Emner: ELMED214 Innføring i anestesi til kirurgiske pasienter - Vår 2023
Studiepoeng
3.0Undervisningsspråk
Norsk (Dersom ikkje-norskspråklege deltakarar på kurset, kan kurset haldast på engelsk).
Undervisningssemester
Vår, elektiv periode er i januar.
Mål og innhald
Emnet skal gi ei innføring i faget anestesi til kirurgiske pasientar med grunnleggande teoretisk undervisning og gjennomføring av praktiske prosedyrar utført ved simulering og på operasjonstue med pasientar.
Emnet har som mål
- å gje ein innføring i kva anestesi til kirurgiske pasientar inneber
- å gje ein innføring i oversikt over val av utstyr og medikament for gjennomføring av anestesi
- å gjere ein gjennomgang i preoperativ planlegging av, gjennomføring av anestesi på operasjonsstue og postoperativ oppfølging etter avsluttet kirurgi, inkludert en risikovurdering (ASA) før gjennomføring for ein pasient
- å gje en gjennomgang av risiko og pasientsikkerhet knytt til anestesi
- å gje grunnleggande praktisk innføring i nokon vanlege anestesi prosedyrar
- å gje kvar student høve til å følgje ein pasient gjennom ein heil operasjon frå planlegging og til avslutning
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande
læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
KUNNSKAPAR
Forstår grunnleggande prinsipp for anestesi til kirurgiske pasientarFERDIGHEITER
Har gjennomført
Oppsetting og vurdering av pasient-monitorering
- Legging av venekanyle på manikin og pasient
- Oppsetting av en intravenøs infusjon
- Larynxmaske, utført på manikin og v/pasientdemo
- Intubasjon, utført på manikin og v/pasientdemo
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Medisinstudiet
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet består av førelesingar, tid på operasjonsstue , gruppearbeid (teambasert og casebasert læring) og simulator-/manikintrening.
Førelesingar (inkludert kursprøve): 20 timar
På operasjonstue: 8 timar
Gruppearbeid (inkludert presentasjonar) : 10 timar
Simulator-/mankintrening: 8 timar
Sjølvstudium og eigne førebuingar til gruppearbeid og simulatortrening kjem i tillegg.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar.
På operasjonstue.
Gruppearbeid (inkl presentasjonar).
Simulator-/mankintrening.
Tal på deltakarar:
Minimum: 5
Maksimum: 10
Vurderingsformer
Frammøte på obligatorisk undervising/trening
Kursprøve (fleirvalgstest)
Litteraturliste
Tekstbok:
Ræder, Johan: Anestesiologi En innføringsbok. 2. utg. 254 s
m/ett kapittel om Intensivmedisin av Hans Flaatten
Oslo: Gyldendal Akademisk, 2016.
ISBN 978-82-05-49472-5
Kontaktinformasjon
elektiv@med.uib.no
Tlf 55 58 64 00