INFOMEVI300 - emnerapport 2010 høst

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Kurset var i hovudsak lagt nokså likt opp som tidlegare semester, med ein del felles forelesingar mellom medievitskap- og informasjonsvit.-studentane, og nokre forelesingar som berre var for ei av gruppene. Seminardelen av kurset (der studentane kommenterte kvarandres skisser) var også separat for dei to studentgruppene.


Gjennomføringa har elles gått veldig greit, med god hjelp frå Elin / Liv.

Strykprosent og frafall

MEDIEVITSKAP: 28 medievitskapsstudentar fylgde kurset frå starten. 6 av desse trakk seg tidleg i kurset, alle med grunngjeving om at dei heller ville ta dette neste semester, då dette passa betre deira studiesituasjon. Av dei øvrige 22 var det ingen som hadde problem med å få godkjend obligatorisk oppmøte, men av desse var det 2 personar om ikkje fekk bestått sine endelege skisser (i praksis var dette i begge høge folk som hadde levert utkast ved tidlegare innleveringar, men deira endelege skisser var svært langt under minimum lengdekrav - og også fagleg kvalitet - for å oppfylle studiekravet). Dei planlegg begge å levere nye skisser raskt i vårsemesteret.


INFORMASJONSVITENSKAP: Tre informasjonsvitskapstudentar fylgde kurset. Alle saman fekk godkjent prosjektskildringa si. Ein av studentane sleit noko og trengde ekstra hjelp mot slutten for å få ei fullført skildring.

Karakterfordeling



Studieinformasjon og dokumentasjon

Ingen særskilde merknadar her.

Tilgang til relevant litteratur



Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Vi har ingenting å utsette på korkje lokale, undervisningsutstyr eller andre tilhøve - dette har fungert greitt.

Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring



Oppsummering av innspill



Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

For våren tek Andreas L. over informasjonsvitenskapdelen av kurset, Jan F. held fram som ansvarleg for medievitskapsstudentane.

Vi planlegg bruke hovudsakleg samme mal for opplegget i haustsemesteret, med berre mindre endringar. 


Til støtte for skisseutviklinga vert det satt opp ei ny forelesing om akademisk skriving & argumentasjon (Andreas L) i tillegg til Anders J. si tradisjonelle - meir skriveprosessorienterte - forelesing.


I særpensumet i medievitskap erstattar boka til Eco (Kunsten å skrive en akademisk oppgave) boka til Stokes (How to do media & cultural studies) som ei generell innføringsbok.


I særpensumet i informasjonsvitenskap vert lagt inn ein del ny litteratur, slik at særpensumet her får omlag same omfang som i medievitenskap.

Øvrige merknadar
Kvaliteten på desse prosjektskildringane er ofte (både i dette semesteret og tidlegare) så som så og vitnar om at studentane ikkje legg mykje arbeid i dette, evt. at dei ikkje er fagleg gode nok. Kanskje det kan hjelpe på arbeidsinnsatsen om dei får karakter på denne prosjektskildringa.