HIM101 - emnerapport 2007 vår
Faglærers vurdering av gjennomføring
Praktisk gjennomføring
Undervisninga var basert på kateterforelesningar (1 dbt. i veka) og
arbeidsseminar (1 dbt. i veka). Forelesningane følgde ein kronologisk plan. I
arbeids-seminaret kunne studentane drøfte problemstillingar knytta til
forelesningane og/eller til pensum. Studentane fekk også øving i
oppgåveskriving.
Strykprosent og frafall
se FS rapport
Karakterfordeling
se FS rapport
Studieinformasjon og dokumentasjon
Studentane fekk informasjon om undervisninga og pensum både på papir og på
internett.
Tilgang til relevant litteratur
Pensumlitteraturen var stort sett tilgjengeleg på Studia frå semesterstart.
Faglærers vurdering av rammevilkårene
Lokaler og undervisningsutstyr
Lokala vi fekk tildelt fungerte godt m.o.t. undervisningsutstyr
Andre forhold
Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)
Metode - gjennomføring
Oppsummering av innspill
Ev. underveistiltak
Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak
Gjennomføringa av HIM101 må vurderas som vellykka.
Med berre ein dobbeltime forelesingar i veka, er
seminara eit viktig tilskott til undervisninga.
Oppslutninga om desse er rimelig bra, men mange
studenter legg relativt lite arbeid i dei, m.a.
er det få som nyttar seg av tilbodet om å skrive
øvingsoppgåver. Mange studentar ser også ut til å
sjå forelesingane som heilt eller delvis
erstatning for, heller enn tilskott til,
pensumlesinga. Det er likevel viktig å
oppretthalde øvingstilboda for dei studentane som
er villig til å gjere denne innsatsen, men vi kan
også vurdere å omstrukturere forelesingane med
ein moderat auke i talet på forelesingar, om det
blir skaffa til veges ressursar for det.