Emner: HTEK201 Måleteknologi - Vår 2023




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk om kun norskspråklege deltek

Undervisningssemester

Haust og vår.Får og med hausten 2023 vil emnet gå kun haust.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Sjå og informasjon under «Krav til studierett».

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gi inngåande kunnskap i måleteknologi, instrumentering og reguleringsteknikk som grunnlag for å kunne ta i bruk tilhøyrande relevante metodar og teknikkar i forskings- og utviklingsarbeid.

Innhald

Emnet tar opp tema som det generelle målesystem, berekning av måleusikkerhet, beskriving av dynamiske system i tids- og frekvensdomene, inkludert karakterisering av desse. I tillegg inkluderer emnet tema som signal og støy i målesystem, karakteristikkar for mykje nytta sensorelement, tilbakekopla system, samt virkemåte og typiske karakteristikkar for strøymingsmålarar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS114

Studiepoengsreduksjon

PHYS225: 10 SP

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Emnet har et avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Vidare gjeld følgande for tilgang til emnet:

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningen gis i form av førelesningar og rekneøvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Begge vurderingsdeler må være bestått for å kunne få bestått emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

På midtvegseksamen er det tillatt med enkel kalkulator i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. Tidleg eksamen er kun tilgjengeleg for studenter med rett til ny vurdering grunna gyldig fråvær ved avsluttande eksamen i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. Juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskapelege fakultet ved institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studie.htek@uib.no