PEDA102 - emnerapport 2006 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

PEDA102 byggjer på PEDA101 og har mykje av same strukturen som denne. Det vil seie at dette andre semesteret òg er organisert med seminargrupper som er leia av ein pedagog, samt ei førelesingsrekkje som innvolverer dei fleste av seksjonen sine pedagogar. Studiet på andre semester blir avslutta med mappeeksamen som blir evaluert av både interne- og eksterne sensorar.
 
PEDA102 våren 2006 hadde fokus mot fem hovudtema. Dette var: Mitt pedagogiske credo, Klasserommet i eit kulturperspektiv, Skulen som organisasjon, Kommunikasjon og rettleiing og Etikk og/eller estetikk. Desse fem hovudtemaene vart handsama både i seminara og i ei førelesingsrekkje. Semesteret starta med fokus på det første hovudtemaet og ei klargjering av måla for studiet dette 2. semesteret. Studieopplegget har vore organisert slik at seminarguppeleiar underviser på kvart av desse seminara, samt rettleiar studentane i skriveprosessen og følgjer studentane opp i praksis (så langt det er mogleg). 

Strykprosent og frafall

64 studentar starta på det andre semesteret dette vårsemesteret. Av desse var det ingen som slutta før semesteret var omme. 68 var meldt opp til eksamen på PEDA 102. 62 leverte mappe i pedagogikk.

Karakterfordeling

A    11
B    30
C    21
D     0
E     0

Studieinformasjon og dokumentasjon

Ved semesterstart fekk studentane eit kompendium med oversikt over planar, pensum og eksamenkrav for det 2. semesteret i pedagogikk. Dei same opplysingane fann dei òg på Mi side i Studentportalen.

Tilgang til relevant litteratur

Før semesterstart vart pensumbøker og kompendium tinga på bokhandelen Studia. Ein har òg i vårsemesteret vore i kontakt med UiB sitt bibliotek for å samkøyre våre pensumlister med deira utval, og klargjorte evt. behov for innkjøp av ny litteratur.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Både Kvalitetsreforma og Rammeplanen for lærarutdanning (UFD, 2003) set krav om ei tettare oppfølging av studentane, der både studentaktive arbeidsmåtar og rettleiing skal setjast i fokus. Som følgje av dette har ein organisert 2. semesteret slik at førelesingane går føre seg i plenum i store auditorium. Desse auditoria har nyleg vore opprusta med nytt AV-utstyr, så slik sett har desse plenumsførelesingane hatt gode rammevilkår. Når det gjeld tilhøva for seminargruppene har dette variert ein god del. Det har vore 64 studentar tilsaman som skulle fordelast på fire seminargrupper. Eit prinsipp har vore at gruppene ikkje skulle vera større enn 20 studentar og at ein søkjer difor å finne rom som høver for denne gruppestørrelsen. Trass i at mange rom er godt utstyrt, har ein måtta nytta rom som ikkje har høvd særleg godt for opptil 20 studentar. Nokre av dei har vore for små, samt at ein ikkje har hatt høve til å ha eit fast rom for kvar einskild seminargruppe. Dette er uheldig i ei slik profesjonsutdanning og skapar vanskar for både lærarutdannarar og lærarstudentar. 

Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Alle fire gruppene hadde skriftlege studentevalueringar i tillegg til ei meir generell, muntleg tilbakemelding

Oppsummering av innspill

Studentane på 2. semester er godt nøgde med strukturen og organiseringa av pedagogikkdelen av studiet. Dei understrekar det positive med å kombinere oversiktsførelesingar med meir inngåande drøftingar i seminargruppene. Dei fremheva òg progresjonen ved at dei sjølve fekk i større grad styre innhaldet i seminara i 2.semesteret. Dei verdset innhaldet i studiet og løftar fram praksisperiodene som det mest utbytterike og interessante. 
Studentane har òg kome med innspel til forbetring og det kan bli oppsummert på denne måten:  
1. Studentane ønskjer eit pensum som er meir oppdatert og som i større grad inneheld engelskpråkleg, internasjonal litteratur
2. Studentane ønskjer ei klarare ”brubygging” mellom teori og praksis, slik 
   at lærarutdanninga går meir i takt med praksisfeltet
3. Studentane meinar seminarmodellen er god, men at innhaldet kan bli meir    
fokusert og meir forpliktande for studentane.
4. Studentane ønskjer ei klargjering av mappemetodikk-modellen ved semesterstart, slik at det klårare kjem fram kvifor ein har dei arbeidskrava som ein har i høve til mappetekstar og eksamensmappe.
5. Det er vidare ei gjengs oppfatning blant studentane at det er for dårleg samspel mellom pedagogikk og fagdidaktikk i lærarutdanninga
6. Ein del studentar uttrykkjer òg eit behov for å kvalitetssikre praksisrettleiararne betre i samband med praksisperiodene.

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Det er blant faglærarane ei kollektiv semje om at ein har hatt ei stor studentgruppe med særs mange flinke studentar, samt nokre få studentar som har vore mindre engasjerte i si lærarutdanning pga. deltidsarbeid. Det er difor stadig eit behov å minne studentar om at PPU er eit fulltidsstudium som har såpass mange obligatoriske komponentar at det ikkje let seg kombinere med deltidsjobbar. 
I praksisperiodene klarte dei aller fleste seg godt og ein hadde berre nokre særs få tilfelle som krevde oppfølging.

Tilbakemeldingane vi har fått frå studentane dette semesteret har generert ei relativt omfattande omlegging av studiet. Under vil vi trekkje fram kva som er gjort for å forbetre studiet vårt:
1. På fleire seminar og seksjonsmøter har heile seksjonen gått gjennom alle strukturar i studiet for å sjå på evt. forbetringspotensiale.  På bakgrunn av dette har alt eksisterande pensum på PEDA102 gått gjennom ein omfattande pensumrevisjon. Dette har vore gjort i tre hovudsteg. Første steg vart gjort kollektivt med alle på seksjonen tilstades, med det hovudmål å sjå nærare på korleis pensum var bygt opp og korleis ein kunne forebetre det. Ei gruppe på tre seksjonsmedlemmar fekk så i oppgåve å vidareføre denne prosessen og leggje fram eit nytt, oppdatert pensumforslag for seksjonen, basert på innspel frå alle seksjonsmedlemmane. Så vart pensumet igjen teke opp på seksjonen og gjennomgått, før ein endeleg sluttførte denne pensumprosessen i juni 2006. Ut frå denne prosessen har ein no eit oppdatert pensum, med ei rekkje engelskspråklege internasjonale artiklar, kombinert med god litteratur på norsk. I tillegg har ein teke kontakt med UiB sitt Bibliotek og fått dei til å kople saman alle elektroniske tidsskriftsartiklar med våre pensumlister. Det gjer at studentane har tilgang til svært mykje av pensumet sitt gjennom Mi side på Studentportalen.
2. Basert på tilbakemeldingar frå studentane har ein òg sett på andre stukturar i studiet. Særskilt har innføringa av ei prosessmappe og ei presentasjonsmappe knytta mappemetodikken vår meir heilskapleg saman og som gjer det meir skjøneleg for studentane våre.
3. Ein har valt å gå over til Studentportalen som læringsplattform for å gjere dette meir ”saumlaust” for studentane og enklare å bruke. Dette betyr at både generell informasjon og faglege aktivitetar er lagt inn i denne Studentportalen.