MAHF-MUTP - studieprogramrapport 2007 vår

Studieprogramleders vurderinger

Studieprogrammet; profil, struktur, forekomst av felles undervisning og emner spesielt utviklet for studieprogrammet, faglig- sosiale aktiviteter



Praktisk gjennomføring

Studieprogrammet var nyetablert ved UiB hausten 2006, etter flytting av musikkterapistudiet frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Alle emna i programmet er nye og utvikla spesielt for dette, nemleg MUTP301 Klinisk musikkterapi, MUTP302 Musikkterapeutisk improvisasjon og samspel, MUTP303 Musikkterapeutisk profesjonskunnskap og støtteteori, MUTP311 Musikkterapiteori, MUTP312 Musikkterapeutisk forskingsmetode og MUTP350 Masteroppgåve i musikkterapi. 

Noko gjesteundervisning ved MAHF-MUTP har vore samordna med MUTP202 ved ÅRHF-MUTP.

Ved midtvegsevaluering til jul kom det fram klår frustrasjon over manglande kullkjensle og sosial tilhøyrsle ved Griegakademiet. Følgjande tiltak vart sett i verk i vårsemesteret, med gode resultat: Etablering av fellesmøte for informasjonsutveksling m.m., innføring av regelmessige huskonsertar, oppfølging av kandidatane gjennom individuelle evalueringssamtalar.

Det har vore eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld “ekstraordinære” faglege aktivitetar, dels grunna samarbeid med GAMUT, Griegakademiets senter for musikkterapiforsking. Vi kan nemne:
-	November 06: Dagsseminar med Gary Ansdell og Mercedes Pavlicevic (begge frå Nordoff-Robbins-senteret i London og knytt til forskingsprosjekt ved UiB/GAMUT)
-	2. februar 07: Fagleg pedagogisk dag: “Samfunnsmusikkterapi i en barnevernsinstitusjon” (ved Viggo Krüger).   
-	1. mars 07: Fagkritisk dag (dagsprogram utarbeidd av studentane)
-	3. og 4. mai 07: Seminar med Carolyn Kenny (USA) og Even Ruud (Oslo)
-	31. mai 07: GAMUT-seminaret 2007, med Ken Aigen (USA) og ei lang rekkje andre førelesarar 
-	1.-3. juni 07: Andre norske musikkterapikonferanse (arrangert i Fana, der mange av studentane var involverte som frivillige).

Praktisk gjennomføring har i hovudsak gått greitt, sett i høve til dei innkøyringsproblem ein må rekne med ved nyetablering. Det har vore noko frustrasjon hjå studentane når det gjeld tilgang til informasjon, men dette betra seg etter jul, m.a. ved innføring av fellesmøte og ved meir funksjonell bruk av MiSide. 

Søkertall per studieplass, gjennomføring, strykprosent og frafall

Av 15 studentar totalt (9 ordinære + 6 innpassingsstudentar) fall ein innpassingsstudent i frå før jul grunna sjukdom. Av dei resterande 14 studentar strauk 1 kandidat (7 %) til eksamen på MUTP312. Kandidaten vil ta kontinueringseksamen hausten 2007.

Karakterfordeling

Karakteren spesifisert av studieplanen er Greidd/Ikkje greidd. Sjå elles punktet over.

Ressurstilgang

Ingen spesielle problem for gjennomføring av dette konkrete studieåret (men sjå nedanfor). Samarbeidet med GAMUT har gjort det mogeleg å tilby fleire eksternt finansiert seminar som studentane elles ikkje ville hatt tilgang til (sjå over under gjennomføring).

Det prinsipielt vanskelege punktet når det gjeld ressursar er at UiB førebels ikkje har sett av midlar til årlege opptak både på ÅRHF-MUTP og MAHF-MUTP. Fakultetet har følgjeleg vedtatt å gjere eit 0-opptak til ÅRHF-MUTP i 2007, noko som er svært uheldig for vidare fagleg utvikling av begge studietilbod. 

Kommentar til studentevalueringene inkl. opplysninger om studentene opplever kullfølelse

Evaluering er gjennomført på følgjande måtar: 
-	regelmessig munnleg evaluering
-	drøftingar i fagkritisk utval 
-	skriftleg evaluering. 

Det var for få studentar som svarte på den skriftlege evalueringa til at det skapar meining å rekne på snittskåre, men dei fleste emne og kurs i studieprogrammet har fått positiv evaluering. Studentane har opplevd det som litt krevjande og forvirrande at undervisninga har vore fordelt mellom fire ulke bygg på universitetsområdet. Ein av dei utanlandske studentane argumenterer for at studieprogrammet kanskje fokuserer for mykje på norske forhold. 

Eit hovudpunkt blant dei innspel som er komne har vore at kullkjensla og tilhøyrsla ved Griegakademiet ikkje var god i haustsemesteret. Grep vart tatt i høve til dette (sjå over) og evalueringa til sommaren gav eit heilt anna bilete.

Studieinformasjon og dokumentasjon

Studieplan ligg ute på Studentportalen. Spesifiserte kursplanar er utarbeidde og har vore tilgjengeleg for studentane på MiSide.

Tilgang til relevant litteratur

Dette har i hovudsak fungert greitt. Nokre bøker kom for seint inn til Studia og i nokre kurs har det vore ei utfordring å finne relevant litteratur på høveleg nivå. Fagmiljøet vil følgje opp dette før neste opptak.

Studieprogramleders samlede vurderinger,
inkl. forslag til forbedringer

I hovudsak er vi godt nøgde med gjennomføringa av dette første studieåret med dette nye studieprogrammet. Ein har gjort klåre erfaringar om behov for tiltak som kan sikre kullkjensle, personleg utvikling hjå studentane og sosial tilhøyrsle på Griegakademiet. For seinare kull vil vi vidareføre tiltak som fellesmøte, huskonsertar og individuell oppfølging av kandidatane. Vidare vil det vere viktig å få til eit styrkt prosjektsamarbeid (t.d. korprosjekt) med resten av Griegakademiet sine studentar. 

Nokre av dei faglege utfordingane som ein bør gripe fatt i før neste opptak er:
-	Styrking av den praktisk-metodiske komponenten i MUTP301
-	Klårgjering av fokus og samanheng i gjesteundervisninga på MUTP303
-	Klårgjering av semesteroppgåva sin funksjon i MUTP311, i høve til litteraturgjennomgang for masteroppgåva.
-	Klårgjering av forholdet mellom det kvalitative og kvantitative metodekurset i MUTP312.

På sikt er følgjande to forhold avgjerande:
-	Årlege opptak både på ÅRHF-MUTP og MAHF-MUTP
-	Utvikling av eit bachelortilbod i musikkterapi og styrking av PhD-opplæring i musikkterapi.