I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG263 (semesteroppgåve) eller ENG223 (skoleeksamen).
Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i moderne engelsk lingvistikk og å introdusere studentane for lingvistiske teoriar og/eller metodar som kan nyttast til å skildre moderne engelsk (Present- Day English) språk frå eit vitskapleg, lingvistisk perspektiv.
ENG263 er eit valfritt emne i spesialiseringa i engelsk på 200-nivå. Studentar med spesialisering i lingvistikk tek i tillegg til ENG263
- ENG221 (språkhistorie) og
- eit emne i engelsk litteratur og kultur, anten ENG222 eller ENG224.
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har utvikla analytiske ferdigheiter og ei vitskapleg haldning til språket
- har utvikla ei grunnleggjande forståing av ein eller fleire lingvistiske teoriar
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke lingvistiske metodar til å kasta lys over aspekt ved det engelske språket
Generell kompetanse
Studenten
- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar
- kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/118, ENG109/119, ENG122, ENG125 eller tilsvarande.
Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført EXFAC00SK Språkkunnskap, ENG100, ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/118 og ENG109/119 med godt resultat, eller har tilsvarande kunnskapar (jf. Krav til forkunnskapar). For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
For exchange students:Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.
Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Studentane skal levere eit utkast på semesteroppgåva på minimum 500 ord. Det blir gjeve rettleiing (individuelt og/eller i gruppe). Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med semesteroppgåva. Det er obligatorisk å få rettleiing to gonger. Studentane pliktar å halde dei fristane for innleveringar og rettleiing som blir sette av faglæraren. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinjene, misser retten til å ta eksamen i emnet.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Eksamen er ei rettleidd oppgåve på 4500 ord (±10%), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit gitt tema som studentane vel i samråd med faglærar. Tema for oppgåvene blir gitt ved oppstart av undervisningssemesteret. Ved eksamen i påfølgande semester leverer studenten, som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret, den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing..
I tillegg er det ei munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i den rettleidde semesteroppgåva. Oppgåva må vere godkjent før ein kan gå opp til munnleg prøve. Den munnlege prøva får eigen karakter. Munnleg eksamen kan bli digital.
Ved fastsetjing av endeleg karakter for emnet tel semesteroppgåva to tredelar og den munnlege prøva ein tredel. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet.
Semesteroppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.
Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i moderne engelsk lingvistikk.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no