Emner: HIS102 Oversikt over nyere historie fra 1750 - Vår 2023




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Normalt undervises emnet på norsk.

Undervisningssemester

Vår. Undervisninga går føre seg i andre halvdel av semesteret (undervisningsblokk vår 2).

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi oversyn over dei viktigaste utviklingstrekka i norsk og internasjonal historie frå omlag 1750 og fram til i dag.

Emnet er kronologisk oppbygd. Politiske, økonomiske og sosiale endringar utgjer dei tre tematiske tyngdepunkta i emnet.

Emnet vektlegg norsk og europeisk historie, men der prosessar og hendingar òg vert sett inn i globale referanserammer.

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i arbeidsmetodar i historiefaget.

Emnet er obligatorisk i ei spesialisering i historie, og i eit årsstudium i historie.

Her kan du lese utfyllende temaomtale: https://www.uib.no/fag/historie/76338/temaomtale-his102

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Studiepoengsreduksjon

HIS102-1

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gjeven i form av førelesingar (om lag 40-45 undervisningstimar totalt).

Ekstra studentseminar kan verte tilbode om ressursar er tilgjengelege.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne levere og å få vurdert semesteroppgåva, må studenten ha løyst tre sett av fleirvalsoppgåver med spørsmål frå pensum. Nærare opplysningar om krav og fristar vert gjevne ved undervisningsstart.

Godkjende obligatoriske oppgåver er gyldige i inneverande og i to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve på om lag 3000 ord (ikkje medrekna referansar og litteraturliste).

Tema for oppgåva vert gjort kjent tidleg i undervisningsblokka. Frist for levering av oppgåva vil vere ved utgangen av undervisningsblokk vår 2 (slutten av vårsemesteret).

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår og haust (kun skriftleg skuleeksamen i haustsemesteret, jf. avsnitt om vurderingsformer).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1500 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar@ahkr.uib.no

Tlf 555 82300