PED323 - emnerapport 2008 høst

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Den IKT baserte masteren er organisert som eit deltidsstudium og studentene tar ein modul per semester. Haustsemesteret 2008 blei PED323 ("Kunnskap og kunnskapsprosessar") gjennomført. Studentane har fått til saman 4 arbeidsoppgaver som i første omgang er blitt kommentert av medstudentar etter eit fast oppsett. Dernest har vegleiar kommentert medstudentkommentarane med henblikk på å utvikle denne viktige kompetansen. I praksis kommenterer vegleiar også på moglege eller nødvendige kommentarar som burde vore gitt på originaltekstane. Det primære formålet med kommenteringssystemet er at studentane skal skrive om førsteutkastet og på den måten høgne kvaliteten på andreutkastet. Kvart av utkasta og alle kommentarar blir publisert i Luvit (nettbasert læringsplattform). Alle studentane har hatt aksess til alle tekstane som er lagt ut i løpet av dette semesteret. Emne blei avslutta med ein heimeeksamen, kor studentane skulle ferdigstille kvar si presentasjonsmappe. Kravet var at mappa skulle innehalde følgjande komponentar: 2 av dei 4 arbeidsoppgåvene som har vore jobba med utover i semesteret; 1 argumentasjonsnotat kor studenten skal argumentere for utvalet av arbeidsoppgåver og litteratur som er brukt inn i desse; 1 læringsnotat over eigen læringsprosess i kurset; 1 liste over eigenvalt litteratur (300 sider); og ei større drøftingsoppgåve som ikkje var kjent før heimeeksamen var i gang. 

Strykprosent og frafall

Kull 2007 har til saman 20 studentar. To av desse er innvilga permisjon for dette semesteret og vil få tilbod om å ta eksamen i PED323 på eit seinare tidspunkt. 18 studentar har levert mappeeksamen. 

Karakterfordeling

Sensuren falt 15. desember. Det blei nytta gradert karakterskala på eksamen. Resultata fordelte seg slik:[Set inn resultat]

Studieinformasjon og dokumentasjon

Dette fungerer godt. Administrativ koordinator gjer ein ryddig og heilt nødvendig jobb med å informere studenter og formidle kontakt. Også fagleg tilsette er lett tilgjengelig for studentene via læringsplattformen, per e-post og telefon.

Tilgang til relevant litteratur

Biblioteket gjer en svært god jobb, er oppsøkjande og flinke til å lære opp studentane som kjem på mastersamling i Bergen, kor eit 3-4 timars bibliotekkurs inngår. Bibliotekpersonale er også svært kyndige og hjelpsame når det gjeld å støtte einskildstudentar som tar direkte kontakt. Denne funksjonen er særleg nyttig for IKT-studentane som for dei fleste sitt vedkomande ikkje bur i Bergen. 

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Våre kursemne er tilpassa Luvit, ein nettbasert læringsportal. I tillegg møtes dei fleste studentane på ei 2-dagars samling i Bergen, ei gong per semester. Her får dei fagleg input og moglegheit til å gjere seg betre kjend med kvarandre og kvarandre sine prosjekt. Me har fått mange positive tilbakemeldingar på desse samlingane. Læringsplattforma Luvit fungerer for så vidt tilfredsstillande, men ikkje optimalt. Grensesnittet er relativt tungvint og det integrerte e-post systemet har til tider ikkje fungert, på den måten at e-post ikkje blir mottatt før dagar etter at e-posten blei sendt. Dessutan er det altfor tungvint å laste opp og gi struktur til den betydlege tekstsamlinga som blir bygt opp gjennom eitt og fleire kurs. Elles gir ein slik læringsplattform lite rom for kreativitet, nytenkning og utvikling av IKT-baserte studietilbud. Fagmiljøet har tidlegare prøvd å gå over til 'Mi Side' som læringsplattform, men kom til den klare konklusjonen at 'Mi Side' ikkje kunne gi den nødvendige  struktur/støtte til vår fagleg-administrative opplegg. Før neste kull vil me vurdere 'Mi side' på nytt i tillegg til KARK som er blitt brukt på vår campusbaserte bachelor i pedagogikk. Fagleg-pedagogiske grunnar vil bli avgjerande for ei ev. utfasing av Luvit, men det er er også på det reine at det er pengar å spare frå å gå frå ei lisenspliktig nettteneste til ei som er gratis.

Andre forhold

Studiet er framleis SVÆRT sårbart. Alle faglærarar, utenom ei førstestilling, er mellombels tilsette og/eller eksterne. Dersom studiet skal kunne vidareførast og utviklast er det heilt nødvendig med langsiktige og faste stillingsressurser. Det er svært krevjende å skulle forhandle om heilt nødvendige og grunnleggande ressurser frå år til år i eit utdanningstilbod kor me har ansvar for om lag 40 studenter i til sammen 4 år. Etter vår vurdering må det satsast meir på slike tilbod som tiltrekkjer seg vaksne studentar frå heile landet, og som på mange måtar er innovative i forhold til tradisjonelle campusbaserte utdanningstilbod på universitetsnivå.

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Det er innarbeida rutinar for systematisk evaluering. Evalueringa har vore gjennomført elektronisk ved hjelp av Reflex. Evalueringa blir oppsummert og presentert for studentane i Luvit. Fagmiljøet nyttar seg også av evalueringsresultata i arbeidet med å revidere og omarbeide studiet for framtida. Det kan også nemnast at studentane blir bedt om å kome med innspel og analysar til kva som har fungert godt og til kva som ikkje har fungert. 

Oppsummering av innspill

Det går klart fram av evalueringa at studentane jamt over er svært nøgde med kursopplegget og studiet sett under eitt. Ettersom dei er deltidsstudentar med full jobb i tillegg, har dei fleste det nokså travelt og signaliserer dette i forhold til kor krevjande kurset er lagt opp. Alle studentane som har respondert understreker samtidig at dei finn studiet svært interessant og lærerikt på fleire plan. Vegleiarane er stort sett godt nøgd med oppfølging, studieopplegget og rammevilkåra for jobben dei er sett til.

Ev. underveistiltak

Dei innvendingane studenter og vegleiarar kjem med blir løpande vurdert og fulgt opp når det er mogleg og/eller ønskeleg frå eit totalomsyn. Substansielle endringsforslag blir innarbeidde i revisjonar av studiet dersom dei lar seg realisere innanfor det som er mogleg under dei til ei kvar tid gjeldande rammevilkåra.

Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Studiet fungerer godt for studentane og gjennomføringsprosenten er høg. Fagmiljøet har fått god rutine og kompetanse på gjennomføring, vegleiing og evaluering. Studiet har fått ei faglig førstestilling som har eit overordna fagleg ansvar for studiet. Dette sikrer til ei viss grad stabilitet, kontinuitet og videre utvikling av studiet over tid. Men me vil nok en gang signalisere ei sterk ytring om at studiet er SVÆRT sårbart ettersom alle faglærarar, utenom den eine førstestillinga, er mellombels tilsette og/eller eksterne. Dersom studiet skal videreførast er det heilt nødvendig med fleire stabile faglege-administrative ressursar. Det kan også nemnast at når det gjeld den administrative koordinatorstillinga, så har den vore prega av ein svært stor turn-over i løpet av det siste året, kor det har vore 3 personar inne. Igjen - det blir opplevd som svært krevjande å skulle forhandle om heilt nødvendige og grunnleggande ressursar frå år til år, i et fagtilbod kor me har ansvar for studentene i til saman 4 år.