Emnet er obligatorisk i ein bachelorgrad i arkeologi.LæringsmålEmnet tek sikte på å gje: 1) Ei allmenn innføring i jeger- og sankarsamfunn i tid og rom2) Innsikt i metodar som kan kasta lys over problem med datering og fortolking av dei tidlegaste samfunna av denne typen.3) Ei allmenn innføring i utviklinga av jordbruk og jordbruksøkonomi4) Ei innføring i tidleg metallbruk, i utvikling av hierarkiske samfunn og urbanisering, og i materielle uttrykk som kan knytast til ideologien i slike samfunn.5) Ei oversikt over den samfunnsmessige utviklinga fram til slutten av bronsealderen.Fagleg innhaldEmnet handlar om dei tidlegaste menneska si biologiske og kulturelle utvikling under den eldste steinalderen frå omtrent 3 millionar år sidan fram til det moderne mennesket. Her blir den globale spreiinga av jegerar-sankarar frå Afrika til Europa, Asia, Australia og Amerika følgd. Vidare fokuserer emnet på seinpaleolittikum og mesolittikum i Europa og Norden med spesiell vekt på koloniseringa av Norden. Også seinare tider sine jegerar-sankarar og deira samhandling med tidlege jordbrukssamfunn blir tatt opp. Sosiale og kulturelle sider av desse tidlege samfunna vert vektlagt, som teknologi og økonomisk organisering.Emnet tar vidare opp framveksten av jordbruk i Midtausten, med utbreiing og transformasjonar i Middelhavsområdet via Søraust-Europa til Norden. Spreiinga vidare til Nildalen og Nord-Afrika, respektive det indiske subkontinent blir òg fokusert på. Dei ulike typane av jordbruksøkonomi og den sosiale og kulturelle organisasjonen til dei første jordbrukarane blir beskrive og diskutert.
Vidare belyser emnet utviklinga av hierarkiske samfunn, frå tidlege urbane samfunn, bystatar og imperia i Midtausten og Middelhavsområdet til framveksten av komplekse hierarkiske samfunn i Sentral- og Nord-Europa under sein steinalder og bronsealder. Framveksten av pastoralisme og innflytelsen på seinare neolittiske kulturar i Sentral- og Nord-Europa blir òg tatt opp.
Eit viktig aspekt er framveksten av meir spesialiserte økonomiar, der metall og koppar blir tatt i bruk. Utviklinga av langvegs kontaktar og utveksling av ulike ressursar blir følgd fram til og med dei omfattande utbyttesnettverka under bronsealder.
Måten ideologiar blir uttrykte på blir vektlagd; frå dei tidlegaste indikasjonar på symbolsk åtferd til komplekse symbolske uttrykk i bergkunst og materiell kultur under tida etter den seinaste istid.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:KunnskaparStudenten:
FerdigheiterStudenten:
Generell kompetanseStudenten:
Undervisninga går føre seg i første del av semesteret.
Undervisninga omfattar om lag 15-20 forelesingar. Dersom ressursane tillét det, vert det organisert kollokviegrupper og ekskursjonar.
80% deltaking på undervisninga er obligatorisk.
Materialkurs og oppgåveseminar knytt til emnet har imidlertid 100 % obligatorisk frammøte, og deltaking er ein føresetnad for å kunne ta eksamen i emnet.
Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.