Emner: BIO102 Organismebiologi 2 - Vår 2023




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å utvikle studentane sin kunnskap i populasjonsøkologi, samfunnsøkologi, økosystem og bevaringsøkologi for prokaryote organismar, planter, sopp og dyr. Gjennom ein kombinasjon av arbeid i felt og undervisning vil studentane få trening i å identifisere artar, og utvikle ei forståing av korleis artar er tilpassa miljøet dei lever i, kva krav dei stiller til miljøet og korleis artane påverkar og er avhengige av kvarandre. I tillegg vil nokon av dei spesielle utfordringane ein har med bevaring av biologisk mangfald i Norden bli diskutert (truga artar og naturtypar, svartelister osb.). Vidare vil emnet innehalde ei innføring i vitskaplege metodar i felt som blir brukt til å studere dei nemnde aspekta.

Emnet vil i tillegg til førelesningar innehalde praktisk undervisning i felt. Ein del av feltkurset vil fokusere på identifisering av artar, kva krav artane har til miljøet og betydninga av mikroorganismar i havet og i jorda. Ein annan del av feltkurset vil fokusere på å lage eit relevant vitskapleg prosjekt som blir gjennomført på feltkurset.

Du kan lese meir om korleis tidlegare studentar si forsking i BIO102 har gitt ny kunnskap om karbonlagring i naturen i Bergen https://www.uib.no/bio/150936/studentforskning-gir-ny-kunnskap-om-karbonlagring-i-naturen-i-bergenher.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BIO100 og BIO101.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Studentar som har emnet som obligatorisk del av graden vil bli prioritert dersom det er fleire søkjarar enn plassar.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og feltkurs

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på feltkurs.

Feltkurset er i veke 34 og 35/35 og 36. Det er obligatorisk å delta på alle dagane på feltkurset. Kontakt instituttet på e-post: studie@bio.uib.no for spørsmål om feltkurset.

Obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i 5 påfølgjande semester.

Eigenandel for deltaking på feltkurs

Studentar på emne som reiser på feltkurs med overnatting må sjølv dekke utgifter til mat og drikke under feltkurset. Av omsyn til reglar og krav om handtering av mat og hygiene må institutt for biovitskap kjøpe mat frå dei ulike overnattingsstadane og studentane kan ikkje ta med eigen mat. Instituttet står derfor for bestilling av mat for alle deltakarane på feltkurset. Studentar betalar ein sum på 100 kroner per døgn for dette. Instituttet dekker utgifter til felles busstransport og losji, i tillegg til kostnader for mat utover 100 kroner per døgn.

Studentar som køyrer eigen bil må melde i frå på e-post studie@bio.uib.no seinast 10 dagar før avreise. I e-posten må det stå kven som køyrer og kven som eventuelt er med som passasjerar i bilen. Instituttet dekker ikkje utgifter for privat transport.

Vurderingsformer

Mappeevaluering, består av seks ulike innleveringar/aktivitetar.

Tre av aktivitetane er obligatoriske for alle studentane (62,5% av karaktergrunnlaget):

1) Artskunnskap: identifisere artar og skrive ein rapport. Det vil bli gitt meir informasjon om denne aktiviteten i slutten av vårsemesteret slik at studentane kan bruke sommaren på å samle inn artar (17,5%)

2) Prosjektoppgåve: samarbeidsprosjekt der alle på gruppa skal delta i innsamling av data og skrive ein rapport (12,5%)

3) Avsluttande quiz (32,5%)

For dei tre resterande aktivitetane skal studentane gjennomføre 3 av 4 aktivitetar (37,5% av karaktergrunnlaget):

1) Faktasjekk: vel ein påstand relatert til klimakrise/naturkrise og vurder denne påstanden (12,5%)

2) Karbonlagring i naturen i Bergen (12,5%)

3) Artar si utbreiing: kort presentasjon av utbreiing av artar og diskusjon om mogleg faktorar som kan forklare det observerte utbreiingsmønsteret (12,5%)

4) Quizoppgåver: lage oppgåver frå pensum til quiz om termar i økologien (12,5%)

Dersom ein student leverer inn alle fire innleveringane er det dei tre innleveringane med høgast poengsum som tel med i mappeevalueringa.

Følgande informasjon om mappeevalueringa vil bli publisert på Mitt UiB og informert om på første førelesning:

Prosess og progresjon inngår ikkje i mappeevalueringa.

Dei ulike innleveringane/aktivitetane i mappeevalueringa er gyldige i 5 påfølgande semester.

Ny vurdering i emnet

Studentar som tidlegare har gjennomført BIO102 kan melde seg opp til ny vurdering i undervisningssemesteret (haust) og ta opp ei eller fleire delar av mappevurderinga. Delar som blir tatt opp igjen må leverast inn som nytt sjølvstendig arbeid og kan ikkje vere ei omskriving av tidlegare innleveringar. Til dømes må ny innlevering om artskunnskaper innehalde heilt nye arter enn tidlegare innleveringar. Den beste presentasjonen på kvar del i mappevurderinga blir brukt til å rekne ut ny karakter.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

BIO111 Zoologi (5 SP), BIO112 Botanikk (5 SP), BIO113 Mikrobiologi (5 SP).

Vurderingssemester

Haust.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for det faglege innhaldet og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogramma og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emne og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Kontakt studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no