HIS115 - emnerapport 2007 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Tema 2:
-Praktisk gjennomføring
Kurset bestod av 10 forelesingar (dobbelttimar), rettleiing på 3 
mappeoppgåver samt sjølvstyrte kollokviegrupper. I tillegg til den 
ansvarlege for emnet gav to undervisningsassistentar også rettleiing på 
mappeoppgåvene. Forelesingane blei gjennomført med bruk av powerpoint. I 
tillegg til forelesingar var det éi byvandring i Bergens gamle 
straffanstaltar på eit par timar. Siste forelesing vart gitt allereie 28. 
mars, noko som dessverre medførte at temaet ikkje vart evaluert.

Tema 1:
Praktisk gjennomføring: Tore Grønlie og Yngve Flo har i fellesskap hatt ansvaret for emnet, og det delte ansvar har ikkje skapt nokon vanskar. Saman med Øyvind Grøndahl har dei to faglærarane sjølve stått for førelesingane (Grønlie fem, Grøndahl fire og Flo to førelesingar). I og med at Grøndahl ikkje lenger bur i Bergen, fann vi det mest praktisk at hans fire førelesingar vart gjennomført på to dagar. Dette gav to «maratonøkter» med fire førelesingstimar på éin dag, men vi mottok ikkje spesielle negative reaksjonar på dette.

Oppmøtet ved førelesingane var stabilt. Om lag 25 studentar var jamleg til stades; i hovudsak dei same semesteret gjennom. Alle førelesarane nytta lysark, og desse vart gjort tilgjengelege for studentane på nett etter førelesingane.

Det er vanskeleg å vurdere kor godt førebudde studentane var før førelesingane, men aktivitetsnivået (stilte spørsmål, deltaking i diskusjonar) var akseptabelt. I år som tidlegare år sit vi likevel att med inntrykk av at dei grunnleggjande kunnskapane om det politiske systemet og nyare norsk politisk historie ikkje er så gode som vi skulle ynskje.

Dette semesteret stod ikkje faglærarane for noko av mappeevalueringa sjølv; dette vart gjort av Kark-personale og undervisningsassistentar. Svein Sture, Gunnar Ellingsen og Sveinung Sønnesyn gjorde ein god innsats, og dei har sjølve gjeve uttrykk for at arbeidet ikkje baud på store vanskar. Evalueringsgruppa hadde møte med faglærar straks kvar einskild av dei tre mappeoppgåvene var innlevert for å diskutere kva ein burde leggje vekt på under vurderinga.

Strykprosent og frafall

Se FS. rapport

Karakterfordeling

Se FS. rapport

Studieinformasjon og dokumentasjon

Tema 2: Informasjon blei gitt gjennom orienteringsmøter, informasjonshefte og elles 
gjennom semesteret på MiSide og i Kark. Så langt eg har oppfatta det har 
informasjonen vore god. I alle fall har ikkje studentane gitt noko spesiell 
tilbakemelding om noko anna.

Tema1 :

Studieinformasjon og dokumentasjon: Informasjon vart gjeve til studentane både ved studiestart og gjennom emnepresentasjon både i instituttets hefter og på nett. I tillegg er informasjon gjeve både på førelesingar og gjennom Kark/Di side. Vi har inntrykk av at studentane oppfattar informasjonen som god.

Tilgang til relevant litteratur

Tema 2: Det var noko problem med kompendiet i starten av semesteret. Dette var ikkje 
klart då forelesingane starta, men var på plass vel ei veke etter 
undervisningsstart. Den øvrige litteraturen var tilgjengeleg heilt frå 
starten av.

Tema 1: 
Tilgang til relevant litteratur: Tilgangen har vore uproblematisk. Litteratur som ikkje er ordinært tilgjengeleg ved Studia er vorten stilt til disposisjon gjennom eit kompendium basert på kopiering etter Kopinors retningsliner. I motsetnad til i fjor, har vi i år ikkje motteke klager på at kompendiet har vore vanskeleg å få fatt i (utselt i periodar) ved Studia.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Tema 2: -Lokaler og undervisningsutstyr
Undervisninga føregjekk i Aud. R på Sydneshaugen skule. Auditoriet er godt 
utstyrt med AV-utstyr, og dette fungerte fint heile semesteret. Auditoriet 
var også passe stort og fungerte godt.

Tema 1:
Vurdering av rammevilkåra
Desse har vore tilfredsstillande. Undervisningslokalet har vore passeleg stort, og tilfredsstillande utstyrt for vårt føremål (så har då også ein fungerande overheadprosjektor vore det einaste tekniske kravet).


Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Tema 2: -Metode - gjennomføring
Evalueringa blei gjennomført så seint i semesteret at det dessverre blei for 
seint for mitt emne. Eg hadde siste forelesing 28. mars, noko tidlegare enn 
dei fleste andre, og dermed blei dette emnet/temaet ståande utanfor evalueringa.

Tema 1: 
Kommentarar til studentevalueringa
Båe dei emneansvarlege har lese gjennom alle studentevalueringane, og meiner desse gjev grunnlag for å slå fast at studentane gjennomgåande er tilfredse med undervisninga og med utbytet av kurset.

Oppsummering av innspill



Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Tema 2: Faglærers samlede vurdering, inkl. forslag til forbedringstiltak
Utan studentevaluering er det vanskeleg å vurdere emnet og ikkje minst å 
foreslå forbetringstiltak. Men inntrykket er at emnet har fungert. Oppmøtet 
på forelesingane har vore ganske godt heile semesteret (rundt 40). 
Rettleiinga på Kark har fungert godt. Studentane har vore rimeleg aktive i 
diskusjonen på Kark, men mest ved å stille spørsmål som faglærarar har svart 
på meir enn diskusjon mellom studentane. Diskusjonane på forelesingane tok 
seg opp utover i semesteret, men kunne gjerne ha vore fleire og involvert 
fleire studentar. Sjølv om studentane ikkje har gitt tilbakemelding på 
pensum som ikkje har fungert, bør det reviderast om emnet skal gå på nytt.


Tema 1: 

Samla vurdering, inkl. framlegg til forbetringstiltak
Dei vanskane vi noterer oss skuldast gjerne at grunnkunnskapane studentane har i moderne norsk historie ikkje er dei beste, og at fordjupingsemnet til dels lyt lesast før det aktuelle grunnpensumet. Vi har freista å handtere dette ved å byggje inn ein del grunnelement (historisk oversyn og institusjonskunnskap) i kurset. Vi gjev òg ei «lesarrettleiing»; eit framlegg til kva rekkjefølgje studentane bør lese pensum i med tanke på at grunnkunnskapane skal tileignast fyrst, og at dei elles skal «halde følgje» med førelesingane.

I ein eventuell framtidig revisjon bør freiste å byggje inn noko meir ålmenn politisk samtidshistorie (m.a. partihistorie) frå tida etter 1945. Motsett kan vi byggje ned noko av det mest kompliserte «institusjonsstoffet», og dei relativt omfattande pensumkomponentane om teoretisk omstridde heilskapsforståingar. Like fullt er det viktig at kurset ikkje endrar preg ved at den institusjonelle heilskapsforståinga med sentraladministrasjonen i sentrum – sjølve kjernen i emnet – vert monaleg svekt.