Mat.inst - instituttrapport 2006 vår

Instituttsledelsens vurderinger

Praktisk gjennomføring

Det praktiske rundt gjennomføringa av undervisninga våren 2006 fungerte tilfredsstillande. Studenttalet var noko større enn for 2005, så det vart nødvendig med oppretting av ekstra grupper i ein del kurs

Vårens semester gjekk betre enn fjorårets når det gjaldt koordinering mellom dei typiske andresemesterkursa våre (MAT112, MAT121 og MAT131). Undervegsvurderingane er tatt bort slik at det er ein betre kontinuitet i undervisninga av kursa. Justeringar av gruppetilbodet i MAT112 og MAT121 har i tillegg medført at det er lettare for studentane å få timeplanar som fungerar bra.

Ordninga med obligatoriske innleveringsoppgåver har fungert bra, og som i fjor vart det avslørt at mange av dei eksamensregistrerte studentane ikkje hadde tenkt å ta faget. Våre rutinar med å få fjerna desse studentane frå listene over dei som skal få gå opp til eksamen bør bli betre, slik at dette vert gjort på eit tidlegare tidspunkt. (Dette kom litt seint i år på grunn av ein del sjukefråvær i administrasjonen).

Om eksamensavviklinga: Rutinane rundt dei kursansvarlege sine tidsfristar for innsending av eksamensoppgåvetekster og sensur av studentane sine eksamensoppgåvesvar fungerer stort sett bra. Dette er ein ting vi arbeider med fortløpande ettersom det ofte er endringar i staben. 

Strykprosent og frafall

Fråfallet i ein del av våre kurs på lågare grad er ganske stort, men dette er eigentleg som forventa med omsyn til at vi som ein tommelfingerregel har at det for desse kursa er omlag ein tredjedel av dei oppmelde studentane som ikkje har nokon intensjonar om faktisk å ta eksamen  - noko som til fulle blir avslørt av at dei ikkje leverer inn obligatoriske øvingar i dei kursa som har det. Det er dessverre enkelte studentar som har same praksis for ein del av våre avanserte kurs, der dei melder seg opp semester etter semester utan å delta på undervisninga og utan å møte på eksamen. Dette kostar oss ein del ressursar, og vi vurderer no å gå over frå å bruke "tilrådde forkunnskapar" til "obligatoriske forkunnskapar" for å bli kvitt desse.

Strykprosenten for våren 2006 avvik ikkje frå situasjonen for tidlegare år. Med omsyn til tiltak for å redusere strykprosenten har vi tenkt på å halde informasjonsmøte der studentane får innspel om at dei bør vurdere sine arbeidsvanar og -rutinar i forhold til det å studere matematiske fag. Dette vil vi arbeide meir med i tida som kjem, spesielt med omsyn til å bli tydelegare overfor studentane om kva forkunnskapar som må vere plass før dei startar på dei ulike kursa våre. Som ein del av dette har vi også byrja å informere det studieadministrative personalet ved andre institutt om at dei ikkje bør tilrå sine studentar å velje inn matematiske fag tidleg i studiet for studentar som ikkje har gode forkunnskapar i matematikk frå før av. (Spesielt med tanke på at nye bachelorgradsstudentar som vil følgje MAT101 ikkje skal få råd om å ta statistikkurs som ei erstatning for Ex.phil. i første semester.) 

Karakterfordeling

For kursa på lågare grad var karakterfordelinga nær opp til normalfordelinga. For dei meir avanserte kursa var fordelinga litt meir topptung. Sidan studentane på dei avanserte kursa i all hovudsak har spesiell interesse for matematikk og sidan karaktergjevinga vert gitt med utgangspunkt i studentane sine prestasjonar (og ikkje med omsyn på å få ei normalfordeling), så er ikkje dette overraskande.
Snittkarakter for kurs på lågare grad = C,
snittkarakter for kurs på høgare grad = C,
snittkarakter for alle kursa = C. 

Ressurstilgang

Stort sett tilfredsstillande. 

Kommentar til studentevalueringene

Våren 2006 vart følgjande kurs evaluert: MAT112, MAT121, MAT131, MAT213, MAT215, MAT222, MAT232, MAT251, MAT260,  STAT111, STAT210, STAT310 og MNF130

Evalueringane blei gjort ved hjelp av nettbaserte spørjeskjema som studentane fekk informasjon om via meldingstenesta og e-postsystemet som ligg i kurssidene på studentportalen. Svarprosenten kunne vore betre, og for kurs med få studentar vil vi gå over til å bruke skjema som vert delt ut på ei førelesing, sidan talmaterialet vi fekk inn frå enkelte kurs var så lite at ingen sikre konklusjonar kan trekkast ut av det.

Evalueringane syner som tidlegare at studentar med dei nødvendige forkunnskapane trivest bra med studentlivet, dei oppfattar førelesingane som interessante, pensumet som passeleg stort og avansert og i det heile tatt meistrar dei studenttilværet godt. For studentar med svake forkunnskapar er situasjonen omvendt.
Studentane gir elles ei tilbakemelding om at koordineringa mellom dei ulike kursa i bachelorprogrammet er tilfredsstillande.
Eit anna framtredande trekk er at det er få studentar som arbeidar så mykje med studia som vi kunne ønskje oss. Kursa si arbeidsmengd er bygd opp med tanke på at tre kurs skal utgjere ei full arbeidsveke for studentane, så når mange studentar ikkje jobbar nok med studia vert det til dels  dårlege resultat. Ut frå evalueringane ser det ut til at minst kvar femte student har ein jobb ved sidan av studia, noko som kan vere med på å forklare at gjennomsnittleg tid brukt på studia er i lågaste laget. 

Studieinformasjon og dokumentasjon

Tilfredsstillande. 

Tilgang til relevant litteratur

Tilfredsstillande.
Studia hadde på plass tilstrekkeleg mengder med pensumbøker ved semesterstart. 

Instituttsledelsens samlede vurderinger,
inkl. forslag til forbedringer

Opplegget fungerer stort sett bra, justeringar gjort i tidlegare studieplanendringar har fungert som forventa med omsyn til å få ei betre samkøyring av kursa MAT112, MAT121 og MAT131.

Ein gjennomgang av instituttet sin kursportefølje er elles i ferd med å skje, spesielt med omsyn til å få ein betre samanheng med omsyn til undervisninga av kalkulus i frå første til tredje semester. Det kjem til å bli ein del justeringar i fleire kurs i samband med studieplanendringane hausten 2006, og det vil bli oppretta eit nytt prosjektarbeidskurs for studentar på vårt bachelorprogram.