Emner: FRAN100 Førstesemesterstudium i fransk - Vår 2023




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningsspråk

Fransk og norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset gjev ei grunnleggjande innføring i fransk språk og kultur og skal danna eit godt grunnlag for vidare studium i fransk.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Emnet er ikkje tilpassa nybyrjarar, men legg til grunn at studenten har kunnskapar som svarer til fransk nivå I eller II frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for FRAN100 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN600 og 5 studiepoeng om det blir kombinert med FRANSK621 ved Universitetet i Bergen.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset går over heile haustsemesteret (12 veker) med normalt 4 timar undervisning i veka. Undervisningsformene vil vera førelesingar kombinerte med øvingar, omsetjingar, lesevurdering, samtaler og liknande.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal halde eit munnleg innlegg på om lag 5 minutt. Nærmare retningslinjer blir gjeve i samanheng med undervisninga.

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av undervisninga (også digital) for å få gå opp til eksamen i emnet.

Vurderingsformer

Ein avsluttande skriftleg eksamen på 4 timar.

Hjelpemiddel til eksamen

Le Petit Robert eller annen fransk-fransk ordbok.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Fløttum/Halvorsen/Lorentzen: Fransk språklære og øvingsbok til denne.

Eit utval litterære tekstar, samt utvalde sakprosatekstar om fransk historie og samfunn.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.noEksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no