Informatik - instituttrapport 2006 vår
Instituttsledelsens vurderinger
Praktisk gjennomføring
Undervisinga har vore gjennomført etter studieplanen.
Det har vore ein viss nedgang i studenttalet på bachelorprogrammet i informatikk. Ein effekt av dette er at vi har kunna ha mindre grupperstorleik på dei store kursa. Det er likevel eit problem at studentane i for liten grad gjer seg nytte av gruppeundervisinga.
Strykprosent og frafall
Strykprosenten for dei som møter til eksamen er relativt låg (6-7% på dei større kursa). Fråfallet undervegs er større enn ynskjeleg, men meste fråfallet er mellom kurspåmelding og kursstart (ofte 20-30%).
Karakterfordeling
Vi har vore medvitne på at heile karakterskalaen skal brukast og vi har god karakterfordeling på (dei store) kursa.
Ressurstilgang
Vi har prøvt å skjerma undervising frå reduksjonen i ressursar f.o.m. 2003 så vidt mogeleg. Det har likevel vore ein reduksjon i tilbodet av kurs på høgare nivå som ikkje er faste.
Kommentar til studentevalueringene
Det er ikkje gjennomført studentevalueringar dette semesteret. Grunnen til denne spesielle situasjonen er at instituttet var utan studiekonsulent ein (kritisk) del av semesteret.
Studieinformasjon og dokumentasjon
Tilgang til relevant litteratur
Instituttsledelsens samlede vurderinger,
inkl. forslag til forbedringer
Undervisingaopplegget har i det meste funger bra.
Område med potensiale for betring:
- gruppeundervisinga blir i liten grad brukt på ein del kurs.
Vi har sett i gang utvikling av fleire alternative til undervisinga,
m.a. oppgåver med robotprogrammering
og opplegg med kontrollspørsmål på nett.
- kombinasjonen MAT 111 og INF 110 har vore krevande for studentar i fyrste semester. Eit opplegg med felles øvingsopplegg er under uttesting hausten 2006.