PEDA101 - emnerapport 2006 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Studiet i pedagogikk er organisert gjennom seminargrupper med ein pedagog som seminargruppeleiar. Studiet første semester blir avslutta med mappe-eksamen. 
Studiet 1. semester består av 5 tema: Skole og samfunn, Læring, Læringsmiljø og ledelse, Eleven og Danning versus tilpasning. Desse tema blir behandla i forelesningar og seminar. Pedagogikkdelen av studiet blir innleia med ei innføringveke i seminargruppa. Målet med denne veka er å skape ei trygg læringsplattform for studentane der dei blir kjende med faglærarar, kvarandre og med måla for studiet. Elles er faget organisert slik at seminargruppeleiar underviser på kvart seminar, rettleiar studentane i mappeskrivinga og så langt det er råd, også er den som besøkjer studentane i praksis. 

Strykprosent og frafall

55 studentar starta på lærarutdanninga i vårsemesteret. Av desse var det fire som slutta før semseteret var omme. 51 var meldt opp til eksamen på PEDA 101. 49 leverte mappe i pedagogikk.

Karakterfordeling

A     4
B   23
C   19
D    3
E    0

Studieinformasjon og dokumentasjon

Studentane får eit opptrykt kompendium ved studiestart med oversikt over planar, pensum og eksamenkrav i pedagogikk. Dei samme opplysningane fins på Mi side.

Tilgang til relevant litteratur

Før studiestart er bøker bestilte til Studia. Vi har i vårsemesteret hatt ei større omlegging av pensum. Mesteparten er no oppdaterte forskingsartiklar som ligg på UiB sine Biblioteksider.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

For å oppfylle krava i Kvalitetsreformen og i Rammeplan for lærarutdanning med studentaktive arbeidsmåtar og tettare oppføling og veiledning, vart pedagogikkdelen av studiet organisert i seminargrupper.  Eit prinsipp så langt, er at gruppene ikkje skulle vera større enn 20 studentar.  Dette semesteret var det 55 studentar som skulle fordelast. Den eine gruppa har heile semesteret bestått av 24 studentar. Dette er heilt klart for mange ut frå fleire årsaker. For det første er gruppa for stor til at alle studentane kan vera aktive og engasjerte i den grad dei bør vera i ei profesjonsutdanning. For det andre er romma for små i forhold til storleiken på gruppa. 
Når det gjeld romsituasjonen så har vi stadig måtta skifte grupperom dette semesteret. For ei profesjonsutdanning som lærarutdanninga er, så er det viktig at seminargruppa fungerer som modell for dei klasseromma studentane skal ut å undervise i. Det å ha eit fast grupperom er difor viktigare i deira utdanning enn i andre studier.

Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Ei av gruppene hadde munnleg evaluering, den andre skriftleg. 

Oppsummering av innspill

Studentane er svært fornøgde med organiseringa av pedagogikkdelen av studiet. Både innføringskurset og seminargruppene skårar høgt. 
Stort sett er dei fornøgde med innhaldet i studiet, men me tek med dei kommentarane dei har til forbetring. 
1.	I enkelte tilfelle er det liten sammenheng mellom forelesningar og seminar. 
2.	Seminara kunne vera enn omeir forpliktande for studentane.
3.	Pensum er ”kjedeleg”
4.	Det er liten sammenheng mellom teori og praksis.

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Faglærarane er einige om at denne studentgruppa i all hovudsak er ei sterk gruppe. I praksis viste det seg at dei aller fleste klarte seg svært bra. Berre nokre få krvde tettare oppfølging.
Det er også godt å registrere at dei aller føeste studentane er godt nøgde med opplegget i pedagogikk. Nedanfor er det gjort greie for dei tiltaka vi har sett i verk som konsekvens av studentane sine tilbakemeldingar.
1. I planlegginga av haustsemesteret har vi sikra enno betre enn tidlagare at det er samanheng mellom tema i forelesningane og seminara. Dersom det ikkje er seminarleiar som har forelesningen, så er ein av desse alltid til stades i forelesningssalen.
2. I haustsemesteret vil studentane ha større grad av ansvar for gjennomføringa av seminara. 
3. Vi har gjennomført ei større endring når det gjeld pensum. Dette består no i langt større grad av ei oversikt over aktuelle internasjonale forskingsartiklar som er tilgjengelege på UiB sine biblioteksider.