HIS115 - emnerapport 2006 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Tema 1:

Eg har ikkje støtt på spesielle problem. Samarbeidet mellom dei fire faglærarane fungerte godt; vi snakka med kvarandre jamleg i samband med mappevurderinga for å forsikre oss om at vi la oss på om lag den same linja. Førelesingane har fungert godt, men med tanke på kor få førelesingar det er totalt sett (og med tanke på at tilbakemeldingane på førelesingane har vore god), er det overraskande at såpass mange valde å halde seg vekke. På ei normal førelesing var det kanskje 22-23 studentar – og det var altså 32 som tok eksamen på HIS115 og fire som leverte bacheloroppgåve. Det var altså i snitt berre om lag 60 prosent av dei som fullførte som var til stades på førelesingane.


tema 2:
Kurset bestod av 10 forelesingar (dobbelttimar), rettleiing på 3 mappeoppgåver samt sjølvstyrte kollokviegrupper. Forelesingane blei gjennomført med bruk av power point og utdeling av støtteark. I tillegg til forelesingar blei det vist tre filmar med tema frå irsk historie. 

Strykprosent og frafall

Se pdf-fil

Tema 1: 
37 studentar leverte inn oppgåve 1, 35 leverte inn oppgåve 2 og 34 leverte inn oppgåve 3.

32 tok den skriftlege eksamenen. Av desse strauk 9, dvs. 28 prosent. Tek vi utgangspunkt i dei 37 som leverte fyrsteutgåva, var det altså 14 som ikkje fullførte med ståkarakter (dvs. ein kombinert fråfalls-/strykprosent på 38).

Dette var noko meir stryk enn på motsvarande kurs våren 2005. Den gong strauk 24 prosent av alle som tok eksamen.

Karakterfordeling

Se pdf-fil

tema 1:

Den endelege karakterfordelinga etter sensur ser slik ut:

A: 4
B: 6
C: 9
D: 5
E: 0
F: 8 (totalt 32 studentar)

Fordelinga av mappekarakterar såg slik ut

A: 4
B: 5
C: 11
D: 9
E: 5
F: 0 (totalt 34 studentar)


Fordelinga av eksamenskarakterar såg slik ut:

A: 5
B: 1
C: 10
D: 3
E: 5
F: 8 (totalt 32 studentar)


Studieinformasjon og dokumentasjon

Tema 1: 

Eg reknar med at dette tek utgangspunkt i situasjonen til studentane. Eg har ikkje motteke nokre spesielle innspel som går på vanskar med å tileigne seg informasjon – det vesle som har vore har vi ordna opp i gjennom diskusjonsforumet på Kark/Mi side.
Tema 2: 
Det har vore nokre få klager/spørsmål ang. manglande informasjon, men stort sett har dette vore eit resultat av at folk ikkje har funne informasjonen sjølv om den har ligge ute på studentportalen/’mi side’.

Tilgang til relevant litteratur

Tema 1:
Det var på eit tidspunkt fleire studentar som klaga på at dei ikkj
e fekk tilgang på kompendiet på Studia, men då eg var bort for å forhøyre meg, var kompendiet nettopp kome inn. Elles trur eg ikkje det var spesielle vanskar knytt til tilgang på pensumlitteraturen.

tema 2: 
Opplevde problem med utseld pensumlitteratur i starten. Ein av grunnane til problemet var truleg at det blei tatt opp fleire studentar enn det som var planlagt og at Studia i tillegg har ein tendens til å bestille litt færre bøker enn det oppgjevne talet på studentar. Studia fekk umiddelbart beskjed, men det tok likevel ei stund før litteraturen kom. For å bøte på problemet blei dei fyrste kapitla av den viktigaste pensumboka som dekte dei 3 fyrste forelesingane kopiert opp. 

Ellers mangla det også ein artikkel i kompendiet, trass i at Studia hadde fått alle nødvendige bøker månadsvis før jul. 

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Tema 1: Dette har fungert godt.

Tema 2: Problem med lyden ved bruk av dvd-spelar i aud. A og B.  Ellers ok.

Andre forhold

Tema 1: 
Eg har ikkje noko spesielt å utsetje på noko. Rammevilkåra for meg som faglærar har vore bra. Spesielt bra er det at kontakten med dei andre faglærarane har vore så jamn og god semesteret gjennom. 

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Tema 2: Skjema bør truleg i tillegg til å delast ut på forelesning også gjerast tilgjengelege på nettet, t.d. via Kark. Slik ville ein få tilbakemelding frå endå fleire.

Eg trur det ville vere ein fordel om ein,  i tillegg til studentevalueringa,  hadde eit evalueringsmøte for faglærarar og forelesarar der me kunne diskutere våre respektive erfaringar både i høve til kurset generelt, forelesingane og studentevalueringa.

Oppsummering av innspill

Tema 2: Studentane var positive til det faglege og pedagogiske innhaldet på forelesingane. Kva for delar av pensum som blei lika/mislika varierer ganske mykje, men det er ein klar tendens at mange studentar finn det krevande at nesten alt pensum er på engelsk. I og med at det ikkje fins relevant litteratur på norsk er det lite ein kan gjere med dette anna enn å leite etter ryddige oversiktsbøker som ikkje krev forkunnskapar. 

Vurderingane av det sosiale miljøet varierer noko, det same gjeld erfaringane frå kollokviegruppene (desse tinga heng truleg saman). Det kan vere naudsynt med ei endå tettare oppfølging av kollokviegruppene i starten av semesteret. For det sosiale miljøet sin del ville kanskje eit arrangement tidleg i semesteret vere ein god ide.

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Tema 1: 
Undervisninga på Kark fungerer jamt over særs godt. Eg tykkjer dette er ein god måte å undervise på, om enn det er ressurskrevjande – og eg trur studentane jamt over òg er nøgde. 

Fagdebatten kan vel ikkje nett seiast å ha teke av i år heller. Det var eitt godt tilløp, men det var i grunn berre éin student som involverte seg. Men forumet er likevel verdifullt for dei som ynskjer å lufte spørsmål av meir ålmenn interesse, t.d. om kva som er «den rette malen» for å føre litteraturlister.



tema 2:
Evalueringa tydar på at studentane synest kurset har fungert godt. Studentane er positive til forelesingane og bruken av power point samt utdelinga av støtteark. Likevel kan det stillast spørsmål ved om bruken av power point og støtteark kan virke pasiviserande på studentane. Faglærar vil ha som mål å redusere talet på slides ved seinare forelesingar. I tillegg ville det vore ynskjeleg med meir dialog på forelesingane og dette vil vere ei overordna målsetting dersom kurset skal gå fleire gonger.

Når det gjeld pensum, kan det vere rom for justeringar, men ein bør her etter mitt syn vere varsam med å respondere direkte på kva studentane likar og ikkje likar. Den meir krevande litteraturen er ofte meir upopulær, men eg trur likevel det er naudsynt at studentane også får bryne seg på denne type litteratur.

For å betre det sosiale miljøet og styrke frammøtet på kollokviene bør det gjennomførast ei tettare oppfølging av gruppene, i tillegg til å samle studentane til eit eller anna form for sosialt arrangement i starten av semesteret.