KJEM231 - emnerapport 2007 høst

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Dei praktiske sidene ved kurset fungerte godt. For nokre av studentane som tok KJEM232 saman med dette kurset, blei perioden med prosjektarbeid vel hektisk, noko som går fram av studentevalueringane også (sjølv om opplegget var kjent ved semesterstart og nokre ting kunne ha vore betre koordinert frå nokre studentar si side). ”Mi side” fungerte godt og er eit godt verktøy.

Strykprosent og frafall

Fråfallet undervegs var lite (eg meiner å hugsa to). Det kom i hovudsak av at dei ikkje fekk arbeidd nok med kurset og kom på etterskot med innleveringsoppgåvene. Eg reknar med at då dei slutta, blei tid frigjort til andre studieaktiviteter som samla sett for desse studentane var ein føremon (noko eg fekk e-posttilbakemelding om var tilfelle).
Ingen strauk, men det kom av at to blei berga av gode prosjektoppgåver.

Karakterfordeling

Ingen merknader

Studieinformasjon og dokumentasjon

Eg merka ikkje at studentane mangla noko informasjon som dei skulle få på førehand. Undervegs blei dei informerte gjennom ”Mi side”, som var velegna for formålet. Undervisningsplanen som blei presentert i byrjinga av semesteret, blei i hovudsak følgt. Dei endringane som blei gjennomførte, blei gjort kjende ved bruk av ”Mi side”, og det fekk studentane med seg. 

Tilgang til relevant litteratur

Eg fekk ikkje rapportar om brest. Studia hadde stell på sakene og samarbeidet fungerte godt.

Under arbeidet med prosjektoppgåvene hadde studentane behov for ein del litteratur. Alle gruppene fekk låna basislitteraturen dei trengte av meg, og resten fekk dei tak i på biblioteket, der studentane fekk den hjelpa dei trengte.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Det oppgraderte undervisningsrommet fungerte fullgodt for mitt formål. At det stundom har ein tendens til å mangla kritt og peikestokk på rommet, har eg løyst ved å ta med meg eigen krittpakke og privat peikestokk. Det er å leva med. 

Andre forhold

Timeplanlegginga fungerte godt. Det var ingen kollisjonar, og då eg skulle ha nokre ekstratimar på slutten av semesteret, var systemet til god hjelp for å få desse på plass.

Undervegs dukka det sjølvsagt opp spørsmål og små utfordringar som kravde svar og praktiske løysingar. Då var tilsette i administrasjonen på instituttet (NBJ og HEH) alltid klare til å hjelpa, noko dei gjorde på ein framifrå måte.

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Den elektroniske gjennomføringa gjekk greit, men burde etter mitt syn ha vore gjort tidlegare slik at studentane ville ha fått ei kjensle av at dei var med på å betra sin eigen studiesituasjon. Det er nok ein av grunnane til at svarprosenten blei så låg (< 50%).

Elles spurde eg studentane undervegs om dei hadde kommentarar og innspel, og det fekk eg nokre av.

Oppsummering av innspill

Evalueringa syner nok ein gong at perioden med prosjektarbeid blir vel hektisk. Denne gongen kom noko av det av at minst fire av studentane hadde solide arbeids-økter utanom studiet å ta hand om, og ein student var faktisk på ferie i Paris ein god del av perioden sett av til prosjektarbeid trass i at det var gjort greie for opplegget i detalj i skrivet dei fekk ved semesterstart. Slikt kan ein ikkje gjera noko med, men det kan gi grunnlag for å spørja om prosjektarbeid er ei god arbeidsform. Eg meiner framleis at det er det.

Innspela syner elles at det ser ut til at undervisningsmengda og fordelinga av dei ulike formene for undervisning fungerer bra.

I evalueringa kom det ikkje fram noko som etter mitt syn krev store endringar i opplegget.

Ev. underveistiltak

Undervegs blei det fleire gonger gjort små justeringar av innleveringsfrister for einskilde studentar (forskjellige kvar gong) når dei hadde gode grunnar for å be om utsetjing. Likeeins strekte eg meg temmeleg langt for at den Paris-ferierande studenten skulle få gjort prosjektet sitt ferdig. (Det gjorde for så vidt ho og, for ho måtte koma for å få kommentarar og tilbakespel godt utanom arbeidstid.) 

Samla sett gjorde desse tillempingane at kurset gjekk rimeleg smidig vil eg seia.

Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

1) Samla sett er eg nøgd med kurset. Etter mitt syn har hovudstrukturen i opplegget no funne forma si og kan vidareførast.
2) Eksamensresultata tyder på at læringsutbytet for dei fleste var godt.
3) Det er ei utfordring å få studentane til å bli meir aktive. Kva ein skal gjera for å få det til er ei lita gåte. Eg underviste i haust ved Helsinki Technical University og der var spørjelysta og spørjeevnen vesentleg større utan at eg gjorde noko spesielt. Same røynsla har eg når eg no underviser på Univeristy of Tasmania i Hobart.
4) Konferansetimane eg hadde undervegs blei utnytta noko meir enn tidelegare, truleg fordi eg oppmoda til det. Her kan det gjerast meir.