Kandidater Totalt K/M Meldt: 21 14/7 Møtt: 19 13/6 Stryk%: 5 Studiepoengproduksjon: 180
A: 10,5% B: 47,3% C: 21% D: 10,5% E: 5,2% Snitt: B
Elektronisk spørreundersøking på Mi Side.
Det kom inn seks svar, noko som tilsvarar 31,5% av dei oppmøte studentane. Dei som svarte er alle på masterprogrammet i molekylærbiologi. Studentane syns emneskildringa på uib.no passar delvis eller fullt til sjølve emnet. Arbeidsmengda passar til antal studiepoeng emnet er. Kontakta med forelesar er ok eller bra. Studentane har følgt dei fleste forelesingane og dei forberedar seg ofte eller av og til, og studentane kommenterar at dei får meir ut av forelesingane viss dei forberedar seg. Majoriteten av studentane syns strukturen på forelesingane er ok. Dei fleste studentane syns boka Proteins: Structure and function er veldig dårleg, og studentane kommenterar at den er ustrukturert og vanskeleg å hente informasjon frå. Emnet fungerte bra saman med andre emner og totalt sett syns studentane at emnet er heilt greit. Eit par studentar syntes emnet var vanskeleg. Heilheitsinntrykket av emnet er delt mellom ok/bra og dårleg.