ALLV101 - emnerapport 2008 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Den praktiske gjennomføringen har gått som planlagt. 

Strykprosent og frafall

På Allv 101 var det 46 oppmeldt, der 35 fullførte obligatoriske aktivitetar og møtte til eksamen. Av dei som fullførte obligatoriske aktivitetar og møtte til eksamen var det 0 - null - som fekk stryk. 

Karakterfordeling

Snittkarakteren var C. Karakterane fordelte seg slik: A (2), B (14), C (11), D (8)

Studieinformasjon og dokumentasjon

Her er eg usikker på kva det blir spurt etter. 

Tilgang til relevant litteratur

Dersom det meinast pensumlitteratur på Studia har emneansvarleg ikkje registrert nokon problem. 

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Såvidt emneansvarlege har registrert har det ikkje vore noko problematisk, kanskje bortsett frå til tider manglande reinhald og rydding i undervisningsrommet. 

Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Det var berre 5 studentar som hadde evaluert emnet og det gjev dermed lite grunnlag for å vurdere studentane si oppfatning av emnet. 

Oppsummering av innspill

På dei ulike punkta i evalueringsskjemaet svarer fleirtalet (3) at dei er fornøgde, og ingen har eit dårleg heilskapsinntrykk, så vi tolkar det som at emnet har vore vellykka.  

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Emneansvarleg er på grunnlag av eigne inntrykk og på kommentarar frå andre undervisarar på faget, eksamensstatistikken og studentevalueringane fornøgd med gjennomføringa av undervisinga dette semesteret.