INFO232 - emnerapport 2007 høst
Faglærers vurdering av gjennomføring
Praktisk gjennomføring
Kurset gjekk over ti forelesingar. Desse fungerte greit. Eg fulgte stort sett opplegget til Richard Moe som har hatt kurset nokre år.
Gruppeundervisninga var basert på oppgåver frå forelesingane. To oppgåvesett er obligatoriske. Vi endra det eine settet frå eit sjakkproblem til ei meir databaseorientert oppgåve.
Strykprosent og frafall
29 studentar møtte til eksamen, av desse strauk tre. Det er greit, sjølv om ein skulle hatt gjennom alle saman. Ved oppstart var det noko over 30 studentar på kurset.
Karakterfordeling
Karakterane fordelte seg jamt over skalaen, med ein topp på C.
Studieinformasjon og dokumentasjon
Studentportalen har fungert bra. Eg og studentassistenten har sendt ut meldingar om det som foregår, og eg trur at dei fleste har fått med seg det dei trengte.
Tilgang til relevant litteratur
Læreboka er ei standardbok innan prolog-programmering, og var lett tilgjengeleg på Studia og nettbokhandlar. Anna litteratur vart ikkje brukt.
Faglærers vurdering av rammevilkårene
Lokaler og undervisningsutstyr
Det er ikkje greit å forelese i studio B i Stein Rokkans hus. Rommet manglar utstyr (t.d ein peikestokk), eit par gonger måtte eg avlyse/utsetje forelesing pga. utstyr som ikkje fungerte. Og viktig informasjon som telefonnummeret til It-avdelingen er ikkje lett å finne. Det er og irriterande at ein må gå gjennom tre låste dører for å komme til forelesingslokalet.
Andre forhold
Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)
Metode - gjennomføring
Oppsummering av innspill
Ev. underveistiltak
Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak
Eg syns vel at gjennomføringa av kurset gjekk bra, og pensum verkar å vere av passe storleik. Nokre studentar slit med den formelle/matematiske tilnærminga til stoffet.