Kulturvitskapen studerer dagleglivets kultur, det vil seie førestillingar, trusoppfatningar, verdiar og haldningar som styrer våre handlingar i kvardagen. Emnet gir ei innføring i kulturvitskapens tenkemåte ved å analysera utvalde tema som er sentrale i faget, som til dømes kulturarv, populærkultur, etnistitet og helse. Kulturelle prosessar i samtid og fortid vert presentert og dannar utgangspunkt for diskusjonar om betydinga av kultur i våre liv.
Emnet tar sikte på å gi ei innføring i kulturvitskaplege perspektiv og problemstillingar. Emnet skal gi studentane kunnskapar dei kan byggja på ved seinare studiar i kulturvitskap.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten- har tileigna seg kunnskapar om utvalde kulturelle tema.
- har fått grunnleggjande innsikt i kulturvitskaplege tenkjemåtar.
Ferdigheiter
Studenten- har tileigna seg oversikt over viktige tema i faget og kan skriva ein resonnerande tekst som omhandlar desse tema.
Generell kompetanse
Studenten - kan diskutera faglege tema innafor kulturvitskapen med andre med bakgrunn frå fagområdet.
Forelesingar og seminar.
Det er frivillig å levere inn utkast til semesteroppgåve. Innleveringsfrist blir annonsert på Mitt UiB. Faglærar gir tilbakemelding på innleverte utkast.
Pensum er om lag 800-1000 sider.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.