HIS116 - emnerapport 2007 vår
Faglærers vurdering av gjennomføring
Praktisk gjennomføring
Emnet vart gjennomført over 12 dobbelførelesingar med til saman 4 førelesarar. Emnet var avgrensa tematisk og geografisk. Først vart det gjeve ei teoretisk innføring i emnet, deretter følgte førelesingar som tok føre seg nasjonalisme og nasjonal identitet i ulike samfunn. Det vart lagt stor vekt på å få fram samanhengen mellom teori og empiri. I tillegg vart det samanliknande perspektivet lagt stor vekt på. Alle førelesarane hadde spesialkompetanse på dei tema dei føreleste over. Trass i stor tematisk breidde i emnet, såg førelesingane ut til å fungera svært bra. Tidleg i semesteret fekk studentane utlevert ei obligatorisk øvingsoppgåve. Det kan stillast spørsmål ved i kva grad denne fungerte etter intensjonane og stor stort læringsutbytet av denne oppgåva er, all den tid undervisninga knapt hadde kome i gang då oppgåva vart utlevert.
Strykprosent og frafall
se fs rapport
Karakterfordeling
se fsrapport
Studieinformasjon og dokumentasjon
Informasjonstilgangen for studentane ser ut til å ha fungert bra. Før semesteret tok til, vart det reklamert for emnet via ein informasjonsfaldar som vart spreidd rundt på universitetet, i tillegg til dei vanlege kanalane. Informasjon elles vart formidla på Kark, Mi side og på førelesingane. Studentane var for lite aktive sjølve i å delta i ordskiftet på Kark.
Tilgang til relevant litteratur
Ei av bøkene på pensum, boka til Rogers Brubaker, var tilgjengeleg for seint på Studia. Elles var alle pensumtekstane tilgjengelege til rett tid.
Faglærers vurdering av rammevilkårene
Lokaler og undervisningsutstyr
Dette fungerte bra.
Andre forhold
Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)
Metode - gjennomføring
Oppsummering av innspill
Ev. underveistiltak
Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak
Emnet var populært, med lite fråfall undervegs. Alt tyder på at det fungerte bra, trass i eit stort tematisk spenn og i at mange førelesarar var involverte. Undervges i kurset vart det organisert kollokviegrupper. Det hadde vore best om desse kom i gang tidlegare, dette ville truleg ha ført med seg større eigenaktivitet og engasjement frå studentane sjølve si side.