HIS111 - emnerapport 2010 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Det meste av pensum ligg i boka ”Out of Many” som var tilgjengeleg frå semesterstart. Studentane er svært nøgde med denne boka, og dei har ikkje meldt om problem med pensum elles. Alle dei oppsette 15 førelesingane er gjevne, men eit arbeidsuhell gjorde at dei siste fem vart utskotne med ei veke, noko som medførte at den siste kolliderte med eksamen for nokre av studentane. Studentane er misnøgde med at det to siders arket med presentasjon av emnet og førelesingane ikkje vart utdelt før på tredje førelesinga. Dei ynskjer med andre ord studieorienteringa tidleg og i skriftleg form, ikkje berre på Mi side

Strykprosent og frafall



Karakterfordeling



Studieinformasjon og dokumentasjon



Tilgang til relevant litteratur



Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Undervisninga føregjekk i auditorium B på Sydneshaugen. Det er eit lyst og triveleg rom med gode akustiske forhold og med alt ynskjeleg teknisk utstyr. Førelesarane har ikkje brukt mikrofon og heller ikkje anlegget for Powerpoint, berre overhead. Det er blitt utdelt skriftlege samandrag av førelesingane, og dette er studentane godt nøgde med. Ingenting er lagt ut på Mi side, men studentane har på førespurnad fått samandraga til undervisning dei ikkje deltok i

Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Evaluering var gjennomførd på nest siste førelesing den 4. mai. Det deltok 39 studentar, som er mindre enn halvparten av det talet som stilte til eksamen den 18. mai. Frammøtet har i heile semesteret vore skuffande lågt, men dei som har stilt, har vore trufaste og gir svært god tilbakemelding på undervisninga.

Oppsummering av innspill

  Dei er gjennomgåande nøgde med det faglege utbyttet, men på dette emnet som elles går det som eit omkved at seminar med fagleiarar burde ha supplert førelesingane. Oppgåveskriving blir etterlyst, gjerne i tilknyting til mappeevaluering (i staden for skuleeksamen).

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Pensum bør reduserast, anten ved å ta bort titlar  eller ved å utelata fleire kapittel i ”Out of Many”. Ut frå dagens ressurssituasjon er det ikkje aktuelt å auka førelesingstalet eller å tilby seminargrupper med leiar. Gjennom dei tre gongene emnet har vore undervist (vårsemestera 2008-2010) har kvar førelesar heile tida endra og forbetra opplegget, og slik vil vi halda fram med å skreddarsy formidlinga.