Målet med MEVI310-emnene er å gje erfaring med forskingsarbeid knytt til aktuelle forskingsprosjekt. Studentane skal ta del i forskingsseminar, teoridiskusjon, metodiske øvingar og formidlingsoppgåver, og slik opparbeide seg djuptgåande innsikt i eit utvald medievitskapleg tema, samt ferdigheiter i prosjektarbeid og analyse.
MEVI310-emnene vert kvart semester knytt til eit konkret forskingsprosjekt ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Prosjekta som emnet vert knytt til kan vere store eksternt finansierte prosjekt, men òg mindre forskingsprosjekt av ulik karakter og eigenart. Prosjekta kan vere empirisk eller teoretisk orienterte, og vil ta føre seg ulike medievitskapelege problemstillingar innan felt som medieestetikk, journalistikk, mediebruk, kommunikasjon, teknologi og kultur, retorikk og strategisk kommunikasjon. Siktemålet med emnet er at studentane skal tileigne seg metodiske og analytiske tilnærmingar, teoretiske kunnskapar og formidlingserfaring gjennom forskingsnær undervisning og prosjektretta aktivitet.
Emnet MEVI310-8 er tilknytta forsking ved instituttet som undersøker korleis media dekker klimarelaterte problemstillingar. Spørsmål som blir utforska er til dømes i kva frames media presenterer klimaproblemstillingar, kva aktørar som dukkar opp i media og med kva argument, viss det slår politisk bias i mediedekninga, og korleis dekninga forandrar seg over tid.
Studenten kommer ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
Ferdigheter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Undervisninga består av forelesningar og gruppearbeid/workshops.
Forelesingane vil gje innsikt i aktuelle forskingsprosjekt som emneansvarleg jobbar med: Korleis dekker medium klimakrisa, kva årsaker og løysingar blir diskuterte i media, kven får ordet i mediedekninga og kva argument får publisitet. På forelesingane vil teoriar, metodar og analysemetodar bli presenterte og diskuterte. Forelesingane vil òg gi introduksjon i forskingsarbeid.
I gruppearbeidet vil studentane i grupper gjennomføre forskingsprosjekt på bakgrunn av relevant teori og empiri. Gruppearbeidet kan til dømes fokusera på kva handlingar som individ kan ta for å senka sitt utslepp av klimagassar som media veljar og dekke, og korleis desse blir framstilte. Eller ein kan velja og analysera kva framstillingar av klimaframtida som media diskuterer. Arbeidet kan innebera å utvikla relevante og nye problemstillingar, utforsking av teoriar, etablering av relevant metode og analyseinstrument, innsamling av materiale, og dessutan å gjennomføra analyse av enten kvantitativ eller kvalitativ art. Gruppearbeidet vore utført under rettleiing og kvar gruppe må gjennomføre plenumspresentasjonar av arbeidet sitt, aktivt delta i plenumsdiskusjonar, og gi tilbakemelding på arbeidet i andre grupper.
Gruppearbeidet er ein obligatorisk aktivitet. Deltaking, skriftleg resultat og presentasjon må bli godkjent for å kunna ta eksamen.