MUTP312 - emnerapport 2007 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Fire ulike faglærarar har hatt ansvaret for undervisninga i ulike delkurs i emnet. Varierte arbeidsmåtar har vore nytta. Ingen vesentlege problem med praktisk gjennomføring.

Strykprosent og frafall

1 kandidat av 14 studentar (7 %) strauk til eksamen. kandidaten vil kontinuere til hausten. Ikkje fråfall elles. 

Karakterfordeling

Karakteren spesifisert av studieplanen er Greidd/Ikkje greidd. Sjå elles punktet over.

Studieinformasjon og dokumentasjon

Studieplan ligg ute på Studentportalen. Spesifiserte kursplanar er utarbeidd og har vore tilgjengeleg for studentane på MiSide.

Tilgang til relevant litteratur

Pensumbøkene har vore lett tilgjengelege for studentane gjennom Studia.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Vi har brukt eit grupperom på Sydneshaugen skole. Rommet er utan internettilgang. Har elles hatt få praktiske problem knytt til dette rommet. 

Andre forhold

Ikkje noko spesielt å melde.

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Evalueringar er gjennomført på følgjande måtar:
- regelmessig munnleg evaluering på dei ulike kursa i emnet
- drøftingar i fagkritisk utval
- skriftleg evaluering.

Oppsummering av innspill

I hovudsak har studentane gjeve uttrykk for at dei er nøgde med emnet. Dei ulike evalueringane har fokusert på mange av dei same tema:
- Litt misnøye (både hjå lærarar og studentar) med hovudboka i pensum (Wheeler, 2005), både i høve til fagleg presisjon og pedagogisk kvalitet. Pensumlista må vurderast før neste kurs. 
- Kurset blir gjennomgåande oppfatta som krevjande
- Diskusjon både om fordelinga mellom kvalitativ og kvantitativ metode og om breidden i emnet (forslag frå ein del studentar om klårare fokus på dei metodar som er mest relevante for norsk musikkterapiforsking)
- Diskusjon om arbeidsmåtar (somme studentar har ønska meir førelesing og mindre diskusjon).

Ev. underveistiltak

Justering av arbeidsmåte i kurset i kvalitativ forsking etter munnleg evaluering i februar (meir vekt på førelesing og rollespel, mindre vekt på diskusjon).

Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Emnet er sentralt i masterstudiet i musikkterapi. Har i hovudsak fungert godt. Studentane gjev tilbakemelding om at dei har utvikla føresetnader for å utarbeide prosjektskisse og starte skrivinga av masteroppgåve. Samstundes viser evalueringa at vi bør ta grep både i høve til pensum og fokus/breidde i emnet. Mest aktuelle grep er å skifte ut hovudboka i pensum, å leggje større vekt på kvalitative metodar i undervisninga og å utvikle kurset i kvantitative metodar slik at det vert meir relevant i høve til studentane sine behov.