INF100 - emnerapport 2007 høst
Faglærers vurdering av gjennomføring
Praktisk gjennomføring
Det blei gjort ei endring i opplegget i haust med fleire obligatoriske oppgåver, og tettare oppfølging på gruppeøvingane. Dessutan var det fleire gruppeleiarar tilstades på øvingane når det var nødvendig. Dette auka frammøte på gruppene i høve til tidlegare år, og evalueringa frå studentane viste godt utbytte av gruppeøvingane.
Strykprosent og frafall
Strykprosent og fråfall viste ei forbetring i høve til tidlegare år, men er likevel ikkje tilfredstillande. Instituttet vil arbeida vidare med å vurdera pensum og forbetra opplegget.
Karakterfordeling
Sjå eigen rapport frå instituttet
Studieinformasjon og dokumentasjon
Informasjon til studentane blei gitt via studentportalen og på forelesingar, og fungerte bra.
Tilgang til relevant litteratur
Bra
Faglærers vurdering av rammevilkårene
Lokaler og undervisningsutstyr
Forelesingane var på Auditorium A, Allegt. 66. Det er lite tavleplass når prosjektoren blir brukt.
Andre forhold
Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)
Metode - gjennomføring
Oppsummering av innspill
Det er vanskeleg å dra noko ut frå studentevalueringane, då dei spriker veldig. Det kjem av at studentane på INF100 er ei svært heterogen gruppe.
Ev. underveistiltak
Ei av dei planlagte obligatoriske oppgåvene vart sløyfa.
Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak
Som nemnt over vil instituttet vurdera pensum og vektlegginga på dei ulike delane av pensum, og også det pedagogiske opplegget.