REG303 - emnerapport 2010 høst

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Dette semesetert var opplegget noko nytt, ved at studentane følgte førelesingar på Forvalting I på jusstudiet, i tillegg til skreddersydde førelesingar på Reg. Det fungerte godt. Førelesar på Forvalting I var prof. Karl H Søvig, på Reg var det føresteamanuensis Sigrid E Schütz, med ei førelesing av PhD stip Nicolas Rodriquez. Seminargrupper vart haldne av Rodriquez, og her møtte jamt tre av fire. På førelesingane møtte alle. 

Strykprosent og frafall

Ingen stryk eller frafall.

Karakterfordeling

Denne gongen var det noko vanskeleg å skilje studentane, det kan ha med utforminga av oppgåva å gjere, eller at dei jamt var gode. Resultat tre B og ein D. 

Studieinformasjon og dokumentasjon

Informasjonen flyt godt, der Mi side er møteplassen, og fungerer etter intensjonane. 

Tilgang til relevant litteratur

Pensumlista tidleg klar, ny litteratur gjorde pensumsituasjonen god. 

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Nytter lokaler både på realfagbygget og juss, og det fungerer godt. 

Andre forhold

Midtvegsoppgåve med innlevering på Kark fungerer godt, og gjev studentane ei viktig erfaring knytt til presentasjon av stoffet. Seminaret som er lagt til Bergen kommune om planlegging får jamt god tilbakemeldingar, studentane likar å møte praktikarar og studere konkrete planar.

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Ikkje foretatt studentevaluering dette semester, men tilbakemeldingar om at sist eksamensoppgåve var noko omfattande, vart tekne omsyn til. 

Oppsummering av innspill



Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Det nye opplegget dette semesteret er ressurssparande, og fungerer etter mitt syn like godt som tidlegare opplegg. 
Mvh
Sigrid E Schütz, 19 jan 2011