Emner: INFO207 Sosial nettverksteori - Vår 2023




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust, kvart oddetalsår. I partallsår benyttes kode INF207.

Mål og innhald

Emnet gir eit oversyn over korleis teoretiske rammeverk frå ulike fagområde kan nyttast til å modellere og analysere komplekse sosiale nettverk. Sosial nettverksteori hjelper oss å forstå strukturen i ulike sosiale nettverk, korleis dei utviklar seg, korleis kommunikasjon i sosiale nettverk går føre seg, og korleis nettverk dannar grunnlag for samhandling. Nettverksomgrepet er sentralt i mange fag, blant anna økonomi, sosiologi, informatikk, informasjonsvitskap og matematikk. Ei tverrfagleg tilnærming til sosiale nettverk gir moglegheit for å analysere fellestrekk ved tilsynelatande ulike fenomen, frå korleis informasjon, meiningar og oppførsel spreiar seg i elektroniske sosiale nettverk til korleis epidemiar og finansielle kriser utviklar seg til korleis søkjemaskinar nyttar lenkene mellom websider for rangering av sider i et websøk. Dei store datamengdene i applikasjonane i dag gjer at effektive algoritmar må nyttast.

Emnet vert undervist i samarbeid mellom Institutt for informasjons- og medievitskap og Institutt for informatikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

Ferdigheit

Kandidaten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

INFO104 eller MNF130 eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

INF207 (10 sp)

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar 2 timar per veke i 12-16 veker. Gruppeøvingar 2 timar per veke i 12-14 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

5 obligatoriske oppgåver må løysast og godkjennast.

Obligatoriske oppgåver må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Dei er gyldige berre eitt semester utover det semesteret dei har blitt godkjende.

Vurderingsformer

Skriftleg fire timar. Ingen hjelpemiddel tillatne

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

studieveileder@ifi.uib.no