Mat.inst - instituttrapport 2007 vår

Instituttsledelsens vurderinger

Studieprogrammet; profil, struktur, forekomst av felles undervisning og emner spesielt utviklet for studieprogrammet, faglig- sosiale aktiviteter



Praktisk gjennomføring

Det praktiske rundt gjennomføringa av undervisninga våren 2007 fungerte tilfredsstillande. Studenttalet var om lag som året før, så storleiken på undervisningslokala og talet grupper/seminar var tilfredsstillande. 

Som i fjor var det ei tilfredsstillande koordinering mellom andresemesterkursa MAT112, MAT121 og MAT131. Det ser ut til at vi har funne ei form på denne kurspakken som studentane er godt nøgde med, noko som vart stadfesta av ei referansegruppe som vart intervjua i samband med kursevalueringa våren 2007. Dette studieåret har elles sett ei justering av pensumfordelinga i MAT111, MAT112, MAT131 og MAT230 (ny variant av vårt gamle kurs MAT231). Det vil bli vurdert om nokre mindre korrigeringar kan vere teneleg med omsyn til kva som blir undervist i dei ulike semestera, men dei store linjene ser ut til å vere komne godt på plass. 

Dei obligatoriske innleveringsoppgåver syner som vanleg at mange av dei eksamensregistrerte studentane ikkje gjer det minst forsøk på faktisk å ta kursa våre. Enkelte studentar melder seg opp i så mange kurs at det er nokså klart at dei ikkje kan vere seriøse studentar på alle saman. Fakultetet har via uformelle samtalar blitt oppfordra til å arbeide for at det vert sett ei (romsleg) sperre på kor mange kurs ein student sjølv kan få melde seg opp i. Studentar som ønskjer å ta fleire enn seks kurs i eit semester bør ikkje få melde seg opp til desse kursa utan at vedkommande har vore innom til ein realitetsorienterande samtale for å avklare kva som kan vere realistisk å få til. 

Ordninga med obligatoriske øvingar er utvida til å gjelde fleire kurs, mellom anna med omsyn til å spare oss for at vi må arrangere eksamenar der ingen studentar møter opp på eksamensdagen. Rutinane med å fjerne desse studentane frå listene over dei som får gå opp til eksamen kan bli betre, men slik at det skjer så snart resultata av dei obligatoriske øvingane er klare. I vår skjedde dette litt for tett opp til eksamen, men dette hadde samanheng med langtidssjukefråvær i studieadministrasjonen.

Om eksamensavviklinga: Rutinane rundt dei kursansvarlege sine tidsfristar for innsending av eksamensoppgåvetekster og sensur av studentane sine eksamensoppgåvesvar fungerte i vår tilfredsstillande. 

Ut over dette kan ein nemne at det var problematisk at tavlesystemet i auditorium 1 fungerte dårleg heile semesteret, og at det var nødvendig å flytte undervisning på grunn av dette. Kvaliteten på det tekniske utstyret i nokre av undervisningsromma var elles noko varierande, og medførte frustrasjonar for dei førelesarane som skulle bruke det.

Søkertall per studieplass, gjennomføring, strykprosent og frafall

Fråfallet i nokre av kursa på lågare grad er ganske stort, men dette er som forventa med omsyn til tommelfingerregelen om at omlag ein tredjedel av dei oppmelde studentane ikkje eigentleg har nokon intensjonar om faktisk å ta eksamen. (Noko som blir avslørt av at dei ikkje leverer inn obligatoriske øvingar i dei kursa som har det.)

Strykprosenten for våren 2007 er tilsvarande den som har vore for tidlegare år. Strykprosenten vert trekt opp av at det er mange nye studentar som slit med å få på plass gode studievanar og brukbare studieteknikkar i sitt første år som student. Det har blitt gitt informasjonsmøte der studentane har fått innspel om at dei alltid bør vurdere om deira arbeidsvanar og -rutinar er optimale i forhold til det å studere matematiske fag. Med omsyn til at dette har vore eit friviljug tilbod som alle interesserte kunne delta på er det ingen referansegruppe tilgjengeleg som vi kan bruke for å sjå om dette tiltaket har hatt nokon eigentleg effekt. Men det har elles blitt sett fokus på å informere studentane om kva forkunnskapar det er forventa at dei må ha for at dei skal kunne følgje dei ulike kursa våre. Dette har også blitt formidla tydeleg til studiekonsulentar ved andre institutt slik at studentane sine planlagde studieløp vonleg har ein rimeleg god sjanse til å vere gjennomførlege. 

Ei undersøking av samanhengen mellom forkunnskapar og gjennomføring av våre matematiske kurs syner at dersom det verkeleg skal gjerast eit grep som reduserar både strykprosenten og fråfallsprosenten kraftig, så vil det vere å innføre obligatoriske forkunnskapskrav. Eit slikt grep ser vi derimot som mindre aktuelt, då det strir i mot eit hevdvunne prinsipp i fagmiljøet om at dei som vil prøve seg til trass for sviktande forkunnskapar skal få lov til det. 

Karakterfordeling

For kursa på lågare grad er karakterfordelinga normalfordelt. For dei meir avanserte kursa er fordelinga litt meir topptung, men dette er ikkje overraksande då studentane som tek desse kursa i all hovudsak har spesiell interesse for matematikk og sidan karaktergjevinga vert gitt med utgangspunkt i studentane sine prestasjonar. Snittkarakteren for våre kurs er C.
Vi praktiserer ekstern sensor på alle kurs med munnleg eksamen, og for dei fleste kurs med skriftleg eksamen har vi i tillegg inne sensorar som ser til at eksamensoppgåvene er gangbare og som vidare kontrollerer at karaktergjevinga harmoniserar med det som er praksis ved dei matematikkfaglege institutta ved dei andre norske universiteta. I dei kursa med skriftleg eksamen som ikkje har ekstern sensor tilseier vårt interne regelverk at det skal vere med ein intern kontrollør som faglærar kan konsultere i samband med utforminga av eksamensoppgåvene. Den interne kontrolløren deltek ikkje i sensuren av oppgåvene, men vert involvert dersom det er nødvendig med ein klagekommisjon. 

Ressurstilgang

Stort sett tilfredsstillande. 

Kommentar til studentevalueringene inkl. opplysninger om studentene opplever kullfølelse

Våren 2007 vart følgjande kurs evaluert: MAT131, MAT213, MAT220, MAT224, MAT243, MAT252, MAT253, MAT264, MAT354, STAT200, STAT211, STAT240 ved hjelp av evalueringsskjema. 

Kursa MAT112 og MAT121 vart dels tatt med i samband med at det vart gjort ei kvalitativ intervjurunde med studentar og undervisningsassistentar i MAT112, MAT121 og MAT131 der fokus var å finne ut korleis eit spekter av studentar frå heile karakterskalaen opplevde det andre semesteret i forhold til det første. Tilbakemeldinga der var at ting fungerer bra, og dei seier seg nøgde med dagens ordning. Dei intervjua som vart utført i den kvalitative undersøkinga syner at vårt inntrykk frå dei kvantitative kursevalueringane frå våren 2006 er i samsvar med det studentane i vår sjølve gir uttrykk for. Det kan dermed sjå ut til at vi no har funne ei form på undervisninga/koordineringa av dei tre kursa MAT112, MAT121 og MAT131 som det er tenleg å halde på, noko som vi ser som særleg gledeleg sidan det syner at dei justeringar av undervisningsopplegget som kom som følgje av studentane si misnøye med delar av det organisatoriske i gjennomføringa av desse kursa våren 2003 og våren 2004 har hatt den ønska effekten. 

Tidlegare har det vore fast punkt at både MAT112, MAT121 og MAT131 har blitt evaluert, men sidan studentane som følgjer desse kursa i stor grad er dei same har vi fått tilbakemeldingar om at dei har gått leie av å fylle ut våre evalueringsskjema. Derfor fall valet i vår på å velje ut eit av desse tre kursa, der vi på grunnlag av storleiken på kurset gjekk for bruk av eit elektronisk spørjeskjema. Svarprosenten var dessverre enno lågare enn vi kunne ønskje oss. For dei andre kursa sin del har tidlegare års erfaring av elektroniske evalueringsskjema medført at vi i vår igjen gjekk over til å bruke papirskjema delt ut på førelesingane.

Talmaterialet for mange av kursa våre er av naturlege grunnar nokså lite (det er få studentar på desse kursa), men trenden er den same som vi alltid har sett. Dei som har dei nødvendige forkunnskapane trivest bra med studentlivet, dei oppfattar førelesingane som interessante, pensumet som passeleg stort og avansert og har det i det heile tatt fint. Studentane med svake forkunnskapar har derimot som regel eit litt anna syn, men tilbakemeldingane er likevel i all hovudsak positive. 

Studentane gir elles ei tilbakemelding om at koordineringa mellom dei ulike kursa i bachelorprogrammet er tilfredsstillande.
Eit anna framtredande trekk er at det er få studentar som arbeidar så mykje med studia som vi kunne ønskje oss. Kursa si arbeidsmengd er bygd opp med tanke på at tre kurs skal utgjere ei full arbeidsveke for studentane, så når mange studentar ikkje jobbar nok med studia vert det til dels  dårlege resultat. Ut frå evalueringane ser det ut til at minst kvar femte student har ein jobb ved sidan av studia, noko som kan vere med på å forklare at gjennomsnittleg tid brukt på studia er i lågaste laget. 

Studieinformasjon og dokumentasjon

Tilfredsstillande. 

Tilgang til relevant litteratur

Tilfredsstillande.
Studia hadde på plass tilstrekkeleg mengder med pensumbøker ved semesterstart. 

Instituttsledelsens samlede vurderinger,
inkl. forslag til forbedringer

Undervisningsopplegget fungerer rimeleg bra, og samkøyringa mellom dei ulike kursa våre ser no ut til å ha kome godt på plass. Nokon av førelesarane har uttrykt ønskje om å gjere mindre justeringar av pensum for nokre av dei kursa som vart omforma i samband med den store studieplanendringsrunden hausten 2006, noko som vi ser som naturleg vert gjort i alle høve. Denne studieplanendringsrunda kom i etterkant av ein periode med ein stor utskifting av instituttet sin stab, og omfatta derfor naturleg ei omstruktureringar av kurstilbodet for dei avanserte matematikkursa ved instituttet. I tillegg hadde ein eigen kursporteføljekomité sett på korleis grunnundervisninga i dei tre første semestera var strukturert, og innspela frå denne komiteen vart også vedtekne hausten 2006 og er no under implementering. Instituttet sine forskingsgrupper held elles som vanleg eit skarpt blikk på korleis våre knappe undervisningsressursar skal strekke til for å dekke heile det spekteret av kurs og studieprogram som vi meiner det er ønskeleg skal finnast ved ein matematisk utdanningsinstitusjon.

Sensorordninga blir brukt i utstrakt grad, for å sikre at nivået på utdanninga ligg på linje med dei andre matematiske institutta i Noreg. Sensor vert brukt i alle kurs med munnleg eksamen og i dei fleste av kursa med skriftleg eksamen. Erfaringane våre er at dette fungerar tilfredsstillande. Når det gjeld mastergradene er det ei karakterfordeling der som er noko topptung, men med omsyn til at karakteren vert gitt ut frå ei kvalitativ vurdering av den einskilde oppgåva (og ikkje for å presse karakterane inn i ei gitt normalfordeling), vert ikkje dette sett som alarmerande. Dei studentane som får toppkarakterane har i all hovudsak hatt toppkarakterar i sine fag gjennom heile studiet, medan dei som har litt blanda bakgrunn har resultat som er litt meir spreidd ut over karakterskalaen. Dessutan må ein ikkje gløyme at det med dagens opptakskrav er ei reell siling av søkjarane som medfører at dei som ikkje har eit godt nok grunnlag til å få ein gangbar karakter ganske enkelt ikkje får starte på mastergrad. 

Instituttet har elles tre programsensorar, som mellom anna har blitt brukt som ein viktig høyringsinstans i samband med saker som har gått på revisjon av kursporteføljen ved instituttet. Dei har og kome med vektige argument i samband med ein diskusjon om korleis vi kunne få på plass eit system som sikrar at det er på plass eit enkelt og robust system som kan sikre at eventuelle problem i eit rettleiingsforhold mellom ein masterstudent og ein vitskapleg rettleiar skal kunne løysast på ein effektiv måte. 

Instituttet sin studieadministrasjon har i samsvar med tradisjonen gjort sitt beste for å skjerme faglærarane frå ein del av det studieadministrative arbeidet (arbeid med timeplanlegging, eksamensdatoar, hjelp til å få ut meldingar og filer på studentportalen, føring av lister for godkjende obligatoriske oppgåver med meir). Dette for at førelesarane skal ha høve til å få fokusert på undervisninga og ikkje minst få litt meir ro til å drive sin forskingsaktivitet. Spesielt med omsyn til at ein del av dei tekniske verktøya som skal løyse desse problema til tider fungerer skandaløst dårleg er det viktig at enkelte spesialistar løyser mange sine problem på ein gong. 

Instituttet ser det elles som viktig at det vert gjort framstøyt med omsyn til å få betre kontakt med studentane som er tidleg i bachelorstudiet. Vi hadde eit programmøte/sosialiseringsmøte i mai der studentane fekk informasjon om alt det kjekke dei kan velje mellom når dei fordjupar seg innan matematikk, der det var filmvisning og der det vart servert mat og drikke etterpå. Studentar tidleg i studiet fekk her treffe masterstudentar og forskarar i fri blanding. Etter initiativ frå Matematisk fagutval vil det hausten 2007 bli arrangert populærvitskaplege føredrag som vonleg gjer det lettare for bachelorstudentane våre å bli kjent med dei som er komne lenger i studiet. Ein sterkare kontakten på tvers av dei ulike årskulla er noko vi ser det som viktig å få lagt betre til rette for, då det kan medvirke til at fleire held fram frå ein bachelorgrad til ein mastergrad.