NOSP102 - emnerapport 2008 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Vellykka.

Strykprosent og frafall

13 % stryk av dei som avla begge eksamensdelane (4 av 30), ikkje medrekna to gjestestudentar som begge stod. Det er p.t. 43 studentmedlemmer på emnet, noko som skulle tilseie eit fråfall på 13.

Karakterfordeling

Ei nokså normal fordeling: A: 4 = 15 %, B: 8 = 31 %, C: 8 = 31 % D: 4 = 15 %, E: 2 = 8 %. 

Studieinformasjon og dokumentasjon

Ok.

Tilgang til relevant litteratur

Ok.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

UA hadde gjeve oss for små rom til både førelesingar og kollokvium. Nye rom ok.

Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Midtvegs- og sluttevaluering i Studentportalen.

Oppsummering av innspill

Stort sett svært positivt. Noko misnøye med overlapping mellom emnet og førstesemester. Nokre få var misnøgde med kollokvia, medan andre var svært nøgde..

Ev. underveistiltak

Nei.

Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Emnet er nytt våren 2008. I det store og heile må det seiast at det har vore vellykka. Studentane er rimeleg nøgde, og delar av undervisninga får svært gode vurderingar. Det kan nemnast nokre utfordringar:
• Grammatikkdelen av emnet har utstrekt overlapping med ex.fac.-emnet Språk og kommunikasjon, som nokre av studentane har, medan andre ikkje har det. Pensumet og undervisninga vert dermed anten for grunnleggjande eller for avanserte for ulike grupper av studentar. Det er vanskeleg å sjå noka løysing på dette problemet innanfor gjeldande bachelorgradsstruktur.
• Studentane sin dugleik i nynorsk er gjennomgåande svært dårleg, noko som gjev grunn til uro med tanke på at mange av dei er framtidige norsklærarar. I tillegg har mange av dei vanskar med å strukturere mappetekstane sine. Vi har i dei siste semestera tilbode eit frivillig nynorskkurs kvart semester, av eit omfang på seks dobbeltimar. Det har no vore leidd av ein ferdig master. Hausten 2008 vil vi ha ei prøveordning der faglærarane på NOSP102 leier eit seminar i nynorsk og praktisk tekstskriving som skal gå gjennom heile semesteret, i håp om at dette vil betre både nynorsken og tekstkvaliteten.