INFO282 - emnerapport 2007 høst

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Kurset gjekk over 14 forelesingar der ei av forelesingane var gjesteforelesing ved Agnar Aamodt. vi prøvde å få tak i gjesteforelesar frå FunCom, men det lot seg ikkje gjere, så prof. Aamodt holdt ei forelesing om aktivitetane ved NTNU. Gjesteforelesing er spennande for studentane, men kanskje vi skal arbeide meir med å finne gjesteforelesarar frå næringslivet, slik som FunCom. 

Forelesingane gjekk greit, men eg har vel inntrykk at veldig få møter på forelesingane. Kvifor det er slik, veit eg ikkje. Eg har og ei mistanke om at kunstig intelligens er eit fag som studentane syns er vanskeleg. Det er mykje komplisert formell teori, som er vanskeleg å forklare utan ei matematisk tilnærming, og vanskeleg for studentar utan ei skikkeleg matematisk skolering å forholde seg til. Det er mogleg at pensumet eg la opp vart for stort.

I tillegg hadde vi ei semesteroppgvåe med veiledning. Eg delte denne i fire praktiske oppgåver med ulike innleveringsfristar. Student måtte levere individuelt. I utgangspunkt hadde eg tenkt meg fem oppgåver, men eg valde å stoppe på fire på grunn av arbeidsmengda.

Strykprosent og frafall

Vel 40 studentar starta på kurset, og 38 fikk godkjent semesteroppgåvene og deltok på eksamen. Av desse var det 6 studentar som fikk ikkje bestått fordi dei strauk på eksamen. Det var noko høgt i høve til dei prestasjonane studentane viste på semesteroppgåva. Der var karakterane gode.

Karakterfordeling

Karakterane på semesteroppgåva vart ganske gode, medan eksamensresultata var svake med mange D-ar og E-ar. Eksamen var ikkje spesielt vanskeleg, noko som tyder på at studentane ikke har greid å få med seg dei teoretiske omgrepa vi snakkar i kunstig intelligens.

Studieinformasjon og dokumentasjon

Studentportalen har fungert bra. Eg og studentassistenten har sendt ut meldingar om det som foregår, og eg trur at dei fleste har fått med seg det dei trengte. 

Utanlandsstudentar bør få litt meir innføring i korleis eksamen fungerer, etc.

Tilgang til relevant litteratur

Læreboka er ei standardbok innan kunstig intelligens, og var lett tilgjengeleg på Studia og nettbokhandlar. Anna litteratur vart ikkje brukt.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Det er ikkje greit å forelese i studio B i Stein Rokkans hus. Rommet manglar utstyr (t.d ein peikestokk), eit par gonger måtte eg avlyse/utsetje forelesing pga. utstyr som ikkje fungerte. Og viktig informasjon som telefonnummeret til It-avdelingen er ikkje lett å finne.  Det er og irriterande at ein må gå gjennom tre låste dører for å komme til forelesingslokalet.

Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring



Oppsummering av innspill



Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Eg syns vel at gjennomføringa av kurset gjekk bra, men eksamen tydar på at stoffet er vanskeleg for den jamne informasjonsvitar. Noko mindre pensum enn det eg la opp til er kanskje på sin plass. 

Opplegget med ei semesteroppgåve som fire praktiske oppgåver undervegs fungerte bra, og bør studieplanfestast. T.d. kan ein ha fire slike oppgåver som tel 15% kvar på endeleg karakter, og så bør dei karaktersetjast undervegs.