HIS250 - emnerapport 2007 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Kurset bestod av 10 forelesingar (dobbelttimar), samt  éi byvandring i 
Bergens gamle straffanstaltar på eit par timar. Siste forelesing vart gitt 
allereie 28. mars, noko som dessverre medførte at temaet ikkje vart 
evaluert. I tillegg til forelesingar blei det også gitt rettleiing på sjølve 
bacheloroppgåva. Faglærar hadde først individuelle møte med samtlege 
250-studentar (ti, som blei ni) ved semesterstart for diskusjon av 
oppgåvetema og litteratur. Eg var også tilgjengeleg på epost gjennom heile 
semesteret. Studentane hadde tre innleveringar i Kark. Første innlevering 
var ein disposisjon og vurdering av relevant litteratur, andre innlevering 
eit første utkast til heile oppgåva, før endeleg eksamensinnlevering. I 
etterkant av andre innlevering hadde kvar enkelt student individuell rettleiing.

Strykprosent og frafall

se FS rapport

Karakterfordeling

Se FS rapport

Studieinformasjon og dokumentasjon

Informasjon blei gitt gjennom orienteringsmøter, informasjonshefte og elles 
gjennom semesteret på MiSide og i Kark. Før innlevering var det litt 
usikkerheit blant studentane om korleis dei skulle forholde seg til 
pensumlista, kva litteratur som kunne vere på den (dvs. kva som var 
forskjell på litteraturlista i oppgåva og pensumlista) og ikkje minst kor 
den skulle leverast inn. Dette ordna seg, og elles synes informasjonen å ha 
vore ok.

Tilgang til relevant litteratur

Det var noko problem med kompendiet i starten av semesteret. Dette var ikkje 
klart då forelesingane starta, men var på plass vel ei veke etter 
undervisningsstart. 250-studentane kan skifta ut heile eller deler av pensum 
etter kva oppgåvetema dei vel. Kompendiet var berre relevant for enkelte av 
studentane, slik at dette var eit mindre problem på 250. 250-studentane er 
meir avhengige av bibliotek-lån, og dette synes stort sett å ha gått bra. 
Enkelte studentar la opp den same litteraturen, og det virkar som dei 
samarbeidde godt om det og delte den med kvarandre. Noko litteratur var meir 
spesialisert og ikkje tilgjengeleg ved UBB, og måtte utgå.


Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

-Lokaler og undervisningsutstyr
Undervisninga føregjekk i Aud. R på Sydneshaugen skule. Auditoriet er godt 
utstyrt med AV-utstyr, og dette fungerte fint heile semesteret. Auditoriet 
var også passe stort og fungerte godt.

Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Evalueringa blei gjennomført så seint i semesteret at det dessverre blei for 
seint for mitt emne. Eg hadde siste forelesing 28. mars, noko tidlegare enn 
dei fleste andre, og dermed blei dette emnet/temaet ståande utanfor evalueringa.

Oppsummering av innspill



Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Faglærers samlede vurdering, inkl. forslag til forbedringstiltak
Utan studentevaluering er det vanskeleg å vurdere emnet og ikkje minst å 
foreslå forbetringstiltak. Men inntrykket er at emnet har fungert. 
Rettleiinga på Kark har fungert godt, og i tillegg har eg hatt ein del 
kontakt med studentane på andre måtar, særleg epost. Inntrykket er at 
studentane har kome tidlegare i gang med bacheloroppgåva si dette semesteret 
enn tidlegare, og dermed levert meir fyldige disposisjonar i første 
innlevering og likeins langt meir modne og fyldige førsteutkast i andre 
innleveringa.