Emner: ARK100 Innføring i arkeologi - Vår 2023




Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Til vanleg norsk eller eit anna skandinavisk språk. Undervisning på engelsk kan førekomme.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gje ei innføring i:

1) arkeologifaget

2) fagets nøkkelomgrep

2) fagets vitskapsteoretiske utvikling og bruk av ulike metodar

3) kunnskapsproduksjon i arkeologifaget

5) arkeologifagets relaterte disiplinar og korleis desse vert nytta

6) forvaltning av kulturminner i ulike periodar og regionar

Emnet gir ei innføring i arkeologifaget og relaterte disiplinar. Eit hovudtrekk i kurset er å gje innsikt i kva arkeologi er, og vise ulike tilnærmingar til faget og disiplinen. Studentane får innsikt i korleis faget har utvikla seg, på bakgrunn av sentrale vitskapsteoretiske strømmingar, faghistorie, grunnleggjande metodiske prinsipp og kritisk tenking. Emnet vil og innehalde ein ekskursjon til kulturminne frå ulike periodar i Bergensregionen.

ARK100 inngår ikkje i ei spesialisering i arkeologi, men vert tilrådd for dei som vil spesialisere seg i arkeologi.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten oppnådd følgjande:Kunnskap

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Normalt ca 8-10 forelesingar. I tillegg til forelesingar som skal tene til å utdjupe og utfylle pensum vert det, dersom ressursane tillét det, organisert kollokviegrupper.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80 % deltaking på undervisninga er obligatorisk. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Fire timars skriftleg eksamen heimefrå, med 1 time teknisk tilleggstid. Svaret skal ha eit omfang på inntil 1500 ord.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta vurderinga greidd/ikkje greidd.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 800-1000 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera faget.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.nostudierettleiar@ahkr.uib.no

studierettleiar@ahkr.uib.no