IF - instituttrapport 2008 høst

Instituttsledelsens vurderinger

Studieprogrammet; profil, struktur, forekomst av felles undervisning og emner spesielt utviklet for studieprogrammet, faglig- sosiale aktiviteter



Praktisk gjennomføring

Sjå under ”Instituttledelsens samlede vurderinger …”

Søkertall per studieplass, gjennomføring, strykprosent og frafall

Studieplassar, søkjarar, opptak, frammøte 2008	 	 	 	 
 	St.plassar Søkjarar Endr 07-08 Søk/st.plass Ja-svar Frammøte
Program	 	 	 	 	 	 
ÅR totalt 100 	245 	+2 	2,45 	159 	124
ÅRHF-ENG 25	139	-6	5,56	94	85
ÅRHF-FRAN 30	21	+1	0,7	11	5
ÅRHF-SPLA 30	69	+8	2,3	41	26
ÅRHF-TYS 15	16	-1	1,07	13	8
BA totalt  315	410	-73	2,93	314 	279 
BAHF-LATAM 50	48	-6	0,96	31	27
BAHF-SPIK 60	19	-6	0,32	17	16
BAHF-SPINF 30	34	+5	1,13	37	35
BAHF-SPRAK 125	266	-44	2,13	191	168
BAHF-USA 50	43	-17	0,86	38	33
Integr. master/MAHF-LÆFR 27 43 -3 1,59 44 44 


Studieframhald og fråfall for nye studentar H08	 	 	 	
Program	Nye stud H08 Reg V09 Permisjon Overgang	Sluttet	Sluttet %
ÅR	 126	89 	4 	3	31 	24,6%
BA	 258	211	9	6	32	12,4%
Integr. MA 44	43 	- 	-	1 	2,3% 
2-årig MA 48	42	1	-	5 	10,4% 
Sum	 476	385 	14 	9	69 	 

Karakterfordeling

     Antall A Antall B Antall C Antall D Antall E Antall F
Totalt BA	 11,6 %	21,6 %	28,1 %	16,3 %	7,7 %	14,7 %
Totalt didaktikk (PPU)	19,3 %	35,8 %	22,9 %	11,9 %	4,6 %	5,5 %
Totalt MA*	22,3%	41,2%	22,3%	10,9%	2,8%	0,5%
Totalt Integr. lektorutd. 8,3%	22,2%	33,3%	13,9%	5,6%	16,7 %
Totalt Etter- og videreutd. 11,9% 32,2% 28,2%	15,7%	6,9%	5,1%
*=Alle programemner på masternivå, inkl. masteroppgaven

Ressurstilgang

Sjå under ”Instituttledelsens samlede vurderinger …”

Kommentar til studentevalueringene inkl. opplysninger om studentene opplever kullfølelse

Sjå under ”Instituttledelsens samlede vurderinger …”

Studieinformasjon og dokumentasjon

Sjå under ”Instituttledelsens samlede vurderinger …”

Tilgang til relevant litteratur

Sjå under ”Instituttledelsens samlede vurderinger …”

Instituttsledelsens samlede vurderinger,
inkl. forslag til forbedringer

UTDANNINGSMELDING FRÅ INSTITUTT FOR FRAMANDSPRÅK 2008

1 Instituttet sitt arbeid med universitetsstyrets prioriterte område 
Vidareutvikling av lærarutdanninga (HF, MN, SV) 
Institutt for framandspråk har to representantar i lektorutdanningsutvalet ved HF, éin for fagdidaktikarane og éin instituttrepresentant. Ein del av vidareutviklinga har skjedd gjennom vår representasjon i dette utvalet. Fagmiljøa har arbeidd vidare med tilpassing av emne på 10 og 5 studiepoeng til den integrerte lektorutdanninga. Spesielt for engelskfaget har dette vore ein vanskeleg prosess, som det er lagt ned mykje arbeid i. I 2007/2008 er det blitt arbeidd med å få på plass ein utvekslingsavtale som kan gi lektorstudentane med engelsk som fag opphald ved eit britisk universitet. Newcastle, York og Lancaster har alle blitt kontakta og vurdert. Per i dag ser det ut til at Lancaster har det beste faglege tilbodet, og det ser ut til at ein avtale kan kome på plass i 2009.


2 Studietilbodet ved instituttet 
Kalenderåret 2008 har Institutt for framandspråk gitt undervisning i til saman 103 emne, eksamen i 115 emne. Gjennom SEVU har Insituttet gitt eksamen i 13 emne i 2008. 
Fem bachelorprogram (fire tilrettelagde og eitt ope) og sju masterprogram ligg ved instituttet. I tillegg har vi hatt ansvar for MAHF-LÆFR. 
Dei fire tilrettelagde bachelorprogramma ved instituttet er Latin-Amerikastudier, SPIK, SPINF og USA-studier. Av desse har eitt (SPINF) eksistert heilt frå starten av kvalitetsreformen, dei andre er av nyare dato. Ei erklært målsetjing for alle programma er innføring av programemne på 10 studiepoeng i første semesteret, slik Europa-programmet har per i dag. Dei fire programma er litt ulike når det gjeld profil. Det er berre SPIK og SPINF som profilerer seg gjennom eigne programemne, dvs emne som er oppretta spesielt for programmet. Såleis er t.d. emna TRANSHF og PRAKTINFO programemne for SPINF; TOLKHF og SPIK103 er programemne for SPIK.

3 Studentdata
3.1 Opptaksrammer, søknad, opptak og studentar (søknad/studieplass/studieprogram/møtt) 
Sjå vedlagde tabell.
Merknad: Spesielt på engelskfaget har det skapt problem at det har meldt seg fleire studentar enn det ein hadde som opptaksramme. Det skuldast delvis mangelfull kommunikasjon frå UA/HF til instituttet, delvis at det er uråd å ha full oversikt på førehand kor mange studentar som melder seg til einskildfag. Undervisningsleiinga ved instituttet og HF har hatt eit møte om saka, der ein kom fram til tiltak for å hindra at ein liknande situasjon opptrer igjen. F.o.m. studieåret 2009/2010 er det ikkje lenger mogeleg å starte på  årsstudiet i engelsk i haustsemesteret. Det blir interessant å sjå om  dette har innverknad på talet på studentar på engelskfaget totalt.

3.2 Studieframhald og fråfall 
Sjå vedlagde tabell.

4 Kvalitetssikring og –utvikling 
4.1 Læringsutbyte 
Institutt for framandspråk hadde ein stor gjennomgang av studieplanar og emneomtalar hausten 2008, med bakgrunn i utkast til nytt kvalifikasjonsrammeverk. Hovudfokus i arbeidet var innføring av kategorien Læringsutbyte, dessutan spørsmålet om samanheng mellom læringsutbyte og eksamens- og vurderingsformene på kvart einskild emne. Fagmiljøa melde tilbake om ein god prosess, men det vart òg ytra ønske om ei oppsummering på feltet litt fram i tid, dette for å prøve å samkjøre emneomtalane på tvers av fag (og institutt), for å sikre at kategorien Læringsutbyte kan lesast (og blir brukt) på same måte, uavhengig av fag.

4.2 Internasjonalisering 
Det er ulike grader av tilrettelegging av utanlandsopphald i dei ulike programma våre. Ofte vil utveksling skje gjennom fag, like mykje som gjennom program.
Den ideelle målsetjinga om at alle program skal ha tilrettelagde og skreddarsydde utvekslingsopphald er ikkje heilt uproblematisk:
- Kva gjer ein i forhold til det opne bachelorprogrammet Språk? Dette har ikke eit styre eller ein bestemt fagleg koordinator, her reiser studentane ut anten som studentar på eit bestemt fag, eller dei reiser ut for å ta frie studiepoeng.
- Ressursmessige konsekvensar av sterk grad av tilrettelegging: Det krev nøye oppfølging å leggje opp til at programma skal halde styr på faglege pakkeløysingar ved eit knippe vertsuniversitet. Ei slik tett oppfølging krev meir av administrasjonen og dei fagleg involverte i programstyra enn det finst arbeidsressursar til.

MAHF-LÆFR
I 2007/2008 er det blitt arbeidd med å få på plass ein utvekslingsavtale som kan gi lektorstudentane med engelsk som fag opphald ved eit britisk universitet. Newcastle, York og Lancaster har alle blitt kontakta og vurdert. Per i dag ser det ut til at Lancaster har det beste faglege tilbodet, og det ser ut til at ein avtale kan kome på plass i 2009.

 4.3 Eksamens- og sensorordning 
Den største endringa i forhold til sensorordninga har vore at rettleiar ikkje lenger er medlem av vurderingskomiteen på masternivå. Endringa tredde i kraft ved november/desember-eksamen 2008, så det er ennå for tidleg å konkludere når det gjeld ordninga. 
Erfaringane hausten 2008 viste at ein måtte ha tydelege retningsliner i forhold til kva rolle rettleiar skal ha fram til karaktersetjing. Det er også kome veldig klare signal om at den nye ordninga medfører klart auka arbeidsmengde for intern sensor, som ikkje nødvendigvis kjenner feltet (og den kjelde- og støttelitteratur ein må setje seg inn i). Institutt for fremandspråk ønskjer heilt klart å evaluere denne ordninga etter relativt kort tid.

Programsensor:
Nokre av faga og programma har aktive programsensorar (arabisk, fransk, BA i språk og informasjon)

Instituttet held fram arbeidet med å få på plass programsensor for alle dei tilrettelagde programma. Dei fleste fag har nå ein oppnemnd programsensor, men også her er det manglar.
Det er heller ikkje alle fagmiljø som har sysselsett programsensorane sine ennå: Dette må vi heilt klart fokusere meir på i 2009.

IF gjer  utstrakt bruk av ekstern sensor ved vurdering av eksamen. Det er derfor viktig at fag og program ved inngåing av arbeidskontrakt avklarer den såkalla programsensor si rolle i forhold til eksterne sensorar. Som vi har hevda ved fleire høve, meiner vi dessutan at sjølve termen programsensor er uheldig, og bør skiftast ut.

4.4 Evaluering av emne og program. 
I 2008 er evaluering av emne og program blitt nedprioritert både på fakultet og institutt, på grunn av alt arbeidet relatert til omstillingsprosessen med storinstitutt. Nå framover ser vi for oss at dette viktige området må kome høgare opp på prioriteringslista igjen.

 4.5 Rammevilkår, særleg undervisningslokale og –utstyr (ev avsnitt 1.3) 
Det manglar utstyr i mange av undervisningslokala spesielt på Sydneshaugen skole. Dessutan er det ofte eit misforhold mellom dei opplysningane som ligg om ulike rom på websidene og det faktiske utstyreet som finst. Dermed blir det ofte meirarbeid for dei som alt har bestilt bestemt utstyr.

5 Analyse 
5.1 Vurdering av studie- og fagtilbodet (inkl forslaga til endringar i studieprogramporteføljen) 
Ved Institutt for framandspråk blir det undervist i 9 fag (arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk og tysk). Alle faga fungerer bra, og det er ikkje naturleg å foreslå nokon reduksjon i tilbodet. Den vanskelege budsjettsituasjonen kan gjera det nødvendig å stogga opptak til masterstudiet i arabisk i ein kort periode (hausten 2009). Dette vil i så fall vera svært uheldig. Institutt for framandspråk vil ikkje foreslå endringar i programporteføljen for tilrettelagde bachelorprogram, men seier seg samd i at det i framtida bør innførast felles suksesskriterium som desse programma blir målt etter.

5.2 Tid til forsking og undervisning
Ressursrekneskapen viser at fleire fagmiljø slit med store overtidstal på undervisningssida. 

5.3 Vurdering av opptaksrammer og opptak i høve til studenttal og samla kapasitet
Her trengst det spesielt fokus på engelskfaget. Det er viktig at UA og HF kommuniserer godt med instituttet, slik at ein ikkje får uventa høge opptaksrammer som instituttet ikkje er informert om. Medan det kan vera behov for eit tak for opptak på engelsk bachelornivå, ser det ut for at det er rekruttering som blir hovudspørsmål for mange andre fag. 
 
5.4 Vurdering av eksamens-/vurderingsformene og sensorordninga
Fleire av fagmiljøa har hatt ei kritisk gjennomgåing av vurderingsformene som blir brukt på de ulike emna. Nokre emne har veldig omfattande vurderingsformer (gjerne kombinert med obligatoriske aktivitetar). Instituttet har ein del arbeid å gjera i forhold til opprydding på dette feltet. 
IF meiner det er viktig med ekstern sensur, og vil prøva å innføra det ved så mange emne som ein kan. Problemet vil vera at ressurs-situasjonen kan tvinga oss til å slakka på dette kravet. Sjå elles under 4.3. diskusjon om programsensorordninga.

5.5 Vurdering av læringsmiljøet (studentmedverknad – akademisk og sosial integrering + fysiske forhold) 
Studentmedverknad:
Etter instituttsamanslåinga har det blitt vanskelegare å aktivisere studentane på fagnivå. Fire studentar er representerte i Instituttrådet, to i Utvalet for utdanning og internasjonalisering. Instituttet har sett det som studentutvalga si rolle å rekruttere til eigne valde organ, og registrerer at det er stor skilnad fag og program imellom når det gjeld i kva grad studentane ønskjer å engasjere seg. Program som Språk og informasjon har i fleire år hatt aktive studentutval som har arrangert karrieredag og møte, medan andre program og fag strevar med å få i gang fag-/programutvalg.

Fysiske forhold:
Det er mange tilbakemeldingar på at undervisningslokala i Sydneshaugen skole ofte manglar utstyr, alt fra prosjektørar til pennar og svampar. Seminarromma i det nye studentsenteret er dårlege til undervisning: Tynne vegger gir mykje støy frå naborom.

5.6 Resultatoppnåing, herunder også internasjonalisering
 
5.7 Samla vurdering
I 2008 vart det utarbeidd ein strategiplan for Institutt for framandspråk. Vi viser her til den delen som gjeld utdanning:

Hovudmål: IF skal tilby ei utdanning i framande språk, litteraturar, kulturar og fagdidaktikk som tek vare på dei humanistiske faga sine særdrag, og medverke til å auka studentane si evne til forståing, toleranse, sjølvstende og kritisk tenking. Gjennom dette skal dei ferdig utdanna kandidatane stå sterkt rusta både for arbeidslivet og vidare fagleg fordjuping.

For å nå dette hovudmålet vil IF:
Medverke til å auke kompetansen til studentane ved enda utdanning gjennom mest mogleg bruk av forskingsbasert undervisning.

IF vil:
•	leggje til rette for at studentane kan tileigne seg dugleik, kunnskapar og innsikt i framande språk, litteraturar og kulturar.
•	la studentane få kunnskap om og forståing for vitskapleg tenkjemåte, gjennom kontakt med aktive forskarar i undervisninga på alle nivå.
•	utvikle studentane si evne til å nytte fagleg kunnskap og innsikt på ein sjølvstendig og kritisk måte.
•	gi eit godt fagleg grunnlag både til kandidatar som ønskjer å halda fram med forsking og kandidatar som søkjer seg ut mot arbeidslivet elles. 
•	fremje etisk dømmekraft og integritet.
•	stimulere fleire studentar til å ta utdanning på masternivå, særleg på fag med få master- og ph.d.-kandidatar.
•	utvide tilbodet på masternivå der ressurssituasjonen gjer dette mogeleg.
•	ha fokus på kvaliteten i master- og ph.d.-rettleiing meir enn på kvantiteten.
•	arbeide for ei jamnare fordeling av rettleiingsoppgåver for dei vitskapleg tilsette.
•	sørgje for at kunnskaps- og kompetansemåla som er knytte til studietilboda styrer valet av undervisnings- og vurderingsformer.

Kommentar: 
Her vil vi peika på at målsetjinga om ei utviding av tilbodet på masternivå kan bli vanskeleg, slik ressurs-situasjonen er blitt nå. Elles vil vi nemna at vi har kome langt i arbeidet med å få ei jamnare fordeling av rettleiingsoppgåver for dei vitskapleg tilsette, ved at fordelinga nå blir kanalisert gjennom lærarmøte.

Arbeide for betre læringsvilkår og undervisningsorganisering.

IF vil:
•	arbeide for mindre fråfall og høgare studiepoengproduksjon.
•	sørgje for at kunnskaps- og kompetansemåla som er knytte til studietilboda styrer valet av undervisnings- og vurderingsformer.
•	stimulere til samarbeid innanfor instituttet på tvers av faggrenser.
•	harmonisere tilboda på dei ulike faga med omsyn til undervisning og vurdering, t.d. komitéordning på masternivå, tildeling av rettleiar og undervisning av same emnet vår og haust.
•	harmonisere sensur ved dei einskilde faga våre når det gjeld korleis oppgåver med eksamenssvar på norsk blir bedømt (minstekrav til språkføring på norsk).
•	leggje til rette for vidareutvikling av den pedagogiske kompetansen til fast tilsette lærarar.
•	leggje til rette for auka bruk av IKT-basert undervisning der dette effektiviserer innlæringssituasjonen på ein meiningsfylt måte.
•	arbeide for å skape eit godt og tilrettelagt læringsmiljø for studentar med funksjonshemming.
•	innføre 3-årsplanar for undervisninga.

Kommentar:
Her er vi kome lengst når det gjeld punktet om harmonisering. Vi har nå felles komitéordning på masteroppgåveemnet (350), og vi har kome langt med effektiviseringstiltaket å unngå å tilby same emne både vår og haust. 


Evaluere eigne målsetjingar.
IF vil:
•	utarbeide opplegg for periodisk evaluering.
•	sørgje for oppfølging/justering i samband med indikasjonar på god og dårleg studiekvalitet.
•	utnemne tilsynssensorar for program og undervisningsfag der dette ennå ikkje er på plass.
•	arrangere årleg samling for tilsynssensorar.

Kommentar:
Vi er komne langt når det gjeld å utnemne tilsynssensorar (= "programsensorar"). Vi vil arbeida vidare med planen om å arrangere årleg samling for tilsynssensorar.

Harald Ulland
undervisningsleiar

Siri Fredrikson
studieleiar