HIM101 - emnerapport 2008 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Emnet vart gjennomført på vanlig måte. Studenttalet er merkbart lågare enn for ca. fire år sidan, dette kjem trulig av skiftande studentinteresse (særlig stor interesse rundt Irak-krigen), men også av at tilbodet av internasjonale emner i historie er større i dag enn det var tidligare. Emnet har likevel relativt stor oppslutning, med over 50 avlagt eksamen, og vi reknar ikkje med at vi treng gjere endringar i undervisningsopplegget for å auke tallet vesentlig utover dette. 
Det er ingen spesielle merknader til det praktiske. Hovudundervisninga er ei forelesing pr. veke gjennom heile semesteret. Sidan emnet er såvidt krevande (heilt ny empiri for studentane) og vi ikkje har kapasitet til meir enn ei forelesing/veke, har vi som før hatt arbeidsseminar i tillegg. Som vanlig er oppslutninga om desse relativt stor i byrjinga av semesteret, nesten alle melder interesse, men sidan det er frivillig fell deltakinga etter kvart, ved slutten av semesteret var det nede på rundt 20 deltakarar. Dette er likevel oppmot halvparten av dei som går opp, noe som må reknas som akseptabelt. Det er klart det gir utbytte for dei som deltar. Seminara bør derfor vidareføras.

Strykprosent og frafall

Se pdf.fil

Karakterfordeling

Se pdf.fil

Studieinformasjon og dokumentasjon

Vi har ingen merknader til studieinformasjonen.

Tilgang til relevant litteratur

Vi har ikkje hørt at det er problem med pensumtilgang i vår.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Emnet har funne si form. Det er klart ønske frå studentane med meir undervisning, og innhaldsmessig kunne ein auke av forelesingsmengda vore å foretrekke, det er eit stort felt som dei skal gjennom på 14-15 dobbelttimar. Så lenge det ikkje er ressursar til det, viser likevel resultata at vi har funne eit akseptabelt nivå der dei som deltar i undervisninga har høve til å nå dei måla som er stilt opp.

Undervisningsutstyr er heilt tilfredsstillande. Vi har i dag det største auditoriet, B, med oppmøte på 40-50 kan det virke stort, men vi startar gjerne semesteret med over 90 studentar (98 oppmeldte ved semesterstart i vår), så det kan likevel vere greitt å halde på dette auditoriet.

Andre forhold

Ingen spesielle merknader

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Eg fekk såvidt høve til å kikke på dei før dei vart levert vidare til ansvarlig. I prinsippet ønsker eg at dei emna som ønsker det (slik som vårt) skal kunne legge til spørsmål som er relevante for emnet. Slik er det i vårt tilfelle spesielt viktig å få tilbakemelding på seminara, som det ikkje blir spurt om i det allmenne skjemaet. Ei todeling av skjemaet, der ei side er allmenn for Historie, og den andre er emnespesifikk (for dei emna som ønsker det) ville vore bedre. Det ville naturligvis også vore greitt å få tilbakemeldingane emnevis, slik at vi da veit kva vi skal evt. justere på. Den raske kikken eg fekk tyder ikkje på noen stor misnøye mot noe forhold vi kan gjere noe med (dvs., det gjennomgåande ønsket var fleire forelesingar).

Viser til over. Emnet vårt er også prega av vi bruker fleire ulike forelesarar, dvs. at emneansvarlig har omlag halvdelen av forelesingane og blir ”ryggrad”, mens resten blir enkeltforelesingar av ulike andre, tilsammen fire personar. Dette er naturligvis pga ressursane, med ein fungerande fast tilsett på alt som har med Midtausten å gjere. Sidan tids- og romspennet er så stort, fell likevel dette ikkje unaturlig emnemessig, slik at det får noe preg av at spesialistar på spesielle periodar og emner kjem inn. Det er nok likevel med og styrkar ønsket frå studentane om auka undervisining, slik at dei får både”ryggrad” og emneforelesingar. I det store og heile ser forelesingane likevel ut til å fungere rimelig OK i dag.
Seminara er lagt opp rundt kva studentane er villig til å gjere, sidan dei er frivillige. Ideellt sett burde oppgaveløysing stå sentralt her, men studentane er ikkje villige til følge opp dette (dei droppar ut heller enn å utføre utdelte oppgåver). I staden blir seminara brukt til å gjennomgå pensum, ved debatt, små-oppgåver, noe kjeldelesing, m.m. Spesielt viktig er at seminara gjerne er fokusert på dei pensumdelane som ikkje blir gjennomgått i forelesingar, slik som t.d. metodiske og historiografiske element (orientalisme), og også empiriske delar som forelesingane må gå forbi. Slik sett fyller seminara ei viktig oppgåve. Det mest sentrale målet for forbedring er derfor trulig å motivere studentane til i større grad å delta i seminara. 

Oppsummering av innspill



Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Samla vurdering er altså at emnet fungerer rimelig bra, gitt ressursmengda. Emnet hadde blitt betre om vi hadde kunne dobla forelesingsmengda. Vi arbeider fortløpande med seminara, med tanke på å auke deltaking over tid, og gjere studentaktiviteten større. Dette emnet egner seg likevel fortsatt best for skole-eksamen, pga. størrelsen og at det er eit innføringsemne, og at ressurssituasjonen er slik at vi må legge mest mulig vekt på formidling over evaluering.