Studieprogram: MAHF-LÆHR Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitenskap - Høst 2023




Namn på grad

Master i historie - integrert praktisk-pedagogisk utdanning

Master i religionsvitskap - integrert praktisk-pedagogisk utdanning

Omfang og studiepoeng

Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap har eit omfang på 300 studiepoeng og er normert til 5 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisninga i fag I (historie eller religionsvitskap) vil oftast vere på norsk, men kan også vere på engelsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skolen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i historie eller religionsvitskap (fag I) og eitt anna universitetsfag (fag II) med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.

Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.

Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skolen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn. Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring.

Studiet skal gi ei god innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk og om skulefaga. Programmet fremjar og dugleikar for praktisk yrkesutøving.

Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap gir fordjuping i korleis kultur og samfunn har utvikla seg gjennom ulike tider. Begge faga bidrar med stadig nye og kritiske innfallsvinklar for å forstå endringar i samfunnet og kulturen. Dette gjeld til dømes politikk, økonomi, religion, kunst og kultur, familieliv, kjønn, krigføring og etikk i fortid og samtid. Historiefaget gir brei kunnskap om og innsikt i viktige sider ved samfunnsutviklinga, i og utanfor Noreg, i eldre og moderne tid. Religionsvitskap er eit samanliknande, krysskulturelt fag, samtidig som det utforskar lange linjer i religionane si utvikling. Med røter i både dei humanistiske og samfunnsorienterte vitskapane, er historie- og religionsfaga viktige i norsk skole. Faga bidrar mellom anna til felles referanserammer, kritisk refleksjon, fleirkulturell kompetanse og demokratisk danning. I det siste året arbeider ein med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid skrive under rettleiing.

Som det andre faget i utdanninga (fag II) vel ein eitt av faga historie, religionsvitskap, sosiologi, nordisk, engelsk, fransk, spansk språk og latinamerikastudium eller tysk. Alle desse faga har òg eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lektorutdanningsprogrammet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten

Ferdigheiter
Studenten

Generell kompetanse
Studenten

Opptakskrav

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Innføringsemne

Det første semesteret på Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap er sett saman slik:

- http://www.uib.no/nb/emne/EXPHIL-HFSEMEXPHIL-HFSEM/http://www.uib.no/nb/emne/EXPHIL-HFEKSEXPHIL-HFEKS, Examen philosophicum, 10 stp (obligatorisk)
-http://www.uib.no/emne/PEDA111PEDA120, Skulen og lærarrolla, 10 stp (obligatorisk)

Og eitt av følgjande tre emne:
- http://www.uib.no/emne/EXFAC00SKEXFAC00SK, Språk og kommunikasjon, 10 stp
- HIS100, Innføring i historie, 10 stp
- RELV100, Religion, kultur og samfunn, 10 stp

Obligatoriske emne

I programmet inngår obligatoriske emne i fag I, fag II, fagdidaktikk og pedagogikk. Desse emna er spesifiserte under «Rekkjefølgje for emne i studiet».

Studiet omfattar 100 dagar praksis fordelt over fire av studieåra som er knytt til profesjonsfaget, fag I og fag II. Aktivitetar knytte til praksis er obligatoriske. Sjå emneplan for praksis.

På masterstudiet skal studenten skrive ei masteroppgåve med eit omfang på normalt 70-110 sider, med ein påfølgande munnleg eksamen. Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Emnet for masteroppgåva kan hentast frå alle disiplinar i fag I, inkludert fagdidaktikk. Det er gjort nærare greie for masteroppgåvearbeidet i eigne emneplanar.

Tilrådde valemne

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester: haust

Førstesemesterstudiet

- http://www.uib.no/nb/emne/EXPHIL-HFSEMEXPHIL-HFSEM/http://www.uib.no/nb/emne/EXPHIL-HFEKSEXPHIL-HFEKS, Examen philosophicum (10 stp)

- https://www.uib.no/emne/HIS100HIS100 (10 stp) eller https://www.uib.no/emne/RELV100RELV100 (10 stp) eller http://www.uib.no/nb/emne/EXFAC00SKEXFAC00SK, Språkkunnskap (10 stp)

- https://www.uib.no/emne/PEDA120PEDA120, Skulen og lærarrolla (10 stp)

- https://www.uib.no/emne/KOPRA101KOPRA101, 12 dagar praksis

2. semester: vår

- Fag I 100-nivå, 30 stp.

Historie: https://www.uib.no/emne/HIS101HIS101 (15 stp) og https://www.uib.no/emne/HIS102HIS102 (15 stp)

Religionsvitskap: http://www.uib.no/nb/emne/FRAN101RELV101 (15 stp), https://www.uib.no/emne/RELV105RELV105 (15 stp)

3. semester: haust

- Fag I, 100-nivå, 20 stp:

Historie: https://www.uib.no/emne/HIS120HIS120 (5 stp) og eitt av emna https://www.uib.no/emne/HIS108HIS108/https://www.uib.no/emne/HIS113HIS113/https://www.uib.no/emne/HIS114HIS114/https://www.uib.no/emne/HIS115HIS115/https://www.uib.no/emne/HIS116HIS116 (15 stp)

Religionsvitskap: https://www.uib.no/emne/RELV102RELV102 (15 stp), https://www.uib.no/emne/RELV103LRELV103L (5 stp)

- Fagdidaktikk i fag I: https://www.uib.no/emne/RELDI111RELDI111 eller https://www.uib.no/emne/HIDID111HIDID111 (5 stp)

- https://www.uib.no/emne/PEDA121PEDA121 (5 stp.)

- https://www.uib.no/emne/KOPRA102KOPRA102 (8 dagar praksis)

4. semester: vår

- Fag II 100-nivå, 30 stp.

Historie: https://www.uib.no/emne/HIS101HIS101 (15 stp) og https://www.uib.no/emne/HIS102HIS102 (15 stp)

Religionsvitskap: http://www.uib.no/nb/emne/RELV101RELV101, http://www.uib.no/nb/emne/RELV105RELV105

Engelsk: https://www.uib.no/emne/ENG110ENG110 (15 stp), https://www.uib.no/emne/ENG125ENG125 (15 stp)

Fransk: https://www.uib.no/emne/FRAN120FRAN120 (10 stp), https://www.uib.no/emne/FRAN121FRAN121 (10 stp), https://www.uib.no/emne/FRAN122FRAN122 (10 stp)

Spansk: https://www.uib.no/emne/SPLA107SPLA107, https://www.uib.no/emne/SPLA108SPLA108, https://www.uib.no/emne/SPLA109SPLA109

Tysk: https://www.uib.no/emne/TYS105TYS105 (10 stp), https://www.uib.no/emne/TYS106TYS106 (10 stp), https://www.uib.no/emne/TYS107TYS107 (10 stp)

Nordisk: https://www.uib.no/emne/NOLI102NOLI102, https://www.uib.no/emne/NOSPAN101NOSPAN101

Sosiologi: https://www.uib.no/emne/SOS101SOS101, https://www.uib.no/emne/MET102MET102

5. semester: haust

Fag II 100-nivå, 20 stp.

Historie: http://www.uib.no/nb/emne/HIS120HIS120 (5 stp) og eitt av emna https://www.uib.no/emne/HIS108HIS108/https://www.uib.no/emne/HIS113HIS113/https://www.uib.no/emne/HIS114HIS114/https://www.uib.no/emne/HIS115HIS115/https://www.uib.no/emne/HIS116HIS116 (15 stp)

Religionsvitskap: http://www.uib.no/nb/emne/RELV102RELV102, http://www.uib.no/nb/emne/RELV103LRELV103L

Engelsk: https://www.uib.no/emne/ENG122ENG122 (15 stp), ENG120L (5 stp) - erstattar ENG107 fra haust 2023.

Fransk: https://www.uib.no/emne/FRAN123FRAN123 (10 stp), https://www.uib.no/emne/FRAN124FRAN124 (10 stp)

Spansk: https://www.uib.no/emne/SPLA117SPLA117 (10 stp) og https://www.uib.no/emne/SPLA119SPLA119 (10 stp)

Tysk: https://www.uib.no/emne/TYS115TYS115 (10 stp), https://www.uib.no/emne/TYS116TYS116 (10 stp)

Nordisk: https://www.uib.no/emne/NOLI103-LNOLI103-L,https://www.uib.no/emne/NOSP105NOSP105

Sosiologi: https://www.uib.no/emne/SOS103-LSOS103-Log https://www.uib.no/emne/SOS105-LSOS105-L eller https://www.uib.no/emne/SOS113-LSOS113-L

- Fagdidaktikk i fag II: https://www.uib.no/emne/HIDID111HIDID111, https://www.uib.no/emne/RELDI111RELDI111, https://www.uib.no/emne/SAKDI101SAKDI101, https://www.uib.no/emne/ENGDI101ENGDI101, https://www.uib.no/emne/FRANDI101FRANDI101, https://www.uib.no/emne/SPANDI101SPANDI101, https://www.uib.no/emne/TYSDI101TYSDI101 eller https://www.uib.no/emne/NODI101NODI101 (5 stp)

- https://www.uib.no/emne/PEDA122PEDA122 (5 stp)

- https://www.uib.no/emne/KOPRA103KOPRA103 (12 dagar praksis)

6. semester: vår

- Fag I 200-nivå, 15 stp

Historie: https://www.uib.no/emne/HIS203HIS203 (15 stp)

Religionsvitskap: Valemne i religionsvitskap på 200-nivå (RELV202-RELV238) (15 stp) ellerhttps://www.uib.no/emne/RELVI250RELVI250 (15 stp).

Merk: alle emne på 200-nivå i religionsvitskap kan veljast i 6. semester i utdanningsplanen

- Fagdidaktikk i fag I: https://www.uib.no/emne/HIDID112HIDID112 eller https://www.uib.no/emne/RELDI112RELDI112 (5 stp)

- Fag II 200-nivå, 10 stp med bacheloroppgåve

Historie: https://www.uib.no/emne/HIS250LHIS250L

Religionsvitskap: https://www.uib.no/emne/RELVI250LRELVI250L

Engelsk: https://www.uib.no/emne/ENG261ENG261 eller https://www.uib.no/emne/ENG263ENG263

Fransk: https://www.uib.no/emne/FRAN254FRAN254 eller https://www.uib.no/emne/FRAN255LFRAN255L

Tysk: https://www.uib.no/emne/TYS251LTYS251L eller https://www.uib.no/emne/TYS256TYS256

Spansk: https://www.uib.no/emne/SPLA257SPLA257

Nordisk: https://www.uib.no/emne/NOLI250-LNOLI250-L eller https://www.uib.no/emne/NOSP256-LNOSP256-L

Sosiologi: https://www.uib.no/emne/SOS202-LSOS202-L

- Mogeleg å reisa på utveksling

7. semester: haust

-Fag I 300-nivå, 25 stp:

Historie: https://www.uib.no/emne/HIS301LHIS301L (15 stp.), https://www.uib.no/emne/HIS302LHIS302L (10 stp.)

Religionsvitskap:https://www.uib.no/emne/RELV301RELV301 15 stp, https://www.uib.no/emne/RELV302LRELV302L, 10 stp

- Fagdidaktikk i fag II: https://www.uib.no/emne/HIDID112HIDID112, https://www.uib.no/emne/RELDI112RELDI112, https://www.uib.no/emne/SAKDI111SAKDI111, https://www.uib.no/emne/ENGDI111ENGDI111, https://www.uib.no/emne/FRANDI111FRANDI111, https://www.uib.no/emne/SPANDI111SPANDI111, https://www.uib.no/emne/TYSDI111TYSDI111 eller https://www.uib.no/emne/NODI111NODI111 (5 stp)

- https://www.uib.no/emne/LAPRA101LAPRA101 (28 dagar praksis)

8. semester: vår

- Fag 1 300-nivå, 10 stp

Historie: https://www.uib.no/emne/HIS303LHIS303L (10 stp.)

Religionsvitskap:https://www.uib.no/emne/RELV309RELV309 (10 stp)

- Fagdidaktikk i fag I: https://www.uib.no/emne/HIDID313HIDID313 eller https://www.uib.no/emne/RELDI313RELDI313 (10 stp)

- https://www.uib.no/emne/PEDA123PEDA123 (10 stp)

- https://www.uib.no/emne/LAPRA102LAPRA102 (40 dagar praksis)

9. semester (haust) og 10. semester (vår):

- Fag I 300-nivå

Masteroppgåve, 60 stp: https://www.uib.no/emne/HIS350HIS350, https://www.uib.no/emne/RELV350RELV350

Alle emna i kursdelen av master (totalt 60 stp) må være fullførte før innlevering av masteroppgåva.

Krav til progresjon i studiet

Studenten må ha greidd alle emna i dei seks første semestera, inkludert fagdidaktikk og praksis, for å kunne gå vidare til masternivået i programmet.

Delstudium i utlandet

Studentane vert oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Avtaler som programmet vil trekke fram er Universitetet i Greifswald, Universitetet i Southampton, Universitetet i Bremen, Syddansk Universitet, SOAS (London) og Universitetet i Groningen .

Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå http://www.uib.no/utvekslingwww.uib.no/utveksling

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som metodar knytte til faget. Studenten skal gjennom studiet få møte undervisning i ulike former med ulike typar lærings- og refleksjonsaktivitetar (t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, aksjonsforsking, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy). For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skolen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planlegge og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevar si læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Undervisningsmetodar

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som metodar knytte til faget. Studenten skal gjennom studiet få møte undervisning i ulike former med ulike typar lærings- og refleksjonsaktivitetar (t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, aksjonsforsking, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy). For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skolen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planlegge og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevar si læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Vurderingsformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer, til dømes skriftleg og munnleg eksamen, heimeeksamen, semesteroppgåve og mappevurdering. Sjå emneplanane for nærare opplysningar.

Karakterskala

Det vert nytta to karakterskalaer:

Sjå emneplanane for nærare opplysningar.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan gi grunnlag for doktorgradsstudium i relevante program.

Relevans for arbeidsliv

Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap kvalifiserer for tilsetjing på trinn 8-13 i den norske skolen. Lektorutdanninga gir grunnlag for undervisning i to fag og kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudium.

Evaluering

Programmet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet).

Programansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Programrådet for lektorutdanning har eit overordna koordinerande ansvar.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

lektor@hf.uib.no

lektor@hf.uib.no

Tlf. 55 58 93 82