I det tidsrommet denne rapporten dekkjer, har instituttet hatt ansvar for og gjeve undervisning i to innføringsemner: SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar SOS100 Invitasjon til sosiologi Tilbodet frå instiuttet må seiast å vere omfattande. I bachelorprogrammet har det vore gjeve undervisning i tilsaman 11 emner, obligatoriske og frie: SOS101 Individ og samfunn MET102 Samfunnsvitskapleg metode i samarbeid med Institutt for samanliknande politikk og Institutt for adminstrasjons- og organisasjonsvitskap SOS103 Samfunnsstrukturar i endring SOS105 Arbeid under kapitalismen SOS106 Økonomisk sosiologi SOS107 Urban Sociology SOS109 The Scandinavian Welfare Model and Gender Relations SOS110 Global Dynamics: Development; Migration and Social Movements SOS111 Familien i endring SOS201 Sosiologiske perspektiv og teoritradisjonar SOS202 Bacheloroppgaven Slik det har vore gjort dei siste semestra, har alle bacheloremner vorte gjennomførte med parallelle forelesningar og seminar-/kollokviegrupper. Instituttet har over tid utvikla faste opplegg for organiseringa og avviklinga av dei sistnemnde. All gruppeundervisning vert leia av seminar-/kollokvieleiarar. På dei to innføringsemna, SV100 og SOS100, og på samarbeidsemnet MET102, er det også dei to føregåande semestra tilsett eigne koordinatorar som samarbeider tett med emneansvarlege, forelesarar og seminarleiarar, og som også står for mykje av den daglege kontakten med studentane. Dette er ei svært vellukka ordning som bør vidareførast også i dei komande semestra. Som påpeika i førre undervisningsmelding, krev det omfattande eksamensomfanget store ressursar, både fagleg som administrativt. Det klare fleirtalet av emner har kombinert skuleeksamen, heimeeksamen og/eller obligatoriske innleveringsoppgåver. På masternivå har det vore undervist i tilsaman 13 emner dei to føregåande semestra: SOS301: Sosiologisk analyse SOS302: Sosiologiske teoritradisjonar SOS303: Metode statistisk analyse SOS304: Meteode kvalitative metodar SOS305: Velferdssosiologi SOS308: Global Development SOS310: Kunnskap og utdanning SOS312: Sociology of Urban Cultures SOS313: Society, Culture and State in a Globalizing World SOS316: Sosial stratifikasjon SOS317: Sosiale bevegelser SOS318: Økonomisk sosiologi SOS340: Prosjektutvikling Undervisninga har i det alt vesentlege teke form av forelesningar og/eller seminarrekkjer med aktiv deltaking frå deltakarane, med framlegging og kommentering går inn som ein del av studiekravet. Eksamen har teke form av skuleeksamen, heimeeksamen eller avsluttande essay. Også den praktiske gjennomføringa av det samla masterprogrammet må seiast å vere god.
Både Haust 05 og Vår 06 var den samla strykprosenten for alle kurs på 6%. Dette må seiast å vere lågt. Med unntak av SOS340 Prosjektutvikling er ikkje strykprosenten urovekkjande på nokon av kursa. Grunnen til den noko høgare strykprosenten på SOS340 skuldast dette emnet sin særeigne karakter. Mange av studentane har ikkje vore medvitne om at det å ikkje levere prosjektskisse medfører stryk. Derfor har dei heller ikkje trekt seg frå emnet. Slik instituttet ser det, er ein høg strykprosent på SOS340 derfor ikkje på låg kvalitet. Ser ein bort frå emner med færre enn 10 oppmelde, er det kun 2 emner som har strykprosent >10. Dette gjeld m.a. SOS201 Sosiologiske perspektiv og teoritradisjonar både haust og vår, som også har ein noko høg fråfallsprosent både haust (33%) og vår (25%). Den emneansvarlege opplever at fleire vert borte frå seminargrupper og forelesningar når det nærmar seg frist for innlevering av studiekrav i ulike emner. Fleire melder seg også av emnet i perioden når studiekrava skal innfriast. Dette kan tyde på at mange studentar tek SOS201 saman med andre kurs på 100-nivå, men utan samstundes å ta SOS202 Bacheloroppgåve. Moglege årsaker til at dette emnet skil seg ut på begge dei nemnde parametra bør likevel undersøkjast nærare. Fråfallet blant alle dei som var melde opp (til alle emner) og til dei som faktisk møtte var på hhv 19,8% Haust 05 og heile 29,7% Vår 06. Det at ein finn den same tendensen som frå H04 til V05, med høgare fråfall i vårsemestra, kan tyde på at vi har med eit semesterbetinga fenomen å gjere. Delar av forskjellen kan sporast attende til det at bortfallet på innføringskurset SV100 er klart større i vårsemestra enn i haustsemestra. Frå studiar av eksamensmeldingar til SV100 synast det å vere fleire studentar frå andre fagmiljø og fakultet som melder seg opp til SV100 på våren for å få det som mange oppfattar som billege studiepoeng, for så å ikkje avlegge eksamen. Dette kan likevel ikkje forklare heile forskjellen. Moglege andre forklaringar kan vere at studentar i dei lengre vårsemestra melder seg opp til fleire emner enn dei gjer om hausten, anten for å komme à jour eller å vere i førekant i høve til normert studieprogresjon.
Karakterfordelingane utviser stor grad av stabilitet frå semester til semester. Klare og systematiske forskjellar mellom semestra let seg ikkje finne. Med eitt unntak, SOS308 Global development, er C fordelingane sine modi i alle emner med >10 studentar både haust og vår. Før vi veit om SOS308 skil seg ut også over tid, har vi ikkje iverksett ei gransking av denne karakterfordelinga spesielt. Standardavvika for fordelingane varierer frå 0,77 til 1,22. Då vi ikkje har data om korleis dette artar seg verken ved dei andre institutta ved SV-fakultetet eller ved dei andre sosiologi-institutta har vi ikkje grunnlag for å gjere samanliknar med andre institutt. Utan lengre tidsseriar om karaktersetjinga på emner som let seg samanlikne, har vi ikkje grunnlag for å undersøkje om variasjonen mellom og/eller internt i dei ulike emna er systematisk over tid. Men det synast uansett som om det rår ein likearta bruk og forståing av karakterskalaen på dei ulike emna ved instituttet, noko tidlegare undersøkingar av karaktersetjingspraksisar også har konkludert med. Vurderingane til dei eksterne programsensorane stør om denne konklusjonen. Den overgangs- og innkøyringsperioden som følgde med innføringa av den nye karakterskalaen synast derfor å vere over, og det nye systemet må seiast å vere på plass og verksamt. At det føreligg relativt detaljerte sensorrettleiingar til kvar eksamen for samtlege emner har truleg letta denne prosessen. Ordninga med ein ekstern og ein intern sensor på alle emner vil ha ein liknande effekt, og verkar også til å sikre at karaktersetjinga er på linje med det ein finn ved dei andre institutta. Av den eksterne programsensoren er dette framheva som ein styrke ved sosiologi-studiet i Bergen. Vi finn likevel eitt unntak: For Masteroppgåva, SOS350, er fordelinga noko annleis, med ein sterkare konsetrasjon rundt karakteren B. Både H05 og V06 er gjennomsnittskarakteren B. H05 er både A og C fordelinga sin modus, mot B i vårsemesteret 06. Vurderingane til den eksterne programsensoren etter gjennomlesing av 6 masteroppgåver 2 gjevne A,2 gjevne B og 2 gjevne C var likeeins at karaktersetjinga verka rimeleg, og at På tross av en viss skjevfordeling i resultatene for masteroppgaven og noen enkeltkurser [på masternivå] er hovedinntrykket at Sosiologisk institutt i Bergen klarer å bruke ECTS-skalaen slik den er tenkt. Blant studentane verkar også oppfatninga av at karakteren C er ein god karakter, å ha vorte meir utbreidd. Å formidle denne bodskapen går likevel inn i det kontinuerlege formidlingsarbeidet til instituttet. Likeeins har krava til innhald, omfang og djupne for masteroppgåvene også vorte drøfta på dei semestervisse stabsseminara dei siste semestra.
Sjølv om ein har sett ei noko varierande søknadsmengde til masterstudiet dei siste semestra, må den samla studenttilgangen til instituttet seiast å vere god. Med dei omfattande undervisningsmengda- og oppfølgingsrutinane som finnast på dei ulike studieprogramma, gjer dette at det samla undervisningstilbodet i si noverande form og omfang vert ressurskrevjande å drive og å vidareføre. Ettersom fleire (3) av instituttet sine seniorar ikkje kan reknast med blant det tilgjengelege undervisningspersonellet (ein er p.t. rektor ved UiB, ein prodekan og ein instituttleiar) og 2 andre har vore ute i forskingstermin, har instituttet i røynda også vore avhengig av å hyre inn midlertidig tilsette i ymse stillingar, vitskaplege som administrative, for å kunne oppretthalde det tilbodet vi har i dag, og også å for å kunne sikre kvaliteten i så vel undervisnings- som eksamensarbeid. Som påpeika i den førre undervisningsmeldinga, stiller slike kortidsengasjement store krav til ekstra opplæringsarbeid, samstundes som det svekkar kontinuiteten og opparbeidinga av ein permanent, kollektiv kompetanse. Ein gjennomgang av arbeidsrekneskapa til dei einskilde tilsett viser samstundes at nesten samtlege har brukt langt meir tid til undervisning og administrasjon enn det som er normert. Denne situasjonen er av opplagde årsaker uheldig. Sjølv om tilføringa av to nye førsteamanuensisstillingar med tilsetjing seinast i 2007 vil lette dette noko, er det likevel grunn til å tru at instituttet for å oppretthalde det eksisterande undervisningstilbodet og omfanget også i dei komande semestra vil måtte gjere bruk av midlertidige stillingar. Kommentarar til studentevalueringane Det er gjennomført systematiske studentevalueringar på samtlege emner på bachelornivå som har vore undervist i ved instituttet studieåret 05/06, og fleire av mastergradsemna har også gjennomført interne evalueringar. I tråd med etablert prakis har storparten av studentevalueringane nytta spørjeskjema som måleinstrument, og delt desse ut på forelesningar mot slutten av kvar semester. I tillegg kjem gruppeevalueringar og skriftlege undervegsevalueringar gjorde av dei enkelte forelesarar og emneansvarlege. Her er det ikkje innarbeidd ein fast praksis, og omfanget varierer deretter. Gjennomgåande er studentane nøgde både med innhaldet og undervisninga på dei fleste emna. Med nokre få unntak ligg prosentdelen som ytrar direkte misnøye med forelesningar og undervisningsopplegg, anten ved å kryss av Litt misnøgd eller Sterkt misnøgd, jamnt under 20%. Alt i alt må dette seiast å vere på eit akseptabelt nivå. Resultata frå spørjeskjemaene stadfestar elles tidlegare funn: variasjonen internt på kursa er, ikkje uventa, gjennomgåande større enn variasjonen mellom kursa, både i høve til kor godt studentane er førebudde, interessa dei har for faget og emnet, og også i høve til deira eigenopplevde føresetnader for å følgje med i og ha utbyte av undervisninga. Likeeins fungerer nokre seminar-/kollokviegrupper betre enn andre, men nok ein gong utan at dette systematisk kan sporast attende til enkeltemner. I nokre få tilfelle har instituttet på grunnlag av evalueringar funne det naudsynt å allokere ekstra administrative ressursar til enkelte emne. Dialogen med mastergradsstudentane om kor stor arbeidsmengda på dei obligatoriske emna og på valemna bør vere har halde fram. Det same gjeld problemstillingar omkring langtidsplanlegging av undervisninga i valemner, og andre tiltak som kan betre gjennomstrøyminga.
Informasjonen til studentane på samtlege nivå vert primært gjeven gjennom fire kanalar: a) informasjonsmøta ved semesterstart, b) via Studentportalen og Mi side c) gjennom personlege møter med den administrative og faglege staben d) gjennom arbeidshefter og informasjonsbrosjyrar Stadig meir informasjon, inkl. PowerPoint-filar frå/til forelesningar og seminar, vert lagd ut i Studentportalen. Denne ordninga fungerer godt, under føresetnad av at studentane jamnleg loggar seg på Mi side. Dette vert dei oppfordra til å gjere både på informasjonsmøter og i studiehefter og informasjonsbrosjyrar. Med eit mogleg unntak for force majeur-situasjonar, vil vi hevde at studentane lett kan tileigne seg den informasjonen dei treng om instituttet si undervisnings- og eksamensverksemd.
Tilgangen til relevant litteratur frå Studia fungerer stort sett som venta, under føresetnad av at informasjon frå forlaga til ei kvar tid er korrekt og at den enkelte emneansvarlege i tide har gjeve melding til Studia om kva pensum som skal nyttast, kva endringar som skal gjerast og kor mange eksemplar som bør bestillast. I dei tilfella der bøker anten har vore utselde frå forlaget, blitt bestilte i for få eksemplar, bestilte for seint, eller kompendier ikkje har vore klare, har ein greidd å finne akseptable naudløysingar.
Resultat, eksamensformer og og sensorordningar Resultata til eksamen må kunne kallast gode, og med normal variasjon. Karakterskalaen vert brukt, og dei eksterne sensorane stadfestar at bruken er i tråd med det som er praksis ved dei andre institutta. Ein av konklusjonane i den førre undervisningsmeldinga var at instituttet såg seg tvinga .. til å legge det meste av eksamensopplegget over på skoleeksamener på grunn av den store belastninga det eksisterande opplegget medfører for så vel den administrative som den faglege staben. På bakgrunn av drøftingar i undervisningsutvalet og i instituttrådet våren 06 fatta instituttleiaren vedtak om å innføre skuleeksamen som den normale eksamensforma på valemna på 100-nivå, og der semesteroppgåvene som før utgjorde 60% av eksamen vert gjorde om til obligatoriske arbeidskrav som må vere godkjende før ein går opp til eksamen. Før eventuelle nye endringar vert gjorde, bør denne ordninga få gå seg til og verke over tid. Ordninga med ein ekstern og ein intern sensor på alle emner bør, trass i dei kostnadene den medfører, vidareførast av grunnar vi har lagt ut ovanfor. Læringsmiljø Frå tidlegare undersøkingar veit vi at BA-studentane utgjer ein heterogen masse. Den kjensla av å høyre til eit kull som ein lett fekk i den tidlegare strukturen med grunn- og mellomfag, er ikkje tilstades i same grad som før. Talet på frie valemner på 100-nivå verkar i så måte ytterlegare fragmenterande. Det å etablere ikkje berre eit godt fagleg men også sosialt miljø er ei utfordring som instituttet tek alvor, og som har vore drøfta fleire gonger i plenumsfora. SV-fakultetet sitt fadderopplegg for nye studentar oppfattar instituttet som eit verdfullt tiltak for å realisere dette, td. ved lunchbesøk på instituttet. Eigne sosiale samankomstar for BA-studentar, som hyttetur ei helg i september, er under planlegging. Kollokvieleiarane er oppfordra til å delta på desse turane. Andre faglege og sosiale samankomstar vil også bli arrangerte utover i semestra. Fagutvalet står som ansvarleg for begge desse arrangementstypane, noko instituttet finn svært verdfullt. P.t. finn instituttet det ikkje aktuelt å endre radikalt på strukturen på BA-nivå for å betre det sosiale miljøet, td. ved å kutte dei fleste valemna på 100-nivå og istaden gjere emna obligatoriske, sjølv om dette ville kunne skape betre vilkår for utviklinga av kullkjensle. Studiekvalitet Dei fire tiltaka for kvalitetsutvikling på BA-nivå som var nemde i førre undervisningsmelding er langt på veg gjennomførte. Desse var 1) Utarbeiding av oversikter med pensum, forelesningar, oppgåver, stoff til gruppeundervisning, rettleiing for oppgåveskriving og anna informasjon 2) Møter mellom emneansvarleg, hjelpelærar, koordinatorar og kollokvieleiarar i førekant og i løpet av semesteret for å drøfte opplegg, røynslene ein har gjort seg og moment som treng oppfølging og/eller oppklaring 3) Møter med, og opplæring av kollokvieleiarar før semesterstart. 4) Gjennomgang av obligatoriske oppgåver i plenum med emneansvarleg, koordinator og kollokvieleiarar. I tillegg vil instituttet prøve å legge ein langstidsplan for undervisninga over dei neste 3 åra, slik at studentane på eit tidleg tidspunkt kan planlegge kva kurs dei skal ta og på kva tidspunkt. Gjennomstrøyming på hovudfag/master Arbeidet med å betre gjennomstrøyminga har halde fram, og vil bli vidareført også i dei komande semestra. Instituttet har m.a. utarbeidd detaljerte oversikter over studiepoengsproduksjonen blant dei studentane som p.t. er tekne opp på masterprogrammet, og vil halde dette kontinuerleg oppdatert også i tida framover for å ha eit best mogleg grunnlag for å fatte vedtak om endringar av studieplanane. Av konkrete tiltak har ein for det første auka merksemda omkring SOS340, og skjerpa krava til levering av utkast av prosjektskisser. Røynsle tilseier at dei studentane som leverer denne skissa på eit tidleg tidspunkt i studiet betrar sine sjansar for å verte ferdig på normert tid, eller med minimal forseinking. Prosjektutviklingsseminaret vil derfor bli prioritert også i dei komande semestra. For det andre har ein for studentar tekne opp frå og med våren 2006 reduserte talet på valemner frå 2 til 1. Sjølv om dette vil redusere talet på fridomsgrader for studentane, vil det frigjere tid til arbeid med masteroppgåva, som er vekta opp frå 50 til 60 studiepoeng. Denne oppjusteringa med 10 studieupoeng meiner instituttet også gjev eit betre uttrykk for den arbeidsmengda studentane faktisk legg ned i masteroppgåva. Endringa er også i tråd med ynskjer frå studentane om ein noko redusert kursdel. Dei siste hovudfagsstudentane vil bli uteksaminerte seinast i juni 2007, instituttet vil då kunne få eit meir korrekt statistisk bilete av korleis gjennomstrøyminga artar seg etter implementeringa av Kvalitetsreforma. Ytterlegare tiltak for å betre gjennomstrøyminga, som td. å redusere kravet til omfanget på masteroppgåva, er gjenstand for jamnlege drøftingar i staben.