MET102 - emnerapport 2006 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Emnet vert gjennomført som eit samarbeid mellom tre institutt: Sosiologisk institutt, Instititt for administrasjon- og organisasjonsvitskap og Institutt for samanliknande politikk. 

Undervisninga på på MET102 hausten 2005/våren 2006 vart gjennomført som i form av eit kombinert opplegg med forelesningar og seminar-/kollokviegrupper, eit opplegg som elles har lege fast dei siste semestra og verkar å ha funne ei høvande form.  

Kurset starta i slutten av august/primo januar, og vart avslutta primo november. Studentane hadde tre samlinga for veka, med forelesningar tysdagar 10.15-12.00 og torsdagar 12.15-14.00. Tidspunktet for kollokvie/seminargrupper varierer.  

Samla har det vorte halde 20 og 21 forelesningar. Dette kan synast høgt, men står i etter faglærarane sine vurderingar godt i forhold til pensumet og arbeidsmengda på kurset.

Arbeidet i kollokviegruppene er i stor grad konsentrert om løysing av fire praktiske metodeoppgåver som studentane må få godkjende før dei får gå opp til eksamen. Etter første innlevering får studentane kommentarar og vurdering frå seminarleiarane. Dei som ikkje får godkjend førsteutkastet, får ein ny frist for innlevering av ein forbetra versjon. Dersom heller ikkje denne vert vurdert som på høgde med minstekravet om C-nivå, er det ein av faglærararane som skal avgjere om oppgåva skal godkjennast eller ikkje. m

Eksamen tek form av ein seks-timars skuleeksamen. 

Strykprosent og frafall

Hausten 2005 vart det meldt opp 199 personar til eksamen, og 149 møtte. Fleire av dei som ikkje møtte til eksamen hadde ikkje fått godkjent ei eller fleire av dei obligatoriske innleveringsoppgåvene. 15 personar leverte ikkje inn øvingsoppgåve 1, og kan truleg ikkje reknast som aktive studentar. Av dei 149 som møtte var det 9 studentar – eller 6% - som strauk på eksamen. 

Våren 2006 vart det meldt opp 107 personar til eksamen, og 80 møtte. Også dette semesteret var det fleire av dei som ikkje møtte til eksamen som ikkje hadde fått godkjent ei eller fleire av dei obligatoriske innleveringsoppgåvene. Av dei 80 som møtte var det 4 studentar – eller 5% - som strauk på eksamen. Den direkte strykprosenten må derfor seiast å vere låg. 

For begge semestra finn vi at ca. 75% av dei oppmelde studentane møter til eksamen. Den låge strykprosenten må sjåast i samband med dette, då mange av dei svakaste studentane i røynda fell frå i løpet av arbeidet med dei obligatoriske oppgåvene. Hadde desse fått gått opp til eksamen, er det grunn til å tru at strykprosenten hadde gått noko opp, utan at faglærarane vil kome med nokon spådom om kor høg den hadde vorte.

Fråfallet på ca. 25% kan kanskje synast høgt, men av same grunnar som ovanfor finn vi likevel ikkje dette urovekkjande.  

Karakterfordeling

Gjennomsnittskarakter både haust-05 og vår-06 var C. Karakterfordelinga var elles som følgjer: 

Tabell 1a. Karakterfordeling haust 2005

Karakter	Prosent
A	7
B	27
C	36
D	21
E	8

Tabell 1b. Karakterfordeling vår 2006

Karakter	Prosent
A	7
B	18
C	36
D	26
E	13

Som det går fram av tabell 1a og 1b, er det ein viss forskjell i prestasjonane på haust- og vårsemestra: fleire får karakteren B på haustsemesteret enn på vårsemesteret, og noko fleire får karakterane D og E på vårsemesteret. 

Det kan vere fleire årsaker til dette. Av bakgrunnsdata veit vi ma. at fagtilhøyrdnaden varierer til dels mykje mellom haust- og vårsemestra. Før vi har lange nok tidsseriar til å vurdere om dette skuldast tilfeldig eller systematisk variasjon, vil vi ikkje trekkje konklusjonar om kva som kan og ikkje kan vere moglege årsaker.  



Studieinformasjon og dokumentasjon

Studieinformasjon vart gjeve på informasjonsmøte og gjennom studentportalen. Dei obligatoriske framleggingane vart også lagde ut til nedlasting frå Studentportalen. Dette fungerte tilfredsstillande. 

I etterkant av forelesningane har powerpoint-filane frå forelesningane vortne lagde ut til nedlasting i studentportalen. Også dette fungerer i all hovudsak etter målsetjinga. 

Tilgang til relevant litteratur

All pensumlitteratur har vore tilgjengeleg på Studia frå semesterstart både haust- og vårsemesteret. 

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Ressurstilgangen til kurset har vore gjennomgåande tilfredsstillande. Forelesningane har vortne haldne i Stort Auditorium, Lauritz Meltzers’ hus, og det tekniske utstyret har stort sett fungert slik det skal.  

Andre forhold

Dei siste semestra har emnet har også hatt ei rekkje seminarleiar- og ei eiga koordinator-stilling knytt til seg. Sjølv om dette bind opp mykje ressursar, oppfattar faglærarane det som absolutt naudsynt for at det etter måten ambisiøse opplegget skal kunne fungere slik det gjer i dag. 

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Kurset vert kontinuerleg evaluert av seminarleiararar, faglærarar og studentar, ma. i form av ei fast spørjeundersøking til studentane. 

Oppsummering av innspill

 

Hovudinntrykket både haust og vår er at studentane gjennomgåande er nøgde med læringsutbyttet på kurset, men at det både er eit krevjande og omfattande kurs, og at det er rom for endringar og forbetringar på nokre punkt. 

Pensumrevisjonen som kom i effekt haustsemesteret ’05 ved at Kristen Ringdal si lærebok ”Enhet og mangfold” vart bytt ut med Sigmund Grønmo si bok ”Samfunnsvitenskapelige metoder” har ikkje ført til ein markert auke i talet som seier seg nøgde med pensum. Kritikken mot Grønmo kjem klarare fram i dei utfyllande kommentarane, der  studentane etterlyser ei meir grundig handsaming av dei meir kvantitative delane av stoffet. Det neste semesteret vil det ikkje verte gjort endringar i pensumet, men over tid vil dette vil måtte vurderast kontinuerleg. 

Studentane rapporterer jamnt over at utbyttet av seminar/kollokvier er stort, men læringsutbyttet av dei kvalitative oppgåvene vert opplevd som mindre enn for dei kvantitative oppgåvene. Denne trenden er den same i alle evalueringar, og er ikkje i seg sjølv problematisk, då fleire av studentane har eit svakare utgangspunkt for dei kvantitative oppgåvene. At læringsutbyttet då vert oppfatta som større, er ikkje uventa.  

Krava til bestått innleveringsoppgåve vart skjerpa frå og med H-’05. Dette førte til at fleire ikkje fekk godkjent 2.gangsinnleveringar (ca. 15 studentar H-05 mot 4 studentar V-05). Hittil tyder tilbakemeldingar frå seminarleiarane på at kvaliteten på oppgåvene har vorte betre, og at endringa derfor har fungert etter hensikta. Inn til vidare vil vi som faglærarar derfor føre vidare praksisen med strengare krav for å få godkjent innleveringsoppgåvene.  

Fleire kommenterer det at arbeidspresset i kurset er omfattande, både i form av forelesningar, innleveringsoppgåver og seminardeltaking. Fleire studentar er av den meining at ”betalinga” i form av studiepoeng bør vere større, også fordi emnet har fire obligatoriske innleveringar med forholdsvis strenge krav til godkjenning. Vi er p.t. ikkje innstilte på å foreslå endringar i.h.t. talet på studiepoeng, då dette vil utløyse ei reorganisering av dei andre 100-emna ved dei tre institutta. Skulle ei slik reorganisering bli initiert ved eitt eller fleire av institutta, bør dette likevel vurderast. 


Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak