, filosofihistorie, idéhistorie) godkjende i den mun oppgåva legg skriftlege kjelder på latin til grunn.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten..

Dugleikar

Kandidaten..

Generell kompetanse

Kandidaten..

Opptakskrav

Masterprogrammet i latin byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i latin, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Andre bachelorgradar som kvalifiserer:

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Obligatoriske emne

Desse emna er obligatoriske:

LAT301 Latin tekstpensum I (15 sp)
LAT307 Særpensum (15sp)
LAT308 Latin: Teori og metode med prosjektførebuing (15sp)
LAT350 Latin mastergradsoppgåve (60 sp)

Tilrådde valemne

LAT303 Valemne (15 sp)

GRE101 Gresk elementærkurs (15 sp)

RET102 (15p)

ANT202 (15p)

ARK103 (15p)

KUN121 (15p)

FIL120 (10p)

FIL122 (5p)

HIS101 (15p)

LINGMET (15 sp)

Omfang masteroppgåva

Mastergradsoppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider.

 

Rekkefølgje for emne i studiet

Eit masterprogram i latin kan sjå slik ut:

1. semester:

LAT301- Latin tekstpensum (15 sp)

LAT303- Valemne (15 sp)

2. semester:

LAT307 - Særpensum (15p)

LAT308 - Latin: Teori og metode med prosjektførebuing (15sp)

3. og 4. semester:

LAT350- Latin mastergradsoppgåve (60 sp)

Krav til progresjon i studiet

Normalprogresjon er 30 studiepoeng i semesteret.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet.

Nærare informasjon hos studierettleiar.

Arbeids- og undervisningsformer

Masterprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Undervisningsmetodar

Masterprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Mastergradsoppgåve med avsluttande munnleg prøve. Skriftlege og munnlege eksamenar og semesteroppgåver. For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan gje grunnlag for vidare ph.d.-utdanning i latin. Dette krev gjennomgåande gode karakterar på studiet.

Relevans for arbeidsliv

Latinstudiet er ei oppøving i tolking av framande kulturuttrykk, det legg vekt på ei nøyaktig og analytisk tilnærming til stoffet og har praktisk forståing som mål. Det gjev eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, t.d. innan informasjons- og kommunikasjonsarbeid, offentleg forvalting, undervisning, reklame, journalistikk og ei rekkje former for skribent- og tekstarbeid.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret for klassisk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Fagomtale

Den latinske litteraturen oppstod i det tidlege Romarriket (oml. 200 f. Kr.) og utvikla seg opp gjennom antikken, mellomalderen og heilt inn i tidleg moderne tid. Det var såleis Vest-Europas dominerande litterære og vitskaplege språk frå antikken og opp til det 18. årh. Ein grunnleggjande kjennskap til latin vil difor vere ein nyttig bakgrunn for alle humanistiske fag som har å gjere med perioden før oml. 1800. Vidare gir det ein god språkhistorisk basis for studiet av dei romanske og andre europeiske språk og for studiet av allmenn språkvitskap. Ein meir inngåande kjennskap til latin vil setje ein i stand til å arbeide direkte med mangslungne tekstar frå europeisk kultur i antikken, mellomalderen og tidleg moderne tid.

På bachelornivå har studenten tileigna seg dei grunnleggjande kunnskapane i latinsk språk som trengst for eit studium av litterære tekstar frå antikk og mellomalder. Studenten har også lese tekstar innan dei viktigaste litteraturgenrane og tileigna seg dei kunnskapane i antikk, mellomalderleg (og ev. tidleg moderne) litteratur- og kulturhistorie som trengst for å kunne sette tekstane inn i sin historiske samanheng.

På masternivå skal ein først auka den generelle kunnskapen om latinsk litteratur frå ulike genrar og tidsperioder ved å lese eit tekstpensum som er valt ut for å utfylle det studenten har lese tidlegare (LAT301 og 303). Det blir no stilt større krav enn på bachelornivå når det gjeld å kunne forstå tekstane og på eiga hand innhente kunnskap i samband med lesinga. LAT303 er eit valemne i mastergraden og kan, dersom studenten ønskjer det, bytast ut med eit teoretisk emne: LITTEHF eller LINGMET, eller med GRE101. Studentar som vel eit anna emne enn LAT303 må hugse å eksamensmelde seg i det aktuelle emne.

Andre emne, som helst skal studerast i andre semester, skal gi studenten dei kunnskapar i vitskapleg metode som han treng for å kunne skrive masteroppgåva (LAT304), gjere han meir kjend med den tekstgruppa som oppgåva skal handle om og med tidlegare forsking i denne (LAT305), samt gjere det mogeleg å utarbeide ei prosjektskisse som skal leggjast fram til diskusjon (LAT306). Studenten skal dessutan i alle dei fire semester som studiet varer ta del i faggruppas metode- og oppgåveseminar, med gradvis auka krav til aktiv medverking.

Arbeidet med masteroppgåva står i sentrum under studiet, og skal gjerast under individuell rettleiing (LAT350). Studenten skal her gjere bruk av og dokumentere sine latinske språkkunnskapar, andre relevante forkunnskapar og sitt metodiske handlag. Temaet kan gjelde litterære tekstar, innskrifter, historiske dokument osv. frå antikk mellomalder eller tidleg moderne tid. Problemstillinga kan vere av språk- eller litteraturvitskapleg art (eller nærme seg religionshistorie, resepsjonshistorie osv.), men det er studiet av tekstar som skal vere grunnlaget.

Emneoversikt

LAT301 Latin tekstpensum I, 15sp. Semester: VÅR/HAUST*. Byggjer på emne på 100- og 200 nivå.

LAT303 Valemne, 15sp. Semester: VÅR/HAUST. Byggjer på emne på 100- og 200 nivå.

LAT304 Metodekurs, 10sp. Semester: VÅR/HAUST.

LAT305 Særpensum, 10sp. Semester: VÅR/HAUST. Byggjer på emne på 100- og 200 nivå

LAT306 Prosjektførebuing, 10sp. Semester: VÅR/HAUST.

LAT350 Masteroppgåve, 60sp. Semester: VÅR/HAUST.

* Dersom ressursane tillet det.

Opptaksgrunnlag

Studiet byggjer på fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning teken i Noreg eller utlandet. Bachelorstudiet må omfatte ei spesialisering i latin på minst 90 sp. Viss du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 sp spesialisering/fordjuping, kan dette bli akseptert som opptaksgrunnlag. Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i latin på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i latin (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Metode

Filologiske studiar av tekstar på originalspråket er sjølve grunnlaget. Det kan gjelde litterære eller faglitterære tekstar, innskrifter, historiske dokument osv. Men ettersom dei problema som masteroppgåva er konsentrert om kan vere av språkvitskapleg, litteraturvitskapleg, historisk, religionshistorisk, resepsjonshistorisk (osv.) karakter, blir også andre metodar relevante.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid som viser forståing, refleksjon og modning. Oppgåva skal vise at du kan arbeide med og tolke eit tekstleg kjeldemateriale, er fortruleg med vitskapleg metode og meistrar litteratursøking og bruk av forskingslitteratur og tekstbasar. Arbeidet med masteroppgåva står i sentrum under studiet og skal utførast under individuell rettleiing. Du skal her gjere bruk av og dokumentere latinske språkkunnskapar, andre relevante forkunnskapar og metodisk handlag. Temaet kan gjelde litterære tekstar, innskrifter, historiske dokument og så vidare frå antikk mellomalder eller tidleg moderne tid. Problemstillinga kan vere av språk- eller litteraturvitskapleg art (eller nærme seg religionshistorie, resepsjonshistorie osv.), men det er studiet av tekstar som skal vere grunnlaget.

Oppbygging av studiet

Eit masterprogram i latin kan sjå slik ut:

1. semester:

LAT301- Latin tekstpensum 15 sp

LAT303- Valemne 15 sp

2. semester:

LAT304- Metodekurs 10 sp

LAT305- Særpensum 10 sp

LAT306- Prosjektførebuing 10 sp

3. og 4. semester:

LAT350- Masteroppgåve 60 sp

sp= studiepoeng

Fageining og spesialisering

Det krevst at ein i bachelorgraden har teke 90 studiepoeng i latin, blant dei alle emna på 100-nivå (LAT101-105) eller tilsvarande godkjende emne, og to valfrie emne på 200-nivå (LAT202-254).

Yrkesvegar

Ein mastergrad i latin vil kvalifisere for arbeid innafor skolesektoren og forskingsinstitusjonar på høgare nivå, og til dømes til forlag, aviser og kulturformidling. Det vil dessutan gi eit godt allment grunnlag for alle verksemder der ein verdset avansert språkleg kompetanse, kritisk-analytisk evne og innsikt i dei lange linene i den europeiske kulturhistoria.

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret.

Ta kontakt for informasjon.

Meir informasjon

studere.uib.no/sprak
studierettleiar@lle.uib.no / 55 58 23 95