JUS134 - emnerapport 2008 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Samarbeidet med administrasjon og storgruppeleiarar var, sett frå min synsstad, stort sett heilt upåklagleg. Samarbeidet med administrasjonen gjekk seg til, og kjem truleg til å fungera heilt upåklagleg til neste år. Samarbeidet med storgruppeleiarane fordrar at dei er viljuge til å delta på fleire ubetalte samlingar både før, under og etter storgruppesamlingane. Eg har komensert med å spandera på dei lunsj i ein del tilfelle, men det er noko meiningslaust at for å få eit godt samarbeid må die bruka av si forskings- eller fritid, og eg av eigne midlar. 

Strykprosent og frafall

Strykprosenten var 4,8%, noko som i seg sjølv er heller lågt. Samstundes var det 8,8% A, noko som òg gjer at den er låg. Generelt må det seiast at det å påreknast ein strykprosent opp mot 10% einskilde år.
ein av grunnane til at strykprosenten er heller låg er at fråfallet av eksamenskandidatar var heller stort, og større enn det ein kan akseptera over tid. Dette skal eg koma tilbake til under "Andre forhold" nedanfor.

Karakterfordeling

Karakterfordelinga er heilt fin. Det ein kan merka seg er at det er fleire A (8,8%) enn stryk (4,8%), og fleire B (27,3%) enn E (6,9%), at det er noko mindre C (38,1%) enn ein kunne venta, men noko fleire D (18,8%) enn ein kan håpa på. Årsaka til karakterfordelinga skuldast i all hovudsak to faktorar, ved sida av den eg skal handsama under "Andre forhold" nedanfor. 
1. JUS134 byggjer ikkje direkte på tidlegare lært kunnskapsmasse, noko som gjer at studentar som arbeider med faget vert godt premiert, medan dei som ikkje gjer det vert tilsvarande straffa. Dette gjer at karakterskalaen vert meir spreidd.
2. Mange studentar som var dårleg førebudd til eksamen trekte seg, og dermed vart det færre som fekk C, D, E og F. 

Studieinformasjon og dokumentasjon

Ok.

Tilgang til relevant litteratur

Ok.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Luftkvaliteten i seminarromma i Gamlebygget er ikkje betre no enn den har vore tidlegare. Det var difor det vart bestilt rom i 4. etg. i Nyebygget, men utan varsle vart storgruppesamlingane flytta til Gamlebygget. Det voner eg inderleg ikkje skjer igjen. 
førelesingssal 1 er godt eigna til føremålet. 

Andre forhold

Då JUS134 byrja var det omlag 400 studentar oppmeldt til eksamen. Litt over 280 tok eksamen. Omlag 50 av dei 400 opphavlege oppmeldte tok eksamen på ny medan dei no òg førebudde seg til eksamen i formuesrett på 4. studieåret. Omlag 140 av dei oppmeldte studentane tok omigjen eksamen i forvaltningsrett på 2. studieåret. Av dei opphavleg omlag 400 oppmeldte studentane var det altså over 190, omlag 50% som las eit anna fag ved sida av JUS134. At omlag 120 studentar melde seg av eksamen skuldast dermed delvis at dei oppdaga at det ikkje gjekk å lesa to fag samstundes og gjera det godt i begge. Den høge fråfallsprosenten skuldast altså delvis dette. 
Når så mange studentar las to fag samstundes skuldast det to faktorar. For det fyrste at det har vorte nærast mental tvangstanke mellom studentar at dei må ta omigjen fag for å freista å få betre krakter. For det andre, og det er det som er særleg viktig i denne samanhengen, var mange studentar insntlt på at JUS134 var eit lite lesefag der det var lett å tileigna seg kunnskap. Dette til trass for at dei var klar over at det var ny fagansvarleg, eit nytt pensum og delvis ein nytt kursopplegg. Denne haldninga gav seg utslag i at det kom omlag 150 på fyrste førelesinga. På siste førelesinga deltok omlag 250 studentar. Årsaka er at då hadde studentmassen at det vart venta ein monaleg arbeidsinnsats av dei. Når det ikkje kom fleire var det fordi påfallande mange studentar tok eit par veker ferie i mai og kom heim tidsnok til å få oppfylt deltakingsprosenten. At 120 studentar melde seg av eksamen skuldast dermed delvis at dei hadd e prioritert lesing av andre fag sjølv om dei var oppmeldt til eksamen i JUS134, og delvis at dei rett og slett hadde tatt ferie istaden for å førebu seg til eksamen. 
Kva skal ein gjera for å bøta på desse to uheldige omstenda, som er hovudårsaka til det store eksamensfråfallet? Ein treng ikkje gjera noko som helst før til neste år. Årsaka er at no har det spreidd seg mellom studentane at ein må arbeida med JUS134 for å gjera det godt på eksmen, og fyrste etter å ha halde eksamen når denne haldninga har slått rot så veit ein nok til å gjera endringar eller ei. 

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Studentevalueringa vart gjennomført etter ein på førehand oppsett spørsmålsskjema, og det var vel det metodiske grunnlaget. Utover det vart ulike utsegn i liten grad utdjupa, og dei vart ikkje haldne opp mot kvarandre utan at fagansvarleg sjølv greip inn med oppfølgingsspørsmål. Det bør fagansvarleg ikkje gjera, for det kan lett oppfattast som ei styring av evalueringa. Difor bør administrasjonen ta eit langt fastare grep til neste år, og på førebu seg på meir enn å vera møteleiar. 

Oppsummering av innspill

Det kom ikkje fram substansiell kritikk av kurset under evalueringa. Nokre meinte at det var vanskeleg å lesa pensum på svensk, andre meinte at den svenskspråklege boka var særleg god. Nokre meinte at pensum var for stort, andre at det var passeleg. Det eg sjølv meiner var viktige tilbakemeldingar er som følgjer:
1. Det vart opplevd som positivt at ein las ei stor mengde obligatoriske oppgåver ved sida av dei som vart kommentert for å kontrollera nivået. Det vart faktisk òg opplevd som positivt at dei aller, aller dårlegaste oppgåvene vart underkjent. 
2. Det vart retta kritikk mot ein storgruppeleiar for dårleg fagleg leiing av storgrupenne til vedkomande. Problemet er at så lenge møtet vart prega av usamanhengjande innspel, og ikkje vart klart leia, er det enno uklart for meg kva kritikken konkret går ut på. Det er difor vanskeleg for meg å setja igang tiltak.
3. Eg vart kritisert for måten eg hadde kommentert ein student sitt svar på mitt spørsmål, og det vart lagt fram grove skuldingar. Eg bad difor administrasjonen om å følgja opp og rapportera til dekan for undervisning. Det ønskte ikkje studentrepresentanten, og dermed er det framleis uklart om det var ein person si meining som vart lagt fram, i så fall vart det gjort på eit hielt uakseptabel måte, eller så valte studentrepresentanten å ikkje følgja opp ein uakseptabel åtferd, og det er like uakseptabelt. Her må administrasjonen igjen leia møtet på ein slik måte at slike innspel vart klargjort der og då.

Ev. underveistiltak

Det einaste tiltaket som vart igangsett undervegs vart sett i gang før evalueringsmøtet: Å lesa grundig langt fleire obligatoriske oppgåver enn dei som skulle kommenterast. 5 oppgåver vart underkjent, men langt fleire studentar vart varsla med skjermbrev om at dei måtte arbeida meir med oppgåva for at den ikkje skulle verta underkjent neste gong. 

Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Diverre har ein ikkje eit godt evalueringsgrunnlag før ein større del av studentmanssen enn 50% studerer JUS134 åleine, og ikkje les det samstundes med forvaltningsrett på andre studieåret eller formuesrett på fjerde studieåret, og før evalueringsmøtet vert leia på ein slik måte av tilbakemeldingane vert utdjupa og sett i samband med kvarandre. Likevel ønskjer eg å gjera følgjande endringar:
1. Det skal lagast eit detaljert skriv om kva som vert kvalitet som vart kravd på dei obligatoriske oppgåvene, og studentkommentarane. Slik vil studentane vita meir om kva arbeidsmengde dei må leggja ned i dei, og storgruppeleiarane veit meir om kva dei skal krevja.
2. Eg kjem til å søkja SU om å få 1 arbeidsgruppe-, 1 obligatorisk oppgåve og 1 storgruppesamling meir på kurste for å styrka denne delen av undervisninga. Eg opplevde at studentane hadde svært stor framgang på andre og tredje storgruppesamling, og eg trur at meir slik undervisning til føra til enn større framgang. 
3. Storgruppeoppgåvene kan handsamast på ein betre måte under samlingane for å auka studentane sitt utbytte, men eg veit enno ikkje korleis. 
4. Studentane må i enno større grad mentalt førebuast på at dei får ei oppgåve til eksamen som dei ikkje tidlegare har hatt på kurset. 
5. eksamensoppgåvene må i enno større grad vera overraskande. Årsaka er at kraktersnittet var svært godt på kontinuasjonseksamen, då dei fekk ei absolutt heilt uventa oppgåva som tvinga dei til å resonnera meir enn å hugsa. 
6. Eg vil ta ut den engelskspråklege delen av pensum og erstatta den av ein antologi med tittelen "Rendezvous of legal Cultures in Europe", òg på engelsk, som skal verta skreddarsydd for faget.
7. Storgruppesamlingane skal flyttast frå Gamle- til Nybygget.