HIS102 - emnerapport 2010 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Det har vore i alt 38 dobbelttimar forelesingar på emnet, og gjennomføringa har så langt emneansvarleg har registrert vore god. Nokre forelesingar måtte byttast av ulike grunnar, men studentane fekk beskjed i god tid og har ikkje medført ulemper for studentane. Tilgangen til arbeidsspørsmål og leselister har variert noko.

Strykprosent og frafall



Karakterfordeling



Studieinformasjon og dokumentasjon

Studieinformasjonen er god. Studentane får ved semesterstart eit hefte med all relevant informasjon, i tillegg til at den er tilgjengeleg elektronisk. Endringar i undervisninga blir informert elektronisk. 

Tilgang til relevant litteratur

I tida like før innlevering av den obligatorske øvingsoppgåva var tilgang på pensumlitteraturen på Studia eit problem. Studia baserer seg på kor mykje dei normalt sel av pensumlitteraturen når dei tar inn bøker, og denne gongen undervurderte dei etterspørselen. Ein stor del av problemet er at mange studentar ikkje skaffar seg pensumlitteratur før det er absolutt nødvendi, som ved innlevering av obligatoriske oppgåver, og bidrar slik til tidspress for nybestilling av litteratur.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Undervisninga har vore gjennomført i Egget på Studentsenteret. Dette er eit svært godt forelesingslokale med god tilgang til AV-utstyr som er enkelt å handtere. Det har vore nokre tilbakemeldingar til emneansvarleg frå forelesarar om problem i tilknyting til bruken av AV-utstyret, men det er litt uklart kva som har vore årsaken til desse.

Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Emnet har vore evaluert, men rapport er ikkje utarbeidd p.t.

Oppsummering av innspill

Fagutvalget utforma ein midtsemesters rapport med fleire viktige merknader til undervisninga.
Studentane er kritiske til den obligatoriske øvingsoppgåva og ser ikkje formålet med denne. Dette er relevant kritikk, og instituttet bør vurdere i kva grad øvingsoppgåva skal halde fram i ein annan og meir pedagogisk fruktbar form, eller avviklast. Det vil også vere eit ressursspørsmål.

Studentane ønsker også seminargrupper. Instituttet har freista å legge til rette for studentstyrte seminarrgrupper, utan at det har fungert særleg godt. Instituttet hadde også fram til andre halvdel av 1990-talet lærarstyrte seminargrupper på grunnfag som lenge fungerte godt. Mot slutten av si virketid, slutta desse å fungere av ulike årsaker. Lærarstyrte seminargrupper er ressurskrevande, både når det gjeld lærarkrefter og lokale, og ei eventuell innføring av dette bør sjåast i samanhang med større endringar av emnet.

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Gjennomføringa av emnet har så langt emneansvarleg har oversikt over vore god. Det er noko misnøye med pensum blant forelesarane, og ei revidering av dette er aktuelt.

Instituttet bør vurdere framtida til den obligatoriske øvingsoppgåva. I tillegg bør også pensum gjennomgåast på nytt.