SV100 - emnerapport 2008 høst

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Undervisninga på SV100 vart gjennomført etter den fastsette planen. Tilsaman 12 forelesningar og eit tilsvarande tal møter i seminargrupper inngår i eit etterkvart godt innarbeidd opplegg. 

Forelesningane har som vanleg dekka det aller meste av pensum, og har vore støtta opp av arbeidet i seminargruppene. 

Studentane skal skrive ei – 1 – obligatorisk oppgåve før dei kan gå opp til eksamen. Dette semesteret fekk studentane ikkje velgje mellom to ulike alternativ. 

Strykprosent og frafall

Det var totalt 326 studentar som melde seg opp til eksamen då fristen hadde gått ut. 
Av desse møtte 279, dvs. 86% av alle oppmelde. 

Av dei som møtte til eksamen, var det totalt 8% stryk (7% blant kvinner og 8% blant menn). 

Dette må seiast å vere eit låg tal, særleg når ein tek omsyn til at dette er eit emne for førstesemesterstudentar. 

Karakterfordeling

Karakterfordelinga kan seiast å vere tilnærma normalfordelt, med karakteren C som både modus og median. Imidlertid går tendensen i retning av ei positivt skeiv kurve (nokre fleire får karakterane D og E enn karakterane A og B). 

Studieinformasjon og dokumentasjon

All relevant studieinformasjon har vorte lagt ut i Studentportalen, og dette verkar etter intensjonen. Studentane seier seg også svært nøgde i evalueringa av den praktiske informasjonen. 

Tilgang til relevant litteratur

All pensumlitteratur var tilgjengeleg ved semesterstart, også i dei tilfella der det var gjort pensumendringar iht. haustsemesteret 2007. 



Ressurstilgang. 

Ressurstilgangen har vore akseptabel. 

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr



Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring



Oppsummering av innspill

Kommentar til studentevalueringane. 

Prosentdelen som seier seg litt misnøgde med undervisningsopplegget er noko høgare enn for andre kurs på 100-nivå. Dels kan dette skuldast det at dette er eit kurs mange nye studentar tek, og dels det at antalet forelesarar er høgt.  

Deltakinga på seminargruppene er noko høgare enn på forelesningane, og fleire seier seg også nøgde med seminaropplegget. 

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Andre kommentarar. 

Etter fleire år utan større pensumendringar er det truleg på tide å gå gjennom emnet med tanke på ein pensumrevisjon. Emneansvarleg vil ta initiativ til at så vert gjort i løpet av 2009.