MET102 - emnerapport 2007 høst

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Undervisninga på MET102 vart gjennomført etter den fastsette planen. Tilsaman 18 forelesningar og eit tilsvarande tal møter i seminargrupper inngår i eit etterkvart godt innarbeidd opplegg. 

Forelesningane har som vanleg dekka det aller meste av pensum, medan arbeidet i seminargruppene i stor grad er konsentrert rundt fire – 4 – obligatoriske innleveringsoppgåver. 

Strykprosent og frafall

Det var totalt 222 studentar som melde seg opp til eksamen då fristen hadde gått ut. 
Av desse møtte 166, dvs. 75% av alle oppmelde. Av dei  som ikkje  møtte, vil det vere ca. 20 studentar som ikkje har fått godkjent ei eller fleire av dei obligatoriske oppgåvene, og som følgjeleg heller ikkje har innfridd studiekravet. 

Av dei som møtte til eksamen, var det totalt 13% stryk (14% blant kvinner og 13% blant menn). 

Sjølv om fråfallet kan synast stort, finn ikkje faglærarane desse tala urovekkjande. MET 102 er eit av dei meir arbeidskrevjande kursa, og faglærarane har vore dei som fatta avgjerd om evt. ikkje å godkjenne innleverte oppgåver. 

I tillegg har ein dette semesteret hatt fleire studentar frå andre fakultet, dvs. studentar utan samfunnsvitskapleg bakgrunn. Det vil ikkje vere uventa om strykprosenten er høgre blant desse studentane. 

Karakterfordeling

Karakterfordelinga kan seiast å vere tilnærma normalfordelt, med karakteren C som både modus og median. Imidlertid går tendensen i retning av ei positivt skeiv kurve (fleire får karakterane D og E enn karakterane A og B). Av same grunnar som ovanfor, finn ikkje faglærarane dette urovekkjande. 

Studieinformasjon og dokumentasjon

All relevant studieinformasjon har vorte lagt ut i Studentportalen, og dette verkar etter intensjonen. Studentane seier seg også svært nøgde i evalueringa av den praktiske informasjonen. 

Tilgang til relevant litteratur

All pensumlitteratur var tilgjengeleg ved semesterstart, også i dei tilfella der det var gjort pensumendringar iht. vårsemesteret 2007. 

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr



Andre forhold

Ressurstilgangen har vore akseptabel. 

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring



Oppsummering av innspill

Studentane er gjennomgåande godt nøgde med det eksisterande opplegget for MET102, sjølv om kurset vert oppfatta som krevjande. Læringsutbyttet vert td. opplevd som stort, arbeidet i seminargrupper som gjevande, og arbeidet i PC-grupper som lærerikt. 

Ein viss nedgang i kor nøgd ein er med forelesningane let seg likevel spore. Årsakene til dette kan vere fleire, men systematiske analysar er ikkje gjennomførte. Ein noko høgare prosentdel oppgjev også at dei ikkje har følgt alle eller dei fleste forelesningane. 

Som vanleg vert det uttrykt frustrasjon over at dei obligatoriske oppgåvene ikkje tel med til eksamen. 

Hovudinntrykket er derfor eit av stabilitet: studentane opplever også dette semesteret at MET102 fungerer bra. 

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Haustsemesteret 2007 vart det bytt lærebok i regresjonsanalyse. Denne endringa har vore udelt positiv, j.f. evalueringsrapport forfatta av Tor-Einar Holvik Skinlo.

Våren 2008 er det sett ned ei arbeidsgruppe av faglærarane i den faste staben som underviser på Met102. Gruppa skal vurdere ytterlegare pensumendringar, samt endring av eksamensform for å imøtekomme studentane sine ynskjer om å inkludere ei av dei obligatoriske oppgåvene i samla eksamen. Dette arbeidet vil bli sluttført i løpet av våren 2008.