Emnet tek for seg nokre sentrale litterære tekstar frå det 17. hundreåret og fram til vår tid. Formålet er å utvikla evna hjå studentane til å lesa og tolka skjønnlitterære tekstar spesielt gjennom øving i litterær analyse, men òg på bakgrunn av kunnskap om litterær teori, dei aktuelle periodane og forfattarane.
I studiet av tekstane vert merksemda i særleg grad retta mot dei litterære og språklege verkemidla, men òg korleis tekstane er knytte til fransk og frankofon kultur.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
(Kunnskap)
Studenten
(Dugleik)
Studenten kan bruka kunnskapane dei har skaffa seg i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane
(Generell kompetanse)
Studenten har ein generell kompetanse i lesing og tekstfortolkning som blant anna kan nyttast i samband med vidare litteraturstudier.
Før undervisninga får studentane tilgang til førebuingsmateriale på læringsplattformen MittUiB med f.eks. introduksjonsvideoer/videoførelesningar, notatar, oppgåver og diskusjonsforum. Undervisninga skjer på ZOOM og føreset at studentane i forkant aktivt har arbeidd med førebuingsmaterialet. Undervisninga følgjer opp videoførelesingane med utdjupande tekstanalyse. Det blir gitt rettleiing i samband med den obligatoriske øvingsoppgåva. I tillegg til den ordinære undervisninga er det tilbod om filmframsyning.
Dersom ressursane tillèt det, blir det halde kollokvier/oppgåveseminar. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av undervisninga på ZOOM for å få gå opp til vurdering i emnet.
I samband med undervisninga skal studentane skriva ei obligatorisk øvingsoppgåve på fransk (ca 1000 ord) under rettleiing av faglærar. Studentane vert oppmoda om å samarbeide om førebuinga av oppgåva. Oppgåvetema vert delt ut rett etter undervisningsstart, med innlevering seks veker seinare. Datoane vert kunngjorde i samband med undervisninga og ved oppslag på nettet. Oppgåva skal vere godkjend før ein kan ta eksamen i emnet.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Tekstpensum:
Omfattar eit utval tekstar frå det 17. til det 21. hundreåret.
Bakgrunnsstoff:
Ein ventar at studentane forbetrar sin kjennskap til fransk litteraturhistorie frå det 17. til det 21. hundreåret. Stoff om dei einskilde forfattarane finst t.d. i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.
I samband med undervisninga får studentane forslag til utfyllande lesing i litterær teori.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06.
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no