MUTP202 - emnerapport 2007 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

To faglærarar har hatt ansvaret for undervisninga i emnet, der ein i stor grad har lagt opp til samordning av teoretiske og praktisk-metodiske emne. Vidare har praksis vore prosjektbasert og knytt opp mot undervisning og eksamensform (semesteroppgåve). Ingen vesentlege problem med praktisk gjennomføring.

Strykprosent og frafall

Ingen stryk. Ikkje fråfall. 

Karakterfordeling

2 A
4 B
4 C

Studieinformasjon og dokumentasjon

Studieplan ligg ute på Studentportalen. Spesifiserte kursplanar er utarbeidde og har vore tilgjengeleg for studentane på MiSide.

Tilgang til relevant litteratur

Eine pensumboka har vore lett tilgjengeleg for studentane gjennom Studia. Annan litteratur har vore delt ut undervegs. 

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Vi har brukt klasserom på Kulturskulen (rom 318). Rommet har stort sett fungert, men er tungvint i høve til bruk av instrument osb., sjølv om dette vart noko betre utover våren då nye skap vart sett opp i gangen utanfor.

Andre forhold

Ikkje noko spesielt å melde.

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Evaluering er gjennomført på følgjande måtar: 
-	regelmessig munnleg evaluering
-	drøftingar i fagkritisk utval 
-	skriftleg evaluering. 

Oppsummering av innspill

I hovudsak har studentane gjeve uttrykk for at dei er nøgde med emnet. Skriftleg evaluering gav snittskåren 4,4 (skala frå 1 til 6) på den teoretiske delen og 5,1 på den praktisk-metodiske delen. Innspel på den munnlege og skriftlege evalueringa omfattar:
- Positivt med samordning mellom teoridel og praktisk-metodisk del
- Noko av det praktisk/metodiske opplegget vurdert som litt for elementært
- Litt frustrasjon knytt til at delar av pensum er krevjande og at ikkje alt pensum var klårt ved semesterstart
- Fleire studentar signaliserer at teoriundervisninga kunne hatt klårare fokus på førelesing, med mindre diskusjon

Ev. underveistiltak

Ikkje noko særskild, utover mindre justeringar av arbeidsmåte ut i frå kontinuerleg munnleg evaluering. 

Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Emnet er heilt nytt (truleg det første universitetskurset i samfunnsmusikkterapi internasjonalt). Faglærars vurdering er at emnet er framtidsretta og at det vil kunne bli ein viktig del av musikkterapistudiet sin profil ved UiB. Sett i høve til at emnet er så nytt, må ein seie seg godt nøgd med at studentane si evaluering er såpass positiv som ho er. Samspelet mellom teoriundervisninga og praktisk-metodisk del (inklusivt praksis) har fungert svært godt. Før neste gjennomføring bør pensum reviderast og arbeidsmåtar vurderast nærare. Studentane etterlyser meir førelesingar. Faglærar er ikkje overtydd om at det nødvendigvis er det beste grepet sett i høve til emnet sin eigenart og vil vurdere innføring av ei meir systematisk tilnærming til PBL.